Gå til innhold
Arkivverket

Erik Tomasson og Kari, Johanne og Brita Tomasdt., truleg ein søskenflokk på Laksevåg tidleg på 1700-talet – var dei barna til Tomas Kristofferson frå Husa i Kvinnherad?


Atle Onar Knapskog
 Del

Recommended Posts

Eg har ikkje funne prov for at desse var søsken, men det er nærliggjande å tru det ettersom dei ofte var fadrar i barnedåpar for kvarandre:

a. Erik Tomasson Laksevåg (-1737), fadder frå 1721, g. 1726 m. Marta Alfsdt. Rambeck.

b. Kari Tomasdotter, g. 1. g. før 1722 m. Johannes Mikkelson, Holen, Laksevåg, g. 2. g. 1737 m. Mikkel Paulson.

c. Johanne Tomasdotter Laksevåg (ca. 1706-1754), g. 1734 m. Lars Larsson, Fyllingen i Fana.

d. Brita Tomasdotter, g. 1735 m. Erik Nilsson (ca. 1705-1782) frå Damsgård/Laksevåg, busett på Florvåg, Askøy.

 

Det ser ut til at det kan ha vore fleire i søskenflokken òg, kan henda ei Maren og ein Paul.

 

 

Erik må truleg ha vore fødd så tidleg at han finst i manntalet frå 1701. Eg har ikkje funne nokon gode kandidatar til å vera han eller faren i nærområdet. Derimot finn eg ein Tomas Kristofferson med sonen Erik på Husa i Kvinnherad. Han fekk desse barna før han forsvann derifrå seinast 1709:

a. Erik (1697-)

b. Kari (1700-)

c. Anna (1703-)

d. Johanne (1707-)

 

Kan det vera at Tomas og familien har flytta til Laksevåg? Det er ein del samanfallande opplysningar her. Dessutan vart ein Tomas Kristofferson gravlagd i domkyrkjesoknet i 1733, men dessverre står det berre at han var "fra landet". Er det andre som har opplysningar om desse personane?

 

 

Endret av Atle Onar Knapskog
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.