Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Ole Ingebrigtson Sviggum, fødd 1810 - gardbrukar i Luster - jarnbanearbeidar i Christiania - dødsfallet hans i 1853?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ole Ingebrigtson Sviggum, døypt i Hafslo 19.4.1810, var gardbrukar på Søvde i Luster, men etter fleire dårlege år sist på 1840-talet laut han gå frå garden, og det vert fortalt at han fekk seg arbeid på jarnbanen i Christiania.

 

Kva som skjedde der borte, veit me ikkje, men det vert i Luster opplyst at han skal vera avliden hausten 1853 hjå husmann Haagen Knutson i Furuseteiget i Aker!

 

** Er det mogeleg å få ei stadfesting av dette dødsfallet?

 

** Er det mogeleg å finna fleire detaljar om lagnaden hans, til dømes under kva omstende han døydde og kor lenge han var jarnbanearbeidar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har nettopp blatt gjennom lista over avlidne i Aker prestegjeld for 1853, der eg mellom anna fann hundrevis av «koleralik» i august/september, men ingen Ole Ingebrigtson!  Kan han vera gravlagd ein annan stad?

 

So har eg blatt igjenom dødsmeldingane for Aker, og der finn eg noko som KAN vera interessant!  Om lag midt på siden er omskriven ein arbeidsmann Ole Sigdøhl(?), «formentlig af Bergens Stift», døydde på plassen Aasen under Øvre Furuset «af Cholera», dødsdato 17.8.1853:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/27358/58?indexing=

 

Denne karen finn eg òg i kyrkjeboki for Aker, men her er namnet retta til Ole Erikson Sigdal frå Sigdal prestegjeld (men det stod opphavleg «af Bergens Stift», 35 år:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/571/410?indexing=

 

FT1865 syner ein Haaken Knutson, enkjemann, fødd i Øyer 1793, busett i Åsen, tydeleg ein husmannsplass under Furuset søndre i Aker:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0218&kenr=014&bnr=0047&lnr=000

 

Eg er NESTEN SIKKER på at det er Ole Ingebrigtson Sviggum som «gøymer seg» attom dette dødsfallet på Furuset i Aker.  Eg finn då heller ingen Ole Erikson fødd i Sigdal som kan høva i alder..., men eg høyrer gjerne kommentarar på dette!  Kanskje finst det andre kjelder, til dømes frå jarnbaneverket, som kan gje oss supplerande opplysningar?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

 

PS: Eg meiner opplysningane som eg synte til i aftes frå Luster, stammar frå dødsmeldingsregisteret i Luster, men dette har eg ikkje for handi...

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.