Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder Pederson Døl - fødd kring 1742 - truleg i Lom? - vart konfirmert i Luster 1762 og var husmann her - kven var han? - kvar vart det av borni hans? - til Gulen/Solund/Askvoll?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som gjeld ein «Døl» (= gudbrandsdøl?) som i ung alder flytte over Sognefjellet for å busetja seg som husmann på ein plass «ved Sjøen» under Eide i Skjolden, Luster.

 

Skal me dømma etter namni på borni, KAN mor hans ha heitt Brit, men sikkert er dette på ingen måte...  Alderen ved 0nformasjonen gjev fødselsår 1742, medan han er 49 år dåm han vart gravlagd i Luster 3.6.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/204

 

Han gifte seg i Luster og fekk åtte born, men dei fire borni som voks opp, forsvinn alle (kan henda med eitt unntak?) frå bygdi i ung alder utan at eg har finne spor etter dei noko stad!  Det er mogeleg at eitt eller fleire av dei kan vera attendeflytt til Gudbrandsdalen, men eit mykje meir truleg flyttemål er ytre Sogn eller Sunnfjord (Gulen/Solund/Askvoll).  Kanskje nokon dreg kjensel på denne søskenflokken?

 

Her følgjer eit manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Pederson Døl, opphavleg frå

 

     ##### (rimelegvis frå Gudbrandsdalen, men kvar??)

 

     var son av

 

     ##### (foreldri hans? – kan henda Peder og Brit?)

 

     og f.

 

     ##### (dato og stad for fødsel/dåp? – kring 1742!)

 

     men kom tidleg til Eide i Luster som dreng, for han vart konfirmert her i 1762.  Han gifte seg i Luster 23.6.1765 med Martha Olsdotter frå Leirdalen.  Ho vart døypt 4.9.1740, men vart forerldrelsus i ung alder og kom som legdelem til Fortun.  Peder og Martha fekk først ein plass i Drægnishaugen under Drægni, men i 1767 flytte dei til Sjøen under Eide, og her d. Peder Døl og vart gravlagd 3.6.1784.  Truleg er Martha den Martha Olsdotter som d. som legdelem på Fortun og som vart gravlagd 19.10.1800.  Ho heldt nok i alle fall fram med plassen her ved Sjøen til kring 1792.  Peder Døl var stemnevitne i 1760‑ og 1770‑åri.  Me kjenner til åtte born etter Peder og Martha:

 1. Kari Pedersdotter (1765‑1765).

 2. Peder Pederson (1766‑1775).

 3. Britha Pedersdotter, døypt 20.8.1769,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Luster, men ei Britha Pedersdotter, 29 år, tente i 1801 på Bollingberg i Luster og vart gravlagd i Gaupne 10.1.1802, 32 år gamal – KAN vera ho?)

 

 4. Ole Pederson (1771‑1771).

 5. Ole Pederson, døypt 20.9.1772,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Luster – lagnaden hans? – ytre Sogn eller Sunnfjord?)

 

 6. Peder Pederson (1775‑1791).

 7. Tøger Pederson, tvilling, døypt 4.3.1779,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Luster – lagnaden hans? – ytre Sogn eller Sunnfjord?)

 

 8. Kari Pedersdotter, likeins tvilling, døypt 4.3.1779,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Luster – lagnaden hennar? – ytre Sogn eller Sunnfjord?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ser ein på kyrkjebøkene frå Lom, ser eg berre eitt eller kanskje to alternativ for Peder Pederson derifrå:

 

** Peder Pederson, døypt i Lom 27.12.1740, son av Peder Traastad-Ødegard, kan henda i Skjåk? https://media.digitalarkivet.no/view/9240/43

 

** Peder Pederson, døypt i Lom 26.9.1745, son av Peder Jevnem https://media.digitalarkivet.no/view/9240/69

 

Og ogso finn me eit alternativ i Vågå:

 

** Peder Pederson, døypt i Vågå 11.9.1740, son av Peder Brustuen: https://media.digitalarkivet.no/view/9247/26

 

Alternativet frå Traastad-Ødegard tykkjer eg personleg er det «beste» av desse...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Hei! 

 

Eg kan ikkje seia noko om kandidaten din frå Vågå, men han som er fødd på Jevnheim, døyr i alle høve fire år gamal, og vart gravl. 21.9.1749 frå Kittilstad.

 

Skulle Per Persson vera han som var frå Tråstadøygarden (eller Odden), så er dette det eg har på den huslyden - kor opphava til foreldra er nokså uviss, og òg lagnaden til borna: 

 

Kring 1738 – 1740

Per Sveinsson Sandnes, f. kring 1705 - kanskje i Vågå, gravl. 26.6.1740, nemnt 35 år gamal. Gift 27.12.1734 med Gunnhild Persdotter __, f. kring 1703, gravl. 10.2.1743 frå «Elve-Krogen», nemnt 40 år gamal. Per var nemnd Sandnes då han og Gunnhild vart trulova, truleg budde han der då – kausjonistane var Ola Andvord og Amund Brekk.

Born:

  1. Svein, dpt. 20.4.1738 frå Tråstadøygarden, d. __. [kanskje g. 2.7.1765 (nemnt Maurstad) med Eli Olsdotter – Rolv Sjurgard og Guttorm Graffer er kausjonistar] – (fadrane hans: Jon Tråstad, Jon Gjeilo, Hans Larsson Gutubø, Margrete Brekk, Ågot Sjugurdsdotter og Marit Øver-Holø).
  2. Per, dpt. 27.12.1740 frå Tråstadøygarden, d. __. Kom til ein plass kalla Sjøen under Eide i Lyster? (fadrane hans: Jehans Kjeka, Kristen Gløverstad, Morten Ånstad, Margrete Brekk og Katrine Sveen). 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Atle for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg veit ikkje noko meir.  Foreldri til Martha heitte Ole og Britha, so utifrå oppkallingstradisjonen BURDE mor til Peder ha namnet KARI (ikkje Brit som eg feilaktig har skrive i òpningsinnlegget mitt...), men dette kan me sjølvsagt ikkje alltid stola på.  Gunnhild-namnet ser me ikkje noko til i denne huslyden i Luster...

 

Det hadde vore spennande om «kandidaten» frå Brustuen i Vågå kunne oppsporast.  Kva heitte mori der, tru?

 

Men so fell augi mine på denne vigsli i Lom 25.5.1735:

 

Peder Pederson og Kari Sævaldsdotter Linsem: https://media.digitalarkivet.no/view/9240/18

 

Ved trulovingi 6.3.1735 er trulovarane Morten Linsem og Knut Flækøe: https://media.digitalarkivet.no/view/9240/17

 

I utgongspunktet ville eg venta at dette parfolket fekk ein son Peder, og her har mori «rett» namn.  Kanskje du Atle eller einkvan annan kan fortelja meg kvar det vart av dette siste parfolket?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om opphavet til Peder Døl!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi frå Gudbrandsdalen.

 

Er det nokon som dreg kjensel på paret som 25.5.1735 gifte seg i Lom, Peder Pederson og Kari Sævaldsdotter Linsem?  Hadde dei kan henda ein son Peder som flytte til Luster?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.