Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Torgersen (Thorkildsen) (1745-1800) - frå Luster til København - porselensarbeidar - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har no gjennomarbeitt manuskriptet mitt for denne norsk-danske huslyden som har vore drøfta før, mellom anna i dette emnet frå 2014:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/193507-nytt-om-anne-sophie-gathorp-og-johannes-torgersen-viet-i-kbhvn-1776/#comment-1638040

 

men legg no saki ut som nytt tema der alle vesentlege funn skal vera medkomne:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Torgerson (Hotlen), døypt i Luster 14.3.1745,

Johannes Torgersen flytte sist på 1760-talet som soldat til København og gifte seg i Garnisonskyrkja i København 9.8.1776 med Anne Marie Sophie Christiansdotter Gadow frå København.  Ho var dotter av Christian Gadow og kona Johanne Barbara Wester

 

##### (yrkestitel og opphav? – var han kan henda skreddar? – MyHeritage synest ha fleire opplysningar!?)

 

og vart døypt i St. Petri, København 25.8.1755.  Etter end militærteneste vart Johannes arbeidsmann og skal ei tid ha vore tilsett ved porselensfabrikken i København der han d. 21.5.1800.  Anne d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – København etter 1801 – mannen gravlagd Garnison, Kbh.!)

 

Dei fekk fem døtrer i lag, som etter kvart endra ættenamnet til Thorkildsen:

a. Anne Elisabeth Thorkildsen, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1777!)

 

     ##### (nemnd 1787 – lagnaden hennar?)

 

b. Else Marie Thorkildsen, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1781!)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1840!)

 

     gifte seg i Garnison, København 22.5.1803 med Johannes Hanssen Dryberg frå København, døypt i Vor Frue, København 27.12.1780.   Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1850!)    

 

     Johannes Dryberg var skomakarsvein, og han og Else budde levetidi ut i København. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Anne Dorthea Elisabeth Dryberg, f. Garnison, København 1.12.1803

            * Anne Dorthea Elisabeth Dryberg, f. Helligaand, København 5.9.1808

            * Johanne Jacobine Dryberg, døypt Vor Frue, København 15.5.1814)

 

c. Johanne Juliane Marie, kjend som Juliane Thorkildsen, døypt i Garnison, København 10.9.1784, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1850!)

 

     Juliane gifte seg i Garnison, København 25.5.1810 med søskenbarnet August Heinrichson Behr frå København, f. St. Petri, København 27.6.1774.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1850!)

 

     ##### (vidare lagnad? – 1850: Juliane Marie Beer, enkjehusstyrar København, enkje)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Harald Julius Leopold Behr, døypt St. Petri, København 22.2.1812 – gift Odense 13.9.1858 med

               Sophie Eline Hyldgard – busette 1860 i Aalborg  fattighusstyrar

            * Emilie Caroline Fredrikke Behr, døypt St. Petri, København 11.1.1818 – gift København 31.10.1851 med Carl Andreas Islin, målarmeistar

            * Sophia Florentina Theresa Behr, døypt St. Petri, København 3.7.1820 –n. 1850 ugift med mori

            * Peter Maximilan Waldemar Behr, døypt St. Petri, København 7.9.1822 – gift København 28.5.1852 med Karen Marie Olsen – busette 1880/1885 i København – urtekræmar)

 

     ##### (NB: ei Juliana Maria Torkelsen gifte seg i Garnison 10.3.1816 med arbeidsmann Peter Bentzen – må vel vera ei «namnesøster»!?)

 

d. Anne Fredrikke Thorkildsen, døypt i Garnison, København 31.10.1790,

 

     ##### (nemnd 1801 – lagnaden hennar? – ei Ane Frederikke Terkelsen, 31 år, gifte seg i Vor Frue, København 2.7.1824 med ungkar og fhv. bokhaldar Peter Nissen Gøeg, 67 år – kan det vera ho?)

 

e. Inger Christiane Dorothea Thorkildsen, f. i Garnison, København 16.4.1795,

 

     ##### (nemnd 1801 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er berre to av dei fem døtrene me so langt har greidd å følgja vidare utover 1801, med mindre den nemnde Anne Frederikke Terkelsen som gifte seg i Vor Frue i 1824, òg høyrer til denne huslyden?

 

Me kan vel vera minst 95% sikre på at me her har finne den «rette» Johannes Torgersen i København, MEN eg har lyst til å henta fram to andre «kandidatar» som eg har hatt liggjande på teiknebrettet i mange år:

 

~~~~~~~~~~

 

FT1787 for København syner nemlig denne huslyden:

 

Johanes Torgesen, 47, Hosbonde, Mat.1.Divis.7.Comp.No.75

Else Kerstine, 49, Hans Kone

Ingen born er nemnde.

 

~~~~~~~~~~

 

Og eg har òg i FT1801 finne denne karen:

 

Johan Noer, 60, Enke(mand), Ved Porcel.Fabr!

 

~~~~~~~~~~

 

MEN, medan Johannes Torgersen omskriven først i dette emnet hadde ein «perfekt» alder i 1787, ser me at dei to andre er ein del år eldre!!

 

Kanskje er det komme til nye lesarar sidan 2014 som kan bidra med fleire opplysningar om denne huslyden, og eg vil sjølvsagt vera kjempeglad for kvar einaste vesle detalj som måtte dukka opp frå mørkret!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×