Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Mads Jacobson Hove - fødd i Eikefjorden, Kinn 29.8.1870 - utvandra i 1878 til Iowa - opphavet hans og til foreldri hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei ny utfordring frå Amerika:

 

Mads Jacobson Hove, i Amerika kjend som Matt Howe, vert oppgjeven fødd «nær Bergen» 28.8.1870.  Foreldri skal ha vore Mads Jacobson(!) og Nilla Marie, og huslyden skal ha utvandra til Iowa i 1878 eller 1879.  Matt døydde i St. Paul, MN 1.5.1957.

 

Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut:

 

** Nøyaktig fødestad for Mads? - Sjekka at fødselsdatoen stemmer?

 

** Fulle namn på foreldri hans med yrkestitel, bustad og opphav?

 

** Korrekt utvandringsår?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

? - https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWLT-HZQ

 

1870_Mads J.png

 

# 120 - Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 6 (1857-1885), Fødte og døpte 1870, Side 166, Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070112350486

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Utflytting fra Svarthumble, Kinn, april 1878 - # 22 osv - Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 15 (1860-1883), Inn- og utflyttede 1878, Side 32, Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070115310683

 

Mads Henrik Jacobsen f. 1828

Nille Madsdtr f. 1833

Nikolai Jacob f. 1863

Marthinius? Johan f. 1866

Mads Ananias f. 1871

Marie Karoline f. 1873

Jacob Berthinius f. 1876

 

Emigrasjon - https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000659879

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=3895&merk=3895#ovre

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for kjempefine innlegg!

 

Ingen tvil om at du har finne den «rette» husyden, og ved nærare undersøkjingar finn eg desse foreldri i 1865 som plassfolk under Svarthumle i Eikefjorden, Kinn: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038268006323

 

Og her er vigsli til foreldri i Kinn 8.7.1863: https://media.digitalarkivet.no/view/6894/67

 

Her ser me at Nilla Marie var frå Hove i Naustdal, og dette må vel vera foreldri hennar i FT1865, husmannsfolk under Hove i Naustdal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038267005596

 

Foreldri til Mads skal ha vore husmannsfolk under Svarthumle, men eg finn dei ikkje i FT1865.  Derimot har me dåpen til Mads Henrik, fødd 22.1.1830: https://media.digitalarkivet.no/view/11534/93

 

Her oppstår då følgjande spørsmål som ein truleg lyt ha lokal kunnskap eller tilgjenge til ei bygdebok for å kunna svara på(?):

 

** På kva for ein plass under Svarthumle i Eikefjorden, Kinn budde Mads Henrik og Nille Marie?

 

** På kva for ein plass under Svarthumle i Eikefjorden, Kinn budde foreldri til Mads, Jacob Torgerson og Britha Hansdotter - kan henda same plassen?

 

** På kva for ein plass under Hove i Naustdal, Førde budde foreldri til Nille Marie, Mads Nilsson og Cathrine Monsdotter?

 

Ein ny kjempetakk til Egil for framifrå bistand so langt med å kartleggja opphavet til Matt Howe!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort
4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** På kva for ein plass under Hove i Naustdal, Førde budde foreldri til Nille Marie, Mads Nilsson og Cathrine Monsdotter?

 

Hovskletten under bnr 1, Hove ifølge Naustdal bygdebok : gards- og ættesoge. B. 2 : Gnr. 100-153

Det blei litt krøkkete å kopiere...

Hovskletten_1.jpg

Hovskletten_2.jpg

Endret av Åsbjørg Susort

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Åsbjørg for interessant og nyttig innlegg!

 

Då er spørsmålet frå Naustdal løyst.

 

Når det gjeld Eikefjorden og Kinn, er eg usikker på om det der finst noki bygdebok å bla i?  Kanskje lyt ein stola på einkvan som sit med lokal kunnskap?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å kasta meir ljos over det norske opphavet til denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Åsbjørg for siste innlegget!

 

Jau, eg trur so sanneleg at du kan ha rett i at dette er foreldri til Mads som pakta Hofland i 1865.  Kanskje flytte dei dit som paktarar etter at Mads og Nilla tok over plassen under Svarthumle?  Men sikker er eg ikkje, for Mads og Nilla hadde ei kårkone Synneva Olsdotter buande hjå seg i 1865..., som KAN ha vore plasskone der før dei...

 

Jacob Torgerson er forresten kalla innerst på Hoflandshavn då han døydde 27.8.1875: https://media.digitalarkivet.no/view/6897/59

 

Truleg er det kona hans den innerstenkja Britha Larsdotter som døydde same staden 30.12.1875: https://media.digitalarkivet.no/view/6897/62

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
På 15.6.2017 den 3.58, Egil Johannessen skrev:

Familien i census 1895, Iowa

(Nille står som Gjertrude?)

 

1895_Census.png

 

Gjertrude Jacobsen er trolig identisk med nummer 24:

 

Hordaland fylke, Sund, Austevoll, Møkster, Fjell i Sund, Ministerialbok nr. A 12 (1825-1835), Fødte og døpte 1830, Side 48
Permanent bilde-ID: kb20070521630299
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070521630299
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070521630299.jpg

 

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000660113

 

 

http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=FS1IAMarriages&indiv=try&h=3657226

 


 

gj.jpg

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for spennande og interessante innlegg!

 

Eg ser at Mads og Gertrude Jacobson er skrivne som farmarar i Glenwood township, Winneshiek Co., IA til og med 1910, opg det ser fpr meg ut som om Mads døydde i St. Paul, MN 7.8.1914, medan Gertrude d. i Becker Co., MN 12.11.1917.  Me veit at Matt Howe budde i St. Paul, MN, og kanskje hadde Gertrude born av første ekteskapet sitt som budde i Becker Co., MN...?  Ifølgje FT1900 og FT1910 hadde ho TO born som framleis levde...

 

Eg ser forresten at Gjertrud var enkje «Søreide» då ho utvandra i 1878.  Kan henda var det ho som i 1865 framleis var ugift i Austevoll: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1245&kenr=006&bnr=0041&lnr=000

 

Vel, «hovudutfordringane» her er framleis spørsmåli frå innlegg #5 ovanfor:

 

** På kva for ein plass under Svarthumle i Eikefjorden, Kinn budde Mads Henrik og Nille Marie?

 

** På kva for ein plass under Svarthumle i Eikefjorden, Kinn budde foreldri til Mads, Jacob Torgerson og Britha Hansdotter - kan henda same plassen?

 

men det vert sikkert ikkje so lett å få svar på desse...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torodd for siste innlegget i dette emnet frå fredag.

 

Det ser diverre ikkje ut til at det skal vera so enkelt å «definera» husmannsplassane under Svarthumle...  Det som er faren her, er at ingen har samla detaljopplysningar om dei gamle plassane i bygdi, og då KAN kunnskapen om desse vera gått tapt...?  Men lat oss vona at ein eller annan sit med desse opplysningane...

 

Eg har forresten motteke dødsattesten til Mads Jacobson frå St. Paul, MN, og som me ser, er sonen Matt Howe informant.

 

Eg har òg motteke ein kopi av dødsattesten til ho som eg TRUR var andre kona til Mads Jacobson, men eg er ikkje sikker.  Kan A. O. Larson identifiserast som son eller svigerson hennar?

 

Ein ny kjempetakk for alle opplysningar om husmannsplassane under Svarthumle i Kinn!

Mads Jacobson death.jpg

Gertrude Jacobson.jpg

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×