Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Har fått et spørsmål fra USA om hvordan arveloven var i Norge rundt 1900; spesielt hvilke rettigheter barn født utenfor ekteskap hadde sammenlignet med ektefødte, og hvilke rettigheter døtre hadde i forhold til sønner.

Noen som har kunnskap på dette feltet ? 

På forhånd takk !

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/211866-arv/
Del på andre sider

Det spørs kor langt du tøyer "rundt 1900".....

 

Frå 1854 var det lik arverett for døtre og søner.

Fram til 1854 arva døtre halvdelen av det ein son arva. (Men døtre kunne få heimafølgje når dei gifte seg. Det kom utanom arven, og teorien var at ei dotter som gifte seg kunne få like mykje som ein son.).

Det var særlege reglar for odelsrett, når dette var aktuelt.

Det var også særlege reglar for arv ved testament.

 

Før 1915 fekk uektefødde arv etter mor si (og morsslekta). Uektefødde fekk halv arv samanlikna med ektefødde halvsysken.

Dei fekk også arv etter far, dersom han hadde tinglyst farskapen. (Det var vistnot ikkje så vanleg).

Etter 1915 skulle uektefødde få arv på linje med ektefødde.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/211866-arv/#findComment-1783708
Del på andre sider

9 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Men døtre kunne få heimafølgje når dei gifte seg

 

Er det dette som er omtalt som bryllaupsgjerd?

 

9 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Før 1915 fekk uektefødde arv etter mor si (og morsslekta). Uektefødde fekk halv arv samanlikna med ektefødde halvsysken.

 

Vil det seie det same som at ein ikkje vil finne uektefødde born i skifte etter farsida (utan at farskapen var tinglyst)?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/211866-arv/#findComment-1783814
Del på andre sider

7 hours ago, Torbjørn Igelkjøn said:

 

Er det dette som er omtalt som bryllaupsgjerd?

 

 

Bryllaupsgjerd er eigentleg å "lage bryllaup", altså tilbuing og gjennomføring; men ja - det vert også nytta om heimafølgjet.

 

 

7 hours ago, Torbjørn Igelkjøn said:

Vil det seie det same som at ein ikkje vil finne uektefødde born i skifte etter farsida (utan at farskapen var tinglyst)?

 

Ja.   (Dei kan vere nemnde, men ikkje som arvingar og har ikkje noko rolle i skiftet.)

 

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/211866-arv/#findComment-1783878
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.