Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Skiftemateriale i Bergen ?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

I samband med tråden i Brukarforum om Lemmichen-familien er vi temmeleg sikre på at det vil vere ting å finne i skifta i Bergen før 1750.

Men det er ikkje heilt enkelt å finne ut kva som er tilgjengeleg på området - og ikkje minst kva som finst av register, slik at ein slepp å leite gjennom alt frå perm til perm.

 

Er det muleg å få vite litt om dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Olav Holvik

På lesesalen i Bergen har vi eit register til skifteprotokolllane for Bergen 1716-1826.

Du kan og sjå om du finn noko i skifteavskriftene til Sollied: 
https://www.digitalarkivet.no/search/9/100099

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesbok&bokid=solliedskift
 

Den fyrste skifteregistreringsprotokollen til Bergen byfogd og byskrivar går frå1695, medan skifteprotokollane tek til i 1716. 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for svar! Sollied er tråla frå ende til annan, men han har tydelegvis berre eit utval.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Er det muleg å få gjort oppslag i dette skifteregisteret?

 

Det er mange vi kan ha lyst til å sjå etter - til dømes denne bakaren og kona hans frå Koppskatten 1689. 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=kopp1689&gardpostnr=1894&merk=1894#ovre

 

Kona er kalla Anne Hansdtr i 1683.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Finst det planar om å skanne dette registeret og/eller dataregistrere det?

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Olav Holvik
På 19.6.2017 den 19.09, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Er det muleg å få gjort oppslag i dette skifteregisteret?

 

Det er mange vi kan ha lyst til å sjå etter - til dømes denne bakaren og kona hans frå Koppskatten 1689. 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=kopp1689&gardpostnr=1894&merk=1894#ovre

 

Kona er kalla Anne Hansdtr i 1683.

 

Einaste Peder Monsen eg finn i registeret er ført inn i skifteprotokollen som dekker perioden 1796-1826. Så lenge levde vel ikkje din kandidat. Vi finn 5 variantar av  Anne Hansdatter frå 1737-1772. Veit du kva tid ho døydde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Vi vet vel strengt tatt ikke om denne bakeren og kona hans har noe med Lemmichen slekten å gjøre, og såvidt jeg vet har vi ingen opplysninger om kona hans heller.

 

Det vi imidlertid gjerne kunne ha tenkt oss å få hjelp til, er om noen vil sjekke skifteregisteret dere har på lesesalen etter skifter på Lemmichen/Blydt og Plydt (Plytt/Plyth) og så gi oss opplysninger om skifterefferansene (protokoll og side) slik at vi selv kan sjekke disse skiftene digitalt. Det ville ha vært flott. Det blir fryktelig tungvint å sitte å bla på måfå i skiftene uten å vite hvor disse befinner seg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×