Lars E. Øyane

Helge Jochumson - fødd i Luster 1829 - sjømann i Bergen, men deserterte i Amsterdam i 1857 - kvar kan det ha vorte av denne karen?

1 innlegg i emnet

Helge Jochumson var fødd i Luster 17.3.1829 som son av Jochum Jensson (1793-1857) og kona Rannei Helgesdotter (1790-1864), husmannsfolk på plassen Gjelseng under garden Sørheim i Luster: https://media.digitalarkivet.no/view/11591/52

 

Helge fekk i 1851 attest hjå soknepresten i Luster for å reisa ut som sjømann: https://media.digitalarkivet.no/view/8401/210

 

Han skal sidan ha vore busett hjå søsteri Bertha i Landaassmuget i Bergen.  So kjem det fram (kjelda til dette hadde eg tidleg på 1980-talet, men er no utilgjengeleg!) at han hausten 1857 deserterte frå båten han siglde med, medan dei var i Amsterdam.  Etter den tid er det ikkje noko meir å sjå til mannen korkje i Luster eller i Bergen!

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut kva lagnad Helge fekk?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!


Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.


Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive