Gå til innhold
Arkivverket

Ancestry.com - kollektivt medlemskap for medlem av Brukarforum?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hei!

 

Eg opplever stadig vekk at fleire av dei fantastisk gode hjelparane i Brukarforum nyttar FamilySearch for å løysa utfordringar som har tilknytting til utvandring til Amerika.  MEN, det er no ein gong slik, at sjølv om FamilySearch inneheld det meste og faktisk òg kjelder som manglar hjå ancestry.com (som til dømes kyrkjebokbasar frå store delar av verden og enkelte vigselsdatabasar frå California), so er det langt fleire kjelder som me berre finn hjå ancestry.com.  Særleg viktig er tusenvis av kyrkjebøker frå det norske Amerika som faktisk er søkbare hjå ancestry!  Ei anna super kjelde hjå ancestry er skifted0kument frå store delar av dei norske settlementområdi i Midt-Vesten.

 

Hadde det vore ein tanke å forhandla med ancestry.com om eit kollektivt basismedlemskap som alle medlem av Brukarforum fekk nytta etter behov?

 

Eg veit ikkje ein gong om noko slikt er mogeleg å få til, men ancestry.com er klar over den viktige rolla Digitalarkivet spelar når det gjeld ættegransking i Noreg, so det kunne vel vera verd ein freistnad - i det minste for å høyra kva det ville kosta?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Jau, eg er samd med deg, Helge, i at ancestry er business, men me lever i eit samfunn der me ville ha store vanskar med å «overleva» om me berre skulle nytta gratistenester for alt me ønskjer.

 

Uansett kva hobby/aktivitet ein deltek i, vil ein alltid råka fram i aktørar som tenar peng.

 

* Om du sym i eit badebasseng, må du betala inngongspeng til ein kommersiell aktør, anten det er ein kommunal verksemd eller ein privat.

 

* Når du fyller bensintanken på bilen din for å køyra til Riksarkivet, betalar du peng til ein kommersiell aktør, bensinselskapet...

 

* Tek du toget til Oslo, er det nokon som tenar på det...

 

* Har du internett, er det òg nokon som tener på det...

 

Diverre er det langt mellom dei fritidsaktivitetane som vert drivne i offentleg regi og som berre vert finansiert av statskassa, kommunen eller andre organisasjonar.  I Cannes, der eg for tidi oppheld meg, er det til dømes gratis å ta bussen innanfor bygrensa, og det er gratis å nytta den offentlege badeplassen for funksjonshemma som heile dagen frå juni til september er betjent av kommunalt betalte fagpersonar som står til teneste med all den hjelp du treng, og det gjeld anten ein bur i Cannes eller i vetle Noreg!  Her er dette rekna som eit offentleg ansvar!

 

Digitalarkivet er ein offentleg finansiert teneste som me alle nyter godt av, til beste for alle, og me har eit Brukarforum der alle hjelper alle på eit eineståande vis.  Dessutan har me FamilySearch som ei gratis teneste som vert finansiert av mormonarkyrkja, til beste for alle.  Det finst òg eit uttal andre tilbod, både i Noreg og i Amerika, som vert finansierte av ulike organ, og som er til gratis bruk!  Ættegranskingshobbyen innehar soleis etter mitt syn ei særstilling der me får ganske mykje att utan å leggja ut ein einaste krone, utover internettkostnaden...

 

Men etter mitt syn har ancestry so mykje å by på av verdifulle kjelder, som elles ikkje ville ha vore tilgjengelege, at eit medlemskap der er vel verdt dei pengane eg betalar, og denne medlemskapen gjer det mogeleg for meg å produsera bygdebøker som er langt meir fullstendige enn dei eg elles kunne ha skrive.  Eg vil dessutan nemna at eg til saman har tilbragt bortimot eitt år i Amerika, mellom 1973 og 2000, for personleg å samla slektsdata om fleire tusen emigrantar frå Luster kommune, med reising gjennom store delar av Midtvesten.  Med dei kjeldene som i dag er tilgjengelege online, gjennom ancestry og andre, kunne eg ha spart meg det meste av denne reisingi, og eg ville ha spart titusener av kroner...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.