Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ella Marie Lien (1892-1914) - gift 1913 med Elmer J. Clark (1885?- ) - ei amerikansk utfordring - North Dakota - California?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei sak som eg har hatt liggjande ei tid, men der eg tross ymse freistnadar i Amerika ikkje er komen noko lenger.  Kanskje Brukarforum kan hjelpa?

 

Erik Evenson frå Myren i Rennebu, i Amerika kjend som Erick E. Lien (1860-1955) utvandra 1880 og gifte seg i Wahpeton, Richland Co., ND 28.5.1891 med Martha Andersdotter frå Urnes i Hafslo (1870-1918).  Dei farma i Abercrombie township, Richland Co., ND til dei i 1911 slo seg ned som farmarar i McKinley township, Cass Co., MN.  Dei fekk åtte born i lag, men denne utfordringi gjeld eldste dotteri:

 

Ella Marie Lien, fødd i Richland Co., ND 17.5.1892, gifte seg i Cass Co., MN 30.12.1913 med Elmer J. CLARK «of Cass Co., MN», 28 år gamal.  Elmer budde kan henda i Cass Co., MN i 1913, men han er ikkje å finna der korkje i 1910, 1905 eller 1900, so han er tilflytt!

 

Kort etter vigsli flytte Elmer og Ella attende til Abercrombie, Richland Co., ND, kan henda til farmen ho var oppvaksi på(?), men Ella døydde der alt 14.10.1914, og Elmer «forsvinn»  https://apps.nd.gov/doh/certificates/deathCertSearch.htm

 

** Kanskje ein obituary eller liknande kan finnast for Ella Clark??

 

Slektningane hennar i Minnesota veit ikkje om ho hadde born, og dei veit heller ikkje kvar det vart av Elmer!

 

MEN, eg har finne ein person som KAN vera same Elmer:

 

Elmer Joseph CLARK, fødd i St. Louis, MO 27.12.1884, døydde i San Francisco, CA 9.7.1941.  Denne Elmer vart gift (andre gongen) kring 1915/1916, truleg i nordlege California(?) med:

 

Edith Grace PAYNE, fødd i San Joaquin(?) Co., CA 2.11.1894, døydde i San Francisco, CA 14.4.1941.

 

Denne Elmer var støyperiarbeidar (foundry moulder) og han og Edith flytte hyppig på seg, men døydde altso båe i San Francisco, CA!

 

* WW1 draft: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-91WS-94XV?i=1484&cc=1968530

 

* 1920 census: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6M-998Y?i=36&cc=1488411

 

* 1930 census: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR46-QQ7?i=4&cc=1810731

 

* 1940 census: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9MT-D7QQ?i=11&cc=2000219

 

* Dødsfallet hans: https://familysearch.org/search/record/results?count=20&englishSubcountryName=California&query=%2Bgivenname%3AElmer~ %2Bsurname%3AClark~ %2Bdeath_year%3A1941-1941~ %2Brecord_country%3A"United States" %2Brecord_subcountry%3A"United States%2CCalifornia" %2Brecord_type%3A(2)

 

* Dødsfallet hennar: https://familysearch.org/search/record/results?count=20&englishSubcountryName=California&query=%2Bgivenname%3AEdith~ %2Bsurname%3AClark~ %2Bdeath_year%3A1941-1941~ %2Brecord_country%3A"United States" %2Brecord_subcountry%3A"United States%2CCalifornia" %2Brecord_type%3A(2)

 

Kanskje let det seg gjḛra finna fleire detaljar om Elmer og andre kona Edith?

 

Òrsaki til at eg har god tru på at denne Elmer Joseph er den same personen som den Elmer J. som var gift med Ella Lien, er følgjande:

 

FT1930 syner at Elmer gifte seg første gongen 27 år gamal, d.v.s. 1913, medan Edith gifte seg første gongen 20 år gamal, d.v.s. 1915!  Ekteskapet med Ella varte jo berre i 10 månadar!

 

Det hadde vore SVÆRT viktig å finna vigsli til Elmer og Edith!!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i denne saki!

 

PS: For å «hjelpa på», har eg no leitt opp dei fleste linkane to gongar, på ancestry.com (som er mykje enklare) OG hjå FamilySearch, og vonar dette hjelper...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Hei, Lars

Dette er neppe din Elmer J Clark som var gift i 1913 med Ella Marie Lien.

 

Denne Elmer J Clark, var gift 17 Apr 1907 med Jenny født Cordano (1885-1950) . Foreldrene hans var Henry Wilford Clark og Celina Labee.

Skilsmisse innvilget Jenny og Elmer iflg LA Times 29 Feb 1920.

 

Household Members:   Home in 1910:   Los Angeles Assembly District 73, Los Angeles, California

Elmer J Clark, 30,  Jennie Clark, 28, Della E Dorst  8

Jenny var gift 1900 og skilt 1905 fra Charles Darst, de hadde Della Darst f 1902. Kalles Jenny Avin også i avisen ved vielsen til Elmer i 1907.

I 1920 bor Jennie og Della Clark, skilt, i Losa Angeles, hos hennes søster og mann,  George og Teresa Shingle.

 

LA Times, 15 Oct 1919:   Jennie  vitner i en utroskapssak mot sin mann Elmer J Clark for ”statutory charges”,  damen involvert var den gifte Edith De Sallier

 

Name   Elmer J Clark

Event Type         Marriage

Event Date         17 Apr 1907

Event Place        Los Angeles, California, United States

Age        27

Birth Year (Estimated)   1880

Spouse's Name                Jennie Avin

Spouse's Age    24

Spouse's Birth Year (Estimated)               1883

 

Name:  Jennie A Richards

[Jennie A Cordano]

Birth Date:          9 Jul 1885

Birth Place:         California

Death Date:       11 Jun 1950

Death Place:      Los Angeles

Mother's Maiden Name: Coreghino

Father's Surname: Cordano

 

mvh Stine Kvistad

 

 

LA Times 15 Oct 1919 p 23.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Hei, 

 

Kanskje en kandidat, selv om alder ikke stemmer med vielsen, denne Elmer var 19 år i 1913.

 

Name    Elmer L Clark
Birth Iowa  Jun 1894
Residence    1900 Byron, Cass, Minnesota

 

Name    Elmer Lloyd Clark
Event Type    Birth
Event Date    15 Jun 1894
Event Place    Webb, Clay, Iowa, United States
Father's Name    Samuel H Clark
Mother's Name      Bessie Binning

 

 

Name:    Elmer Lloyd Clark
Birth Date:    15 Jun 1894
Death Date:    16 May 1975
Death County:    Red Lake
Mother's Maiden Name:    Binning

 

Name    Elmer L Clark
Event Type    Marriage
Event Date    10 Jan 1917
Event Place    Watonwan, Minnesota, United States
Spouse's Name    Mary L Haeska


Home in 1920:    Garfield, Clay, Iowa
Home in 1930:    Germantown, Cottonwood, Minnesota

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=68867658&ref=acom

 

mvh Stine

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Stine for skikkeleg spennande og utfordrande innlegg!

 

WW1-draftet til Elmer Joseph Clark seier berre at han hadde ei kona å forsørgja, men namnet hennar vart ikkje oppgjeve, og når eg no les om denne «utruskapssaki», so ser eg heilt klart at du etter alt å dømma må ha rett:

 

Edith G. De Sallier dukkar opp i San Francisco, CA city directory i 1916 attåt elektrikar George A. De Sallier, som eg vil gissa på er mann hennar: https://www.ancestry.com/interactive/61066/sanfranciscocounty_15-0609b?pid=7132012&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx2453%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-g%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DEdith%26gsfn_x%3DNP_NN_NIC%26gsln%3DDe%20Sallier%26gsln_x%3DNP_NN%26msypn__ftp%3DCalifornia,%20USA%26msypn%3D7%26msypn_PInfo%3D5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C7%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msypn_x%3D1%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26catbucket%3Drstp%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3DROOT_CATEGORY%26h%3D7132012%26dbid%3D61066%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D3&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx2453&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Edith G. De Sallier må då vera identisk med Edith Grace Payne og har gift seg med Elmer etter at han vart skild frå Jennie!

 

Det einaste som «skurrar» for meg, er alderen til Elmer Joseph Clark, både ved vigsli i 1907 og i FT1910.  Kan han ha «ljuge» på seg ein fire/fem år!?

 

Når det so gjeld Elmer J. Clark frå vigsli i Cass Co., MN i 1913, so er han oppgjeven med ein alder på 28 år, og mellombokstaven synes heilt klar, J., so om han kan vera identisk med Elmer Lloyd Clark, som var berre 19 år ved vigsli i 1913, det er eg svært usikker på...  Ifølgje FT1930 oppgjev han 22 år som alder ved første vigsli, og det må då ha vore med kona Mary...  (sjølv om me ikkje alltid kan stola på dei aldrane som vert oppgjevne i FT1930...  eg har uansett notert meg Elmer Lloyd som ein «kandidat»!)

 

Eg er svært takksam for at «problematikken» kring Elmer Joseph Clark i California endeleg synest vera avklart, so då er det «ut på leiting» etter ein ny «kandidat» som kan høva som ektemann til Ella Marie!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand so langt!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×