Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anna Monsdotter Haugen (Kinserdahl), fødd i Hafslo 1832, utvandra i 1854 og levde i Becker Co., MN i 1900 - lagnaden hennar? - kan henda til Kootenai Co., ID?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Anna Monsdotter Haugen (Kinserdahl) var fødd i Hafslo 5.2.1832 som dotter av Mons Nilsson og Martha Johannesdotter, husmannsfolk i Haugen i Kinserdalen under Urnes i Hafslo: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/72

 

Anna utvandra til Amerika i 1854 (#36): https://media.digitalarkivet.no/view/6870/11

 

Det første me ser til ho der borte, er frå kyrkjebokin i Perry Lutherran church, Dane Co., WI der ho 2.6.1859 døyper ei «uekte» dotter Martine Anna, fødd 17.6.1857.  Som barnefar er oppgjeven Frans Picuwers eller Picuwis(?) (svært vanskeleg å tyda!) - denne linken finst diverre berre hjå ancestry.com: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314952-00679?pid=826230&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx2426%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3Delcabmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1859%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3DWisconsin,%20USA%26msbpn%3D52%26msbpn_PInfo%3D5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C52%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3DPAS%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DFran*%26msfng_x%3D1%26msmng%3DAnn*%26msmng_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_BIRTH%26fh%3D3%26h%3D826230%26recoff%3D%26ml_rpos%3D4&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx2426&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Anna gifte seg so i Dane Co., WI 7.2.1864 med Johannes Torstenson Barsnes, fødd i Sogndal 11.1.1827, utvandra 1855.  Eg finn dei att som farmarar i Blue Mounds township, Dane Co., WI

 

1870 (finn dei diverre ikkje hjå FamilySearch, her hjå ancestry.com) som J. T. Barsnes (44 Norway) med kona Anna (37 Norway) og dotteri Martha: (12 Wisconsin): https://www.ancestry.com/interactive/7163/4268446_00146?pid=14791092&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx2428%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DAnna%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1832%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26msbpn__ftp%3DNorway%26msbpn%3D5173%26msbpn_PInfo%3D3-%7C0%7C1652381%7C0%7C5173%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msrpn__ftp%3DBlue%20Mounds,%20Dane,%20Wisconsin,%20USA%26msrpn%3D53341%26msrpn_PInfo%3D8-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C52%7C0%7C816%7C53341%7C0%7C0%7C%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26h%3D14791092%26dbid%3D7163%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx2428&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

1880 (frå FamilySearch) (her er dotteri oppgjevi fødd i Illinois): https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBG-9QSG?i=6&cc=1417683

 

I 1880 har dei òg ein forsterson John Olson på 9 år, fødd i Wisconsin.  Han veit eg ikkje noko meir om.

 

So må noko ha skjedd, for i 1884 selde dei farmen deira og gjekk tydeleg «kvar til sitt»!  John Barsness flytte til Buffalo Co., WI der han døydde 19.6.1906.

 

Anna, som sidan kalla seg Anna Thompson(!) dukkar opp med dotteri Martha Vanborg i 1895 som farmarar i Spruce Grove township, Becker Co., MN: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DR79-F21?i=1&cc=1503031

 

Fødestaden for Martha er oppgjeven til Harding, IL, ein liten by i LaSalle Co., IL.  Dei har ei fosterdotter Bertha Thomas, som syner seg vera fødd i Otter tail Co., MN i 1884 av tyske foreldre.

 

Dei bur der òg i 1900: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DHF7-6J9?i=7&cc=1325221

 

men i 1901 selde Martha farmen i Spruce Grove township, Becker Co., MN.  Eg mistenker dei for å vera flytte kort tid etter til Cour d'Alene, Kootenai Co., ID, men finn ikkje spor etter nokon av dei i FT1910.  Derimot finn eg at Martha Vanborg døydde i Kootenai Co., ID 22.6.1916: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTKT-7K?i=154&cc=1546448

 

På dødsattesten er farens namn oppgjeve til Fredrik Vanborg!  Informant er fetteren J(acob) Wicks.

 

«Hovudutfordringar» her er:

 

** Dato og stad for dødsfallet til Anna Monsdotter Barsness Thompson?

 

** Kven var far til Martiune Anna «Martha» Vanborg?

 

** Kvar var Martha og eventuelt mori Anna i FT1910?

 

** Ifølgje FT1900 skal Anna ha hatt TO born, men berre eitt var ilive.  Kven kan det andre barnet ha vore?  Kan John Olson ha vore hennar son??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden og vonar at nokon greier løysa desse flokene...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

 

Anna gifte seg so i Dane Co., WI 7.2.1864 med Johannes Torstenson Barsnes, fødd i Sogndal 11.1.1827, utvandra 1855.  Eg finn dei att som farmarar i Blue Mounds township, Dane Co., WI 1870 (finn dei diverre ikkje hjå FamilySearch, her hjå ancestry.com)

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN9W-2R6

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WL9-FBK?i=26&cc=1438024

 

J T Barsnes

United States Census, 1870
Name J T Barsnes
Event Type Census
Event Year 1870
Event Place Wisconsin, United States
Gender Male
Age 44
Race White
Race (Original) W
Birth Year (Estimated) 1825-1826
Birthplace Norway
Page Number 27
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
J T Barsnes   M 44 Norway
Anna Barsnes   F 37 Norway
Martha Barsnes   F 12 Wisconsin
 
 
Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Sletter denne også. 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg.

 

Det var kjekt at du fann 1870-innførsli for denne huslyden hjå FamilySesarch.  So er den på plass...

 

Elles har eg ikkje so mykje å tilføya til kva eg alt har skrive over.  Martha Vanborg var ikkje gift, og korleis ho har fått namnet Vanborg, er for meg eit mysterium.  Det vart halde skifte etter ho i Coeur d'Alene, ID i 1916, og eg hadde kontakt med den lokale skifteretten der for ei tid attende.  Eg tenkte kanskje noko av interesse kunne komma fram der...  MEN skiftepakken er på heile 113 sider, og dei ville ha $1 per side for å kopiera...  Dei kunne/ville ikkje berre «plukka ut» registreringsforretningi som syner ervingane...!

 

No veit me jo at Martha ikkje hadde born, so med mindre mori framleis levde i 1916(?), ville de næraste ervingane hennar vera søskenborni som budde i same nabolaget, Jacob Wiks (1860-1921) og Pernille «Nellie» Koester (1863-1951), borni til ei eldre søster av Anna Monsdotter, Martha Monsdotter (1828-1905) som var gift og budde på Vik i Hadsel!  På den andre sida, det var MANGE søskenborn som hadde arverett, og nokre av dei har eg hatt vanskar med å finna att...  Me får sjå...

 

«Hovudutfordringane» frå innlegg #1 står framleis ved lag, og kanskje særleg hadde det vore kjempeflott om Martha Vanborg (og eventuelt mori) kunne finnast i FT1910!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne utfordrande huslyden frå juni.

 

Eg står framleis heilt utan spor etter dødsfallet til Anna og likeins bustaden til Anna og dotteri Martha i 1910 (jmf. spørsmål 1 og 3 i innlegg #1), men som ein evig optimist vonar eg at ein eller annan greier finna ut noko meir om Anna og Martha, og eg takkar på ny for alle gode tips som kan føra til ei oppklaring...!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×