Gå til innhold
Arkivverket
Anne Marie Bøtun Øyri

Sigrid Larsdtr frå Gaupne

Recommended Posts

Anne Marie Bøtun Øyri

Sigrid Larsdatter Prestegården trulova seg med Ola Kristenson Åberge i 1765 og då det same året vart lyst for dei i kyrkja i Sogndal står det Sigrid Larsdtr Gaupnen Lyster. Dei flytte til Fresvik og tok oppatt gardsdrifta på dalagarden Tretteteig som truleg hadde vore fråflytt etter storflaumen i 1743.

Nokon som kan finna ut meir om kvar Sigrid kom frå? Då ho døydde i 1808 er fødselsåret oppgitt til 1725.

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan, i Gards- og Ættesoga for Luster, band IV (Gaupne sokn) finn du på husmannsplassen Haugen under gnr. 84, Drevdal nordre, ein omtale av huslyden til husmann Lars Olson (1703-1769) og kona Solvi Bottolfsdotter (1710-?1770).  Mellom borni deira var:

 

~~~~~~~~~~

 

 2. Siri Larsdotter, døypt i Hafslo 29.2.1732,

 

Siri Larsdotter gifte seg første gongen i Sogndal 24.6.1765 med Ole Christenson frå Åberge i Sogndal.  Han var son av Christen Olson og kona Martha Larsdotter på Åberge og døypt i Sogndal 1.5.1732.  Parfolket flytte kort etter bryllaupet til garden Tretteteig i Fresvik, Leikanger der dei vart buande som leiglendingsfolk.  Ole vart gravlagd frå Tretteteig 2.11.1777, og 9.6.1778 gifte Siri seg att i Leikanger med Lasse Olson frå Hove i Fresvik.  Lasse var son av gardbrukar Ole Lasseson og kona Anna Johannesdoter på Hove og vart døypt i Leikanger 12.4.1751.  Lasse og Siri vart buande på Tretteteig i Fresvik, Leikanger, og derifrå vart Siri gravlagd 22.5.1808.  Lasse d. som kårmann same staden 30.12.1842.  Som enkje­mann gifte han seg att med enkja Mari Bottolfsdotter, opphavleg frå Simleneset i Fresvik, Leikanger (1769-    ), dotter av gardbrukardotteri Mari Johnsdotter frå Lavoll (1733-1807) (s.d.).  Når det gjeld Siri Larsdotter, så fekk ho visstnok berre to døtrer, ei frå første ekteskapet og ei som var fødd før ho gifte seg:

 

a. Anna Hansdotter, dotter av Siri og gardbrukar Hans Hansson på Joranger nedre i Hafslo (1737-1805), vart døypt i Luster 8.8.1756, men flytte til Fresvik i lag med mori og d. som gardbrukarkone på Øyri i Fresvik, Leikanger 22.10.1824.  Anna gifte seg i Leikanger 22.2.1784 med Ingebrigt Bottolfson frå Øyri i Fresvik.  Han var son av skulemeister Bottolf Ingebrigtson på Øyri og første kona Martha Bottolfsdotter og vart døypt i Leikanger 5.9.1756.  Han d. som gardbrukar på Øyri 25.2.1833.  Anna og Ingebrigt var gardbrukarfolk på Øyri i Fresvik, Leikanger og fekk sju born i lag.

 

b. Martha Olsdotter, døypt i Leikanger 6.12.1766, vart gravlagd frå Breili i Fresvik, Leikanger 22.10.1809.  Ho gifte seg i Leikanger 6.6.1786 med Nils Iverson frå Breili i Fresvik.  Han var son av gardbrukar Iver Nilsson på Breili og kona Mari Ellefsdotter frå Bergkvam i Aurland og vart døypt i Aurland 12.7.1761.  Han d. visstnok på Hove i Fresvik, Leikanger i 1837.  Parfolket var gardbrukarar på Breili øvre i Fresvik, Leikanger, men Nils gifte seg sidan att og flytte til Hove i Fresvik.  Han og Martha fekk ein son i lag, men han d. i ung alder.

 

~~~~~~~~~~

 

Vonar dette er til hjelp!  Ættar du frå desse folki?

 

Eg ser forresten to hòl i manuskriptet mitt:

 

* Kjenner du dato og stad for dødsfallet til Mari Bottolfsdotter frå Simleneset, fødd 1769?

 

* Kjenner du dato og stad for dødsfallet til Nils Iverson på Hove, fødd 1761?  Kan henda i 1837?

 

Eg takkar for eventuelle svar på desse spørsmåli!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Eg driv for øyeblikket og skriv om garden Tretteteig så det er difor eg etterlyser dette. Då me gav ut den nyaste ættesoga for Fresvik visste me ikkje kvar Sigrid kom frå.

Mari Botolvsdtr døydde i 1836, kan finna datoen i kyrkjebøkene viss du vil ha den. Nils Ivarson døydde i 1837. Han budde på garden Breilid så lenge han var gift med Marta Olsdtr men flytte til garden Hov i andre ekteskapet med enkja Marta Pedersdtr Hov. 

I listene over ekstraskatten i 1763 er det ikkje ført opp nokon frå øvre Breilid, men truleg er Ivar Nilsson Indrelid (1736-1804) neste brukar. Familien flytte til Fresvik frå Berekvam i Aurland etter 1763 sidan han er skattlagd under Berekvam dette året. Øvre Breilid blir i daglegtalen kalla Ivarlid, og truleg har garden fått dette namnet etter Ivar Nilsson. I ei pantebok frå 1786 finn me eit kårbrev frå Nils Ivarson til foreldra Ivar Nilsson og Mari Eilivsdtr., så no er Nils (1761-1837) brukar i Breilid. Han gifte seg i 1786 med Marta Olsdtr. Tretteteig. Marta døydde i 1809 og Nils gifte seg oppatt med enkja Marta Pedersdtr. Hov i 1811 og han flytte då til Hov. Nils fekk ein son i første ekteskapet med guten døydde året etter han var fødd.

 

Ei artig historie om Sigrid Larsdtr (fødselsåret må då korrigerast)

 

Lasse kom frå Hov og gifte seg i 1778 med enkja Sigrid Larsdtr. Tretteteig. 

Det blir fortalt at han kom som tenar til Sigrid. Ho var først gift med Ola Kristenson Åberge

frå Sogndal og Ola bygsla Tretteteigen etter at garden hadde lege øyde nokre år. Ola døydde alt i 1777, 46 år gammal og Sigrid som då var 52 år sat att på garden med dottera Marta som var 11 år då faren døydde. Sigrid ynskte å gifta seg oppatt, det var ikkje lett å sitja åleine kone på ein gard i den tida. Ho hadde difor tenkt seg bort i Ivarli for å fri. Ho kledde på seg finstasen og gjorde seg klar. Drengen Lasse såg dette og kom bort til ho og sa: Men kan ikkje ho matmor ta meg i staden då? Og slik vart det, Lasse og Sigrid gifte seg i 1778, då var Sigrid 53 år og Lasse 27 år gammal. I heile 30 år var dei to gifte.

              Sigrid døydde i 1808 og same året gifte Lasse seg med enkja Mari Botolvsdtr. Simlenes. Ho var fødd i 1769. Dei fekk to born, Sigrid fødd i 1809 og Mons fødd i 1814. Mari hadde to born frå første ekteskap, og sonen Peder vart verande i Tretteteigen som husmann. Dotteri Maria gifte seg til Menes i Balestrand. Mari døydde i 1835 medan Lasse var 91 år då han døydde i 1842.

 

Anne Marie Øyri

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Anna Hansdtr. blir då tipptippoldemor til mannen min. Det var ukjent for oss at Sigrid hadde ei dotter før ho var gift, i bygdeboka står det at Anna Hansdtr kom frå Tretteteigen, men der stoppa det opp. Takk for alle opplysningane!

 

Anne Marie Øyri

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne Marie for tilleggsopplysningane om Mari og Nils.

 

No fann eg gravferdi til Mari, med dødsdato 10.12.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/329

 

Derimot er eg ikkje i stand til å finna dødsfallet til Nils Iverson i 1837.  Er det kanskje ein «prenteleif» i årstalet?

 

Elles var soga om Sigrid og friarferdi hennar ein artig kuriositet...  Det er berre so synd at slike soger går tapt med åri om dei ikkje vert nedskrivne...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Anna Hansdtr. blir då tipptippoldemor til mannen min. Det var ukjent for oss at Sigrid hadde ei dotter før ho var gift, i bygdeboka står det at Anna Hansdtr kom frå Tretteteigen, men der stoppa det opp. Takk for alle opplysningane!

 

Anne Marie Øyri

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Har sjekka kyrkjebøkene og Nils Ivarson er død 12.6 1835, så der er nok årstalet i bygdeboka feil.

Anne Marie B Øyri

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne Marie for den dødsdatoen.  Då er eg kjempenøgd!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.