Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Christian Larson alias Christian S. Lawson, fødd i Noreg (i Sogn?) 16.7.1844, utvandra 1850 eller kort deretter til Amerika - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ein amerikanar på vitjing i Luster meiner at oldefaren kom frå indre Sogn:

 

Christian S. Lawson, fødd i Noreg 16.7.1844, døydde i Viroqua, WI 5.6.1920.  Desse datoane kjem fram på eit family tree hjå ancestry.com:

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/3032269/person/230044079346/facts

 

Han gifte seg i Viroqua, Vernon Co., WI 7.10.1869 med Jane Shaw, fødd i Vermont (https://familysearch.org/search/record/results?count=20&englishSubcountryName=Wisconsin&query=%2Bgivenname%3AJane~ %2Bmarriage_place%3A"Vernon Co.%2C WI" %2Bmarriage_year%3A1869-1869~ %2Brecord_country%3A"United States" %2Brecord_subcountry%3A"United States%2CWisconsin" %2Brecord_type%3A(1)):

 

Name Chris Larson
Event Type Marriage
Event Date 07 Oct 1869
Event Place Viroqua, Vernon, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Spouse's Name Jane A Shaw
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Father's Name John T Shaw
Spouse's Mother's Name Elizabeth A Shaw

 

men diverre er det ikkje sagt noko om kven foreldri hans var.

 

Chris/Christian og Jane slo seg ned som farmarar i Wheatland township nær DeSoto, Vernon Co., WI, og mellom 1900 og 1910 vart namnet endra frå Larson til Lawson!

 

Her er dei i 1880: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-9KBB?i=6&cc=1417683

 

Her er dei i 1900: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SW1-TY?i=10&cc=1325221

 

Her er dei i 1910: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYV-SQWQ?i=4&cc=1727033

 

Her er Chris enkjemann i 1920: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVZ-PB2?i=11&cc=1488411

 

Som ein ser, kjem han berre ein gong, i 1910, fram med mellombokstaven «S», som ogso står på gravstøtta hans: https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=Lawson&GSiman=1&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSst=51&GScnty=3054&GScntry=4&GSob=n&GRid=88088882&df=all&

 

Men både i 1900 og i 1910 er utvandringsåret hans oppgjeve til 1850, medan han i 1920 er sagt å ha utvandra i 1852.

 

Her er kven eg TRUR er Christian Larson i FT1860, 15 år gamal farmarbeidar hjå Christopher Nitter Johannesson (Høyeim) og kona Gunnhild («Cornelia») Torgersdotter (Forthun), båe emigrantar frå Luster i Sogn, som farma i Sterling township, ikkje langt ifrå Wheatland, i Vernon Co., WI.:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSF-98VN?i=7&cc=1473181

 

I lag med Christian er ein Hans Larson på 11 år, kan henda ein yngre bror?  Det kan sjå ut som dei kanskje som forfeldrelause var opptekne i denne huslyden...?

 

MEN, eg kan ikkje sjå at desse brørne(?) kan ha utvandra frå Luster eller nokon annan stad i indre Sogn.  Men eg KAN sjølvsagt ha oversett noko...?  Augi mine er ikkje dei beste...

 

Eitt poeng til: Etterkomaren på vitjing i Luster meiner at foreldri til Christian heitte Lars og Elisabeth, men eg TRUR Elisabeth må vera ei samanblanding med mor til Jane Shaw!  Ho heitte Elisabeth og budde i lag med dei i mange år!

 

Det hadde vore kjempefint om nokon greidde å løysa denne «floki», og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om opphavet til Christian Larson/Lawson!  Kanskje finst det passasjerlister som kan hjelpa oss på veg?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegg!

 

Denne «kandidaten» frå Winnebago Co., WI har eg ikkje vore merksam på.  Han har «rett» namn og alder og KAN vera «rett» mann.  Berre so underleg at huslyden heilt forsvinn...  Eg ser at ein farmar Elias Larson budde i Winnebago Co., WI òg i 1860, berre et par år eldre, gift med Betsy og med to døtrer...:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSZ-9DRS?i=22&cc=1473181

 

Men det er òg ein i Vernon Co., WI i 1860 som er nokre år yngre, men han har foreldre og søsken som ikkje passar heilt...:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSF-9C5T?i=8&cc=1473181

 

Ikkje so heilt enkelt dette...

 

Men eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Tonby

Legger inn denne familien som emigrerer fra Lund i 1852. Lars Staalesen og Lisbeth Christensdt Skaaland. Sønnen Christian står med fødselsdato 18/7 1843, så den stemmer ikke helt. Har ikke funnet de igjen i Usa.

Rogaland fylke, Lund, Heskestad i Lund, Ministerialbok nr. A 7.2 (1833-1854), Utflyttede 1852, Side 364
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20051212050388

Ankommer New York i 1852

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:939V-R9SX-BF

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for eit imponerande og spennande innlegg!

 

Dette er jo berre heilt fantastisk!  I dette området i Vernon/Crawford Cos., WI var det, attåt dei mange indresogningane, òg eit innslag av emigrantar frå Sørvestlandet som gjekk under samlenamnet «Flekkefjordsettlementet», og eg dreg kjensel på ein av medpassasjerane til Christian og foreldri/søskeni hans:

 

* Didrik Olson Mjaavand (1825-1895) frå Fjotland i Vest-Agder.  Han var i mange år farmar i Freeman township, Crawford Co., WI like i nærleiken av Christian Lawson og hadde ein kone frå Luster i Sogn!

 

Eg har alt sendt opplysningane vidare og reknar med jubel i Luster!

 

Nok ein kjempetakk til Anne for framifrå innsats!  Problemet er løyst!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.