Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anna Torkelson Olson (1886-1929) og vigsli hennar kring 1914 med Frank Asprey (1894-1934) - Minnesota eller Iowa eller ?? - ei amerikansk utfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i mange år vore på leiting etter ei vigsle som må ha finne stad i Midtvesten mellom 1909 og 1915 - når me ser på alderen til brudgomen, truleg kort før 1915!

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

j. Anna Torkelson, f. i Watonwan Co., Minn. 29.3.1886, d. i Fargo, N.D. 3.2.1929.  Anna gifte seg første gongen i Watonwan Co., MN 16.6.1902 med Edwin Bertinius Olson, f. i Watonwan Co., Minn. 28.4.1880.  Edwin og Anna farma ei tid i Odin township, Watonwan Co., Minn., men vart skilde alt kring 1909.  Edwin gifte seg att og slo seg ned som farmar i Sanders township, Pennington Co., Minn., men d. i Thief River Falls, Minn. 14.5.1960.  Anna gifte seg so att

 

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of her 2nd marriage? - about 1914!?)

 

 

     med Frank Asprey.  Han var f. i Woodbury Co., Ia. 6.6.1894 og d. i Sioux City, Ia. 18.5.1934.  Frank Asprey var varekøyrar («grocery store delivery man»), og han og Anna budde i Sioux City, Woodbury Co., Ia., men vart skilde kring 1924.  Frank gifte seg att, men vart buande i Sioux City, Woodbury Co., Ia.  Anna fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet.

 

                   ¤¤¤¤¤ (desse borni var:

 

            * Earle Ellsworth Olson, born Watonwan Co., MN Apr. 20, 1903, died Barnes Co., ND Oct. 27, 1949

            * Gladys Olson, born Watonwan Co., MN Sep. 22, 1905, 1944: Mrs. Gladys Winter of Sioux City, IA, 1960: Mrs. Sargent Cantwell of OR

            * Elvern Truman Olson, born Watonwan Co., MN June 10, 1907, lived NE 1944, died Santa Barbara Co., CA Dec. 16, 1995)

 

.~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har ikkje greidd å finna Anna i FT1910, men her er ho i Sioux City, IA i 1915:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C9PV-K3L9-H?i=1775&cc=2240483

 

Her er mann hennar i Sioux City, IA i 1915:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C9PV-K3L4-X?i=1777&cc=2240483

 

Her er Frank's WW1 draft 1917 Sioux City, IA:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-L1HQ-H5G?cc=1968530

 

Og her er huslyden i FT1920 for Sioux City, IA:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR6K-YL?cc=1488411

 

Her er ogso Anna Asprey i FT1925 for Sioux City, IA:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9XG-89MG-R?cc=2224537

 

I 1925 står Anna som «married», medan mannen på ein annan side står som «single».  Men i 1930 står Frank Asprey som «divorced»:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RHW-FF8?i=56&cc=1810731

 

Her er ein obituary for Anna hjå «Find-a-grave»:

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=137811016

 

Spørsmålet mitt er først og fremst:

 

** Er det mogeleg å finna ein dato og stad for vigsli til Anna og Frank Asprey?  Kanskje nokon med avistilgong kan finna eit «wedding announcement»?

 

Elles ville òg vera interessert i:

 

** Finst det kanskje ein avisartikkel som gjeld skilsmålet mellom Frank og Anna?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig

Fann ingen wedding announcement for desse to i https://news.google.com/newspapers eller i Chronicling America (http://chroniclingamerica.loc.gov/).

 

Men eg fann litt krydder til soga om Frank Asprey, om det er interessant, her:
Evening times-Republican. (Marshalltown, Iowa), 08 Dec. 1915. Chronicling America: Historic American Newspapers. Lib. of Congress.

http://chroniclingamerica.loc.gov/lccn/sn85049554/1915-12-08/ed-1/seq-3/

 

(Chronicling America går berre fram til 1924, medan google/com/newspaper-tenesta går lengre fram i tid men er ufullstendig på mange andre måtar.)

 

Vennleg helsing Richard

Screen Shot 2017-07-04 at 13.32.07.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Richard Johan for siste innlegg!

 

Jau, det ser ut til at Frank Asprey var borti både eitt og hitt...

 

Eg har i mellomtidi fått greie på at skilsmålet mellom Anna og Frank fann stad i 1925:

 

«District Court Woodbury County, Iowa -- Sioux City, Iowa
April 24, 1925
Divorce filing: Anna Asprey from Frank Asprey»

 

og har no tinga lokal hjelp til å undersøkja desse skilsmålspapiri.  Eg vonar på eit positivt resultat...  Eg kan ikkje forstå kvar dei kan ha vorte vigde...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne utfoprdringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg motteke svar frå Amerika i denne saki, og dette lyder:

 

~~~~~

 

From the Woodbury County, Iowa Divorce Records, Sep 1906-1943

Frank Asprey, age 31, and American, married 25 May 1912, no previous marriages, cause:  cruel and inhuman treatment and
Anna Asprey, age 37, an American, 1 previous marriage
Divorce was granted to the wife.

 

~~~~~

 

Då har me ein vigselsdato for Frank og Anna, men diverre stod det ikkje noko om KVAR dei gifte seg...  Sidan denne vigsli ikkje kan finnast korkje i Iowa eller i Minnesota, lurer eg på; Frank var berre 18 år gamal, so kanskje «stakk dei av» til South Sioux City, NE for å gifta seg?  Ikkje so godt å seia, men kanskje nokon har eit tips?

 

REDIGERT: Eg tok nettopp ein telefon til Dakota Co., NE, men Frank Asprey og Anna Olson f. Torkelson vart IKKJE gifte i South Sioux City, NE, so då veit eg ikkje...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å løysa denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig

Hei,

 

vigsla har eg ikkje funne, men kanskje kor Anna var i FT1910. I 1920 (https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR6K-YL?cc=1488411) bur ho som du har funne i Woodbury, Iowa, i lag med mannen Frank, dottera Gladys og den 12 år gamle sonen Furnell (stedotter og steson av Frank og med etternamnet Olson). (Du har kanskje oversett Furnell.)

 

Du har funne Frank og Anna i Sioux City, IA i 1915, her er Furnell i samme telling, han har fått etternamnet Oleson:

 

Furnell Oleson, 8 år gamal, har budd 4 år i Iowa (Woodbury, Soo! City)

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C9PV-L9PM-S

 

Ved å samanlikna adressene til Frank, Anna og Furnell ser vi at dei bur i lag.

 

Og i 1910, etter skilsmisse nr. 1 og før ekteskap nr. 2, bur Furnell (“Fernall”) i lag med mora Anna, i same by. Men mora har ved eit mistak fått namnet Hanna.

 

United States Census, 1910 Iowa Woodbury Sioux Ward 3 ED

Hanna Olson 24 f. 1886 i Minesota, , Fernall 3 f. 1907 Minesota

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV8-FMP?i=36&cc=1727033

 

 

Du får gå etter dette i saumane!

 

Dei andre tre borna til Anna og første ektemannen budde kanskje i lag med faren deira i 1910 og 1915?

 

Vennleg helsing Richard

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Richard Johan for siste innlegget om denne utfordringi!

 

Eg hadde so langt ikkje oppdaga at Anna alt i 1910 var flytt til Sioux City, IA med yngste son sin, men då er det samstundes klart at ho og Frank ikkje kan ha gift seg so altfor langt derifrå.  Me har bra registrer både for Iowa og South Dakota på den tidi, so dei har nok teke ein «snøggtur» til Nebraska, men litt lenger enn berre over elvi til South Sioux City, NE...  Kanskje til Omaha...?

 

Sonen Furnell(?) er forresten identisk med Elvern Truman nemnd i innlegg #1.  Anna hadde aldri fleire enn dei tre borni!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips for å løysa denne utfordringi og lever framleis i voni...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×