Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Arthur Herman Hillistad (1891-1949) og ekteskapi hans - Nebraska/Iowa/Illinois - ei amerikansk utfordring?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i årevis slite med å finna ut av denne personen som var yngste son av Ole Olson Hillestad frå Hafslo (1837-1897) og Rebecca Thoresen frå Kristiansund (1843-1906):

 

Arthur Herman Olson, sidan kjend som Arthur Herman Hillistad, fødd i Fayette Co., IA 4.10.1891, oppvaksen i Ellsworth, Hamilton Co., IA, men døydde i Chicago, IL 21.1.1949.

 

Budde 1895 (state census) i Hamilton Co., IA: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-678Q-N3Y?i=453&cc=1803957

 

Budde 1900 (federal census) i Hamilton Co., IA: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DRVQ-BBN?i=4&cc=1325221

 

Arthur var gift to gonger:

 

** 1ste gong kring 1915(?) - kan henda i Nebraska - med ei Rose, fødd i Nebraska kring 1893, men elles totalt ukjend.

 

Budde 1917 (WW1 draft) i Fremont, Dodge Co., NE: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9185-FKS?i=1935&cc=1968530

 

Budde 1920 (census) i Oelwein, Fayette Co., IA: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RND-PN9?i=16&cc=1488411

 

So vart Arthur og Rose skilde, truleg kort etter 1920, og Arthur gifte seg:

 

** 2dre gong kring 1927 - kan henda i Morris, IL(?) - med Thelma Mary Hutchings, fødd i Grundy Co., IL 23.6.1901, døydde i Lake Forest, IL 25.12.1990.

 

Budde 1930 (census) i Chicago, Cook Co, IL: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RH7-ZS7?i=38&cc=1810731

 

Budde 1940 (census) i Chicago, Cook Co, IL: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9MB-GFS9?i=9&cc=2000219

 

Budde 1942 (WW2 draft) i Chicago Cook Co., IL: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q61-GB?i=1470&cc=1861144

 

Som ein ser, er Arthur både i 1920 og i 1930 oppgjeven å ha svenskfødde foreldre.  Ei forklaring KAN vera denne:  Det går «rykte» om at Arthur var ein dotterson av Ole og Rebecca og son av eldste dotteri deira, Christianna, fødd i 1869, men han vart likevel oppalen som eitt av søskeni!  Kanskje var den kjødelege faren av svensk fødsel?

 

Utfordringane her er følgjande:

 

*** Er det mogeleg å finna ut noko som helst om første vigsli til Arthur Hillistad med Rose og kven ho var?

 

*** Kan skilsmålet deira lokaliserast?

 

*** Og endeleg, kan andre vigsli til Arthur Hillistad med Thelma lokaliserast?

 

Beste kjeldene for å finna svar på desse spørsmåli er utan tvil avisoppslag, og eg vonar at nokon med tilgjenge til amerikanske aviser kan sjå på dette og kanskje hjelpa meg med å finna svari...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Hei, Lars

Jeg tar med brannmann William Edward Hillistad som døde i tjeneste som brannmann.

 

Hillestad.JPG

chicago.JPG

Hillistad.JPG

Endret av Stine H Kvistad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Stine for nytt innlegg om sønnen til Edward Hillistad.

 

Eg har lese fleire artiklar om William Hillistad og hadde for mange år sidan kontakt med broren Paul Hillistad i Forest Lake, IL (1930-2009), men han visste diverre ingen ting om slekti si!  Og no er jo han borte òg...

 

Men kanskje er det likevel von om at noko kan dukka opp?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.