Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Britha Sørensdotter Krogen - fødd Hafslo 1857 - på passasjerliste 1879? - døydde ho på vegen over, eller kva skjedde?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei nøtt som eg har slite med lenge:

 

Britha Sørensdotter Krogen, fødd i Hafslo 1.5.1857 som dotter av husmann Søren Asbjørnson og kona Anna Thoresdotter:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8393/50

 

utvandra til Amerika over Bergen i september 1879 (#5221):

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=5221&merk=5221#ovre

 

På,passasjerlista i Bergen står ho åleine, men utflyttelista frå Hafslo frå august 1879 (#26)

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6870/93

 

syner ho hadde med seg ei dotter Synneva (Olsdotter), fødd i Hafslo 10.8.1878:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6863/32

 

Britha hadde fleire søsken som i åri kring 1880 budde i Vernon Co., WI:

 

* broren Anders alias Andrew Severson, fødd 1854 som utvandra i 1876 og gifte seg i Vernon Co., WI i 1879, og

 

* broren Peder alias Peter Severson, fødd 1851 som tvandra i 1880 med kone og ei dlotter til Vernon Co., WI

 

Men det er ikkje noko å sjå til Britha i dette nabolaget.

 

Dotteri Synneva vart kort etter ankomsten til Amerika adoptert av Anders T. Swiggum frå Hafslo - sjå manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~

 

Anders Torbjørnson (Sviggum), f. i Hafslo 3.9.1850,

Anders T. Swiggum utvandra til Amerika med faren og stemori i 1866 og gifte seg, dato og stad ukjende, med Martha Steensdotter frå Olstad i Sogndal, i Amerika kjend som Martha Steenson.  Ho var dotter av husmann Steen Mikkelson på Olstad og kona Anna Jensdotter og f. i Sogndal 30.10.1829, men utvandra til Amerika i 1862.  Anders og Martha Swiggum budde ei kort tid i Monroe Co., Wis., men slo seg snart ned som farmarar i Clinton township, Vernon Co., Wis.  I 1890-åri flytte dei so inn til Westby, Vernon Co., Wis. der Andrew livnærte seg som farmarbeidar (“farm laborer”).  Martha d. i Westby, Wis. 12.6.1919, medan Anders Swiggum d. same staden 16.2.1930.  Dei fekk berre ein son i lag, men adopterte også ei dotter:

a. Albert Theodore Swiggum, f. i Monroe Co., Wis. 15.10.1872, d. i Viroqua, Wis. 29.4.1949.  Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 6.11.1895 med Anna Sophie Brendum, f. i Vernon Co., Wis. 10.6.1875 og d. i La Crosse, Wis. 16.7.1939.  Albert Swiggum var brønngravar (“well driller”), og han og Anna budde i Westby, Vernon Co., Wis.  Dei fekk to born i lag.

b. Synneva, kjend som Susan Swiggum, dotter av husmannsdotteri Britha Sørensdotter frå Ekrene under Kroken (1857-    ), men adoptert av Anders og Martha Swiggum, var f. i Hafslo 10.8.1878, men utvandra til Amerika med mor si i 1879.  Ho d. i Lakewood, Cal. 25.6.1973.  Susan gifte seg i Minot, N.D. 6.9.1905 med James Parnell O’Reilly, f. i Stevens Co., Minn. 15.12.1882.  Han d. i Williston, N.D. 11.10.1931.  Både James og Susan var komne til Ray, Williams Co., N.D. som kaféarbeidarar, men James livnærte seg sidan som bilmekanikar (”auto mechanic”).  Dei vart buande i Ray, Williams Co., N.D., men som enkje flytte Susan i 1936 til Brainerd, Crow Wing Co., Minn.  Ho budde sidan òg i Hibbing, St. Louis Co., Minn. og i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men flytte i 1951 til ei av døtrene sine i Colorado Springs, El Paso Co., Colo. og i 1954 med same dotteri til Denver, Denver Co., Colo.  I 1964 flytte dotteri vidare til Lakewood, Los Angeles Co., Cal., og Susan flytte med.  Susan og James O’Reilly fekk i alt fem born.

 

~~~~~~~~~~

 

Her er huslyden i FT1880 med adoptivdotteri:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBV-945F?i=17&cc=1417683

 

og her i FT1900, likeins med adoptivdotteri:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SW9-SYC?i=5&cc=1325221

 

Mine utfordrande spørsmål her er følgjande:

 

** Finst det ei passasjerliste (ankomstliste) frå 1879 som syner Britha med dotteri Synneva?

 

** Eller kvar vart det elles av Britha?  Ingen etterkomarar etter søskeni hennar veit noko om ho i det heile!!  Kan ho vera avlidi på vegen over Atlanterhavet?

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

 

Hei, her er ankomst for begge. 

 

Name: Brita S Krogen (+ Inga )
Arrival Date: 22 Sep 1879
Birth Date: abt 1854
Age: 25
Gender: Female
Ethnicity/ Nationality: English
Place of Origin: England
Port of Departure: Liverpool, England and Queenstown, Ireland
Destination: United States of America
Port of Arrival: New York, New York
Ship Name:

Arizona

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Stine for eit interessant svar!

 

Eg stussa litt på namnet til barnet - Inga?  Men no fann eg òg denne lista hjå ancestry.com, og eg ser Brita seier seg 25 år og «wife»..., medan «infant» Inga er ein SON...!  Dei var nok ikkje so heilt nøye på det...

 

Men då er spørsmålet kva som kan ha skjedd etter ankomsten!  Det ser ut for meg ut som om Brita reiste ganske åleine med dotter si...

 

Det vert sikkert ikkje so enkelt å finna svaret på dette, men det lønnar seg ikkje å gje opp, so eg lever i voni om at noko vil «dukka opp»...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi so langt med denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.