Gå til innhold
Arkivverket

Skomaker Lars Andreas. Dyblie gm. Anne Margrethe Christophersd. Rein, Trondheim, sist på 1700-1801?


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

Eg lurer på om det er nokon som kjennert til meir om desse to i overskrifta. Lars Andreasson Dyblie har eg bra kjennskap til opphavet til, han er døypt i Vår Frue kyrkje 13. des. 1767 som son av foreldre Andreas Fredriksson Dyblie og Anna Andersdotter (klarer nokon forresten å tyde ordet etter namnet på faren?). Ved skiftet etter besteforeldra i 1785 (finnst i  avskrift hjå Arnt Stavne) får vi opplyst at faren, Andreas Fredriksson er død, og har etterlatt seg to sønner: Simon på 19 og Lars på 17 år. Formynder for dei to er Albert (Albrigt) Hansson Kaald, som tidlegare var gift med morsyster deira. Sjå for øvrig tråd frå det gamle forumet om Kaald og desse folka her. Han nemner at dei er etterlatt i Trondheim i stor fattigdom. Mora, "Arbeidsmands Enke Andr: Fredrichssen Dyblies kone, Anna Andersd:, Død af Tæring, 55 år", er gravlagt ved Vår Frue kyrkje 3. apr. 1785. Faren, Andreas, har eg ikkje funne dødstidspunkt for, etter å ha gått gjennom gravlagte ved Vår Frue i tidsrommet 1767-85. Ellers er Andreas nemnt i Adresseavisa 14. feb. 1772, da Lars Peder Wold annonserer sin gård, "beliggende imellem Naboerne Rogert Larsen og Andreas Dyblie i Klubveiten", til salgs. Det er ingen skifter registrert, men skifteprotokoll 19 for Trondheim, 1771-1782, ser ut til å mangle, så det er mulig han er død i dette tidsrommet.

 

Broren Simon vart døypt i Vår Frue kyrkje 11. aug. 1764, og eg mistenkjer at han er den Simon Andersen Dyblie som i 1790 er registrert som fange ved Trondheim Tugthus, sjølv om oppgitt alder, 20 år, ikkje stemmer heilt. Ut over det har eg ikkje stort om Simon.

 

Attende til Lars: Han døyper 21. jul. 1793 dottera Anne Martha i Domkyrkja, og mora er Ane Magret Christophersdatter Rejn. Anne Martha døyr to år gamal. Eg har prøvd å finne Lars og Anne Margrete i 1801-tellinga, men ikkje lukkast. Eg har heller ikkje funne noko meir på kona, Anne Margrete. Etter å ha leita gjennom trulovingar både i Domkyrkja og i Vår Frue er det vel som vert trulova 17. mai, gift 13. sep. 1791 i Vår Frue, sjølv om han her er kalla Lars Fredrichsen. Trulovaren Halvor Tølløvsen var for øvrig gift med Lars sitt syskenborn Anne Christina Arntsdotter Dyblie og var på dette tidspunktet tollrorskarl i Trondheim,  m.a. seinare toll- og overtollbetjent i Kristiansund.

 

Er det nokon som kjenner til Anne Margrete Christophersdotter Rein sin bakgrunn, evt. kan klare å finne dei i 1801-tellinga?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Det er vel kan hende bror til Anne Margrete vi finn som skipstømmermann på Bakklandet i 1801: Johan Christophersen Rein, 36 år (f. ca. 1765).

 

I eit forsøk på å snevre inn leiteområdet etter Anne Margrete (med ukjent fødslsår) har eg prøvd fyrst å finne denne antatte broren som vi har ein alder på. Rein er jo eit namn frå Rissa, så eg har fyrst sjekka døpte i Stadsbygd for Johan Christophersson, utan hell. Ved giftermålet til Anne Margrete er ho oppgitt å vere av Frue sokn, men ein gjennomgang av døpte der gir heller ingen Johan. Som busett på Bakklandet kunne dei sokne til Bakke sokn i Strinda, så det vart neste søk. Her har eg ein kandidat, men eg tviler i grunn:

 

Dom: 4ta a Trinit: [1766] Døbt Christopher Justessøn og K. Marit Larsdatters b. N: Johan Christopher.

 

Det ser ut til å vere eit namn innskreve over linja, etter Justessøn som eg ikkje klarer å tyde, men det er ikkje Rein. Starter med A...?

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Navnet som er innskrevet etter Justessøn leser jeg som Altona. Det navnet forbinder jeg med Leksvik. WikiStrinda har en artikkel om Altona, navnet ble også brukt om en hjørnegård i Kongens gate.  http://www.strindahistorielag.no/wiki/index.php?title=Altona

 

Dom: XXII a Trinit. 1763, Christopher Altonas og Marith Larsd. b. N: Ane Margrete https://media.digitalarkivet.no/kb20070918670016

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk, Aud. Dette faller bra saman med det eg har funne ut i mellomtida:

 

Lars Andreasson Dyblie er som nemnt over òg kalla Lars Friderichsen, og det kan sjå ut til at faren - Andreas Fredriksen - sitt patronym er teke i bruk som slektsnamn.

 

"Skomager Sv. Lars Friderichs:", død av feber i 1794, 26 år gl. Gravlagt frå Domkyrkja 16. februar: https://media.digitalarkivet.no/kb20070920680453

 

"Søndagen d. 4 Jun. 97. Copuleret Ungkarl og Mester- Skomager Christopher Kregnes med Enken Anne Margaretha Friderichssen.": https://media.digitalarkivet.no/kb20070921670476

 

"12. Sønd: ef: Trinit: [1797] Døbt ægte-barn Lars Friderichssen af hr. Wille, fød d: 18de Augusti. Foreldre: Christoph: Arntsen Krognæs, Mester-Skomager og An: Margr: Christophersd: Altona": https://media.digitalarkivet.no/kb20070921670310

 

"d. 12t. [Februarius 1799] Ægte B: N: Arent. Par: Christopher Kregnes Skomager og k. Ane Grete Christophersdatter."

 

I 1801: Ane Magrete Krognes*, 41 år, Givt 3die gang.

 

Eg har ikkje klart å finne noko ekteskap for Anne Margrete mellom Lars sin død i 1794 og giftermålet med Christopher Krognes i 1797 - har gått gjennom Domkyrkja og Vår Frue, får ta Bakke no...

 

Så kan ein jo lure på, korleis Altona har blitt til Rein.

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aha, og der er òg nemnt vielsa, 28 feb. i margen. Eg gjekk ut frå at det måtte vere etter Lars Dyblie, ettersom ho er kalla Pige ved den trulovinga i 1791. Da går det i alle fall opp med tredje gong gift i 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan sjå ut til at vi var litt for kjappe på avtrekkaren der... Johan Jacob Leignick levde til 1816, og i skiftet etter han i Salten er enkja Anne Margrethe omtalt og i levande live.

 

Det er ei anna Anne Margrete dette er snakk om, truleg ho som vart døpt Anna Margrethe Schultz, i Vår Frue 7. feb. 1764 med foreldre Giert Rein og Maren Willer?.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.