Gå til innhold
Arkivverket

Gullik Christianson Hetland (1850- ), frå Helleland/Egersund - utvandra visstnok i 1871 til Wisconsin - forsvinn mellom 1905 og 1908, men noko dødsfall kan me ikkje finna! - kvar vart det av han? - kan henda flytte han attende til Noreg?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Opphavet til Gullik Christianson Hetland vart drøfta i tema #42113 i det gamle Brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/127588-42113-gullik-christianson-hetland-f-1850-frå-hellelandlundegersund-opphavet/#comment-1047595

 

No gjeld det lagnaden hans...

 

Han var fødd i Helleland 2.1.1850, men flytte i 1864 med foreldri sine til Egersund og skal ha utvandra derifrå i 1871(?).

 

Gullik, i Amerika kjend som Gullick C. Hetland, gife seg i Viroqua, Vernon Co., WI 25.1.1881

 

Name Gullick Hetland
Event Type Marriage
Event Date 25 Jan 1881
Event Place Verogua, Vernon, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Norway
Father's Name Christian Hetland
Mother's Name Martha Hetland
Spouse's Name Marie Johnson
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Father's Name Hans Johnson
Spouse's Mother's Name Margretha Johnson

 

med den fråskilde Marie Christianson, f. Johnson, fødd i Vernon Co., WI 29.2.1852 med foreldre frå Hafslo i Sogn.  Marie hadde farm i Jefferson township, Vernon Co,, WI, der ho og Gullick framleis budde i 1905:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-695S-BMS?i=7&cc=1443899

 

Men alt i 1908 vart både kona Marie og einaste dotteri Martha erklært for «sinnsjuke» og sende til Mendota sjukehus i Dane Co., WI.  I 1910 er likevel «Mrs. Gulick Hetland» attende på sjukehuset i Viroqua, WI:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYV-SQ28?i=35&cc=1727033

 

der ho døydde 28.6.1911.

 

Det finst eit skifte etter Marie Hetland som vart slutta i 1922:

 

http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=giv50&_phstart=successSource&usePUBJs=true&gss=angs-c&new=1&rank=1&gsfn=Mary&gsfn_x=NP_NN&gsln=Hetland&gsln_x=NP_NN&msdpn__ftp=Wisconsin, USA&msdpn=52&msdpn_x=1&msdpn__ftp_x=1&cpxt=1&cp=12&MSAV=1&uidh=008&pcat=BMD_DEATH&h=1103903&dbid=9088&indiv=1&ml_rpos=4

 

men merkeleg nok finn eg ikkje Gullick nemnd i dette skiftet i det heile!  Farmen var visstnok eine og åleine hennar eigedom, so kvar det vart av Guillick, er eit skikkeleg «mysterium».  Han synes vera borte før juni 1908!

 

Avisa Vernon County Censor har 17.6.1908 denne notisen:

 

«Mrs. Gullick Hetland and Daughter were committed to Mendota by Judge Mahoney and were taken to that institution Monday.  They were taken into custody by the authorities at Whitehall, and Vernon Co. authorities were notified.  These women were residents of Viroqua some few months ago and at the time it was the opinion of neighbors that they were mentally deranged.»

 

Utifrå dette kan det sjå ut som om dei var flytte til Whitehall i Trempealeau Co., WI, so kanskje det var dit Gullick flytte?

 

Eg står «bom fast» når det gjeld denne utfordringi, so no vonar eg på kyndig hjelp frå Brukarforum!  Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS: Er det kanskje nokon som greier finna Gullick i passasjerlister frå 1871 (eller derikring)?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

I 1910 er likevel «Mrs. Gulick Hetland» attende på sjukehuset i Viroqua, WI:

 

Du har vel registrert at hun er innført med sivilstatus widowed. 

 

Mrs. Gulick Hetland

United States Census, 1910
Name Mrs. Gulick Hetland
Titles and Terms Mrs
Event Type Census
Event Date 1910
Event Place Viroqua, Vernon, Wisconsin, United States
Gender Female
Age 58
Marital Status Widowed
Race White
Race (Original) White
Relationship to Head of Household Inmate
Relationship to Head of Household (Original) Inmate
Birth Year (Estimated) 1852
Birthplace Norway
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Jau, eg har registrert at ho i 1910 står som «Widowed», men eg veit at mange av desse «sivilstatusane» i amerikanske folketeljingar er ukorrekte, og særleg gjeld dette dersom ei kvinne er forlati av mann sin...

 

MEN, det kan jo sjølvsagt òg vera rett at ho var enkje...  Men kvar er i so fall Gullick?  Dødsfallet hans er IKKJE registrert i Vernon Co., WI!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips for løysing av denne utfordringi..!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Hei,

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Jau, eg har registrert at ho i 1910 står som «Widowed», men eg veit at mange av desse «sivilstatusane» i amerikanske folketeljingar er ukorrekte, og særleg gjeld dette dersom ei kvinne er forlati av mann sin...

 

MEN, det kan jo sjølvsagt òg vera rett at ho var enkje...

 

Det står i skiftet at ho er enke (https://www.ancestry.com/interactive/9088/007711437_01013?pid=1103903&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv50%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DMary%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DHetland%26gsln_x%3DNP_NN%26msdpn__ftp%3DWisconsin,%20USA%26msdpn%3D52%26msdpn_x%3D1%26msdpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_DEATH%26h%3D1103903%26dbid%3D9088%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D4&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv50&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=007711437_01029, og på sida etter)

 

Vennleg helsing Richard

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har søkt høyt og lavt - vidt og bredt - med forskjellige navnvariasjoner i alle mulige aviser jeg har tilgang til - Resultat = 0

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard og Egil for nye interessante innlegg!

 

Det var gått meg «hus forbi» at Marie er kalla enkje ogso i skiftet, so då er saki ganske klar:  Gullick må vera avliden mellom 1905 og 1908, men kvar i all verdi døydde han?  Kanskje er namnet hans feilskrive?

 

Kanskje er dette ei av dei utfordringane me er nøydde til å gje opp?  Eg vonar eg tek feil...

 

Då vil eg gjerne i same åndedraget få henta fram FORELDRI til Marie, som òg harfgjeve meg «hovudverk» i mange år.  Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Jensson (Kinserdahl), f. i Hafslo 6.5.1826, gifte seg 13.2.1849 med Margretha Sjursdotter frå Sviggum.  Ho var f. i Hafslo 29.12.1823.

Hans og Margaret Johnson utvandra til Amerika i 1850 og slo seg ned som farmarar i Jefferson township, Vernon Co., Wis. der Hans d.

 

¤¤¤¤¤ (exact date of his death? - Coon Prairie cemetery - not in the church records!)

 

1865.  Margaret Johnson d. same staden

 

¤¤¤¤¤ (exact date of her death? - Coon Prairie cemetery - not in the church records!)

 

1895.  Dei fekk tre born i lag:

a. Sjur, kjend som Sever H. Johnson, f. i Dane Co., Wis. 2.9.1850, d. i Decorah, Ia. 13.3.1939.  Sever gifte seg i Chippewa Falls, Wis. 5.7.1893 med Lovisa Olsdotter frå Øksne søndre i Søndre Land, i Amerika kjend som Louise Nerby.  Ho var dotter av husmann Ole Larsson på Ås under Øksne søndre, opphavleg frå Christensten under Grime, og kona Maren Oline Andersdotter frå Åsa i Norderhov og f. i Søndre Land 1.4.1866, men utvandra til Amerika med mor si alt i 1870 og voks opp på ein farm i Modena township, Buffalo Co., Wis.  Louise d. i Chicago, Ill. 31.5.1945.  Sever farma visstnok i unge år i Kragero township, Chippewa Co., Minn., men busette seg med Louise i La Crosse, La Crosse Co., Wis. der han var butikkmann og ei tid politisk kampanjearbeidar («salesman and canvasser»).  Dei flytte frå kvarandre kring 1909, og Sever var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Spring Grove, Houston Co., Minn., men busette seg sidan i Decorah, Winneshiek Co., Ia. der Sever var arborist («tree surgeon»).  Louise vart buande i La Crosse, La Crosse Co., Wis. der ho livnærte seg som kokke («cook») til ho i 1920-åri busette seg i Chicago, Cook Co., Ill.  Sever og Louise fekk tre born i lag.

b. Marie H. Johnson, f. i Vernon Co., Wis. 29.2.1852, d. i Viroqua, Wis. 28.6.1911.  Marie gifte seg første gongen i Vernon Co., Wis. 26.6.1872 med Hans Christian Christianson frå Austreim i Lund, i Amerika kjend som Hans C. Christianson.  Han var son av gardbrukar Christian Knutson på Austreim, opphavleg frå Setra, og andre kona Ingeborg Knutsdotter frå Finsnes, Tonstad i Sirdal og f. i Lund 16.10.1849, men utvandra til Amerika i 1868.  Hans og Marie farma i Jefferson township, Vernon Co., Wis., og Hans d. i Vernon Co., Wis. 4.4.1924, men vart skild frå Marie alt i 1878.  Marie gifte seg att i Viroqua, Wis. 25.1.1881 med Gullik Christianson Hetland frå Egersund, i Amerika kjend som Gullick C. Hetland.  Han var son av jordbrukar og brennevinshandlar Christian Gullikson Hetland i Egersund, opphavleg frå Hetland øvre i Helleland, og kona Martha Enoksdotter frå Hestad og f. i Helleland 2.1.1850.  Han flytte i 1864 med foreldri til Egersund og utvandra visstnok til Amerika i 1871.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of his death? – after 1905/prior to June of 1908!)

 

     Gullick og Marie farma i Jefferson township, Vernon Co., Wis.  Marie fekk i alt to born, ein son frå første ekteskapet og ei dotter frå det andre.

 

     ¤¤¤¤¤ (children:

            * John Christianson or Kinsdale, Wis. 1875, insane

            * Martha Hetland, Wis. May 1882, insane - died Mar. 13, 1927)

 

     ¤¤¤¤¤ (first husband Hans Christianson remarried and had four children by his 2nd wife!)

 

          c. Jahn, kjend som John H. Johnson, f. i Vernon Co., Wis. 26.1.1857, d. i Vernon Co., Wis. 9.4.1860.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det som er so merkeleg her, er at ingen av gravferdene, korkje til Hans eller Margretha, er innførte i kyrkjebøkene for Coon Praire,  Hans KAN vera avliden som soldat i borgarkrigen og i røyndi vera gravlagd ein annan stad, men Margretha?  Kan ho vera avliden hjå son sin, kvar no enn han budde på den tidi, og send attende til Coon Prairie for å vefta gravlagd?

 

Eg takkar igjen for framifrå bidrag til løysing av utfordringane kring lagnaden til Gullick Hetland og lagnadane til Hans og Margretha!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne saki.

 

Lagnaden til Gullick Hetland er forsovidt klar; han må vera avliden ein gong mellom 1905 og 1908, kunne me berre finna ut kvar og kva tid...?

 

Følgjande avisartikkel er forresten dukka opp om kona og dotteri hans, som me veit vart «plukka opp» av lensmannen i Whitehall, WI for å verta sende til sjukehuset i Mendota:

 

Whitehall Times and Blair Banner; Thurs, June 11, 1908
    «Last Saturday two ladies giving their names as Mrs. Gullick Hetland and Marie Hetland, mother and daughter were picked up on the streets here apparently in a demented condition.  They were taken in charge by Sheriff Pederson.  District Attorney Hensel on questioning them as to their residence learned that they were from Vernon County.  He notified the authorities at Viroqua and yesterday Under-sheriff Silbaugh came and took charge  of them.  They were adjudged insane last February, but a commitment was not issued in the hope that they would get over their malady.  They will be taken to Mendota immediately.  Mr. Silbaugh says that Mrs. Hetland has property near Viroqua valued at nearly $6,000.»

 

Kanskje er det ein samanhang mellom dødsfallet til Gullick og sjukdomstilstanden til enkja og dotteri?  Kven veit...?

 

Elles er òg tilleggsproblemet om lagnadane til svigerforeldri Hans og Margrethe Johnson ei kjempeutfordring.

 

Eg takkar endå ein gong på det hjartelegastre for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.