Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Lars Alfred Pedersen Nyvold på Holmsnes i Hadsel (1874-1964) - kor mange born og steborn hadde han?


Recommended Posts

Dette emnet er ein del av følgjande tema som vart teke opp i november 2015,

 

https://forum.arkivverket.no/topic/199493-peder-torbjørnsen-1828-1907-frå-hafslo-til-svolvær-biografi-for-borni-hans/#comment-1693421

 

men der eg i dag vil fokusera på yngste sonen Lars Alfred, som flytte til Hadsel og døydde der.  Kanskje er det nokon som sit med lokal kunnskap i Hadsel som kan hjelpa meg finna svar på dei siste spørsmåli?

 

Eit utdrag av manuskriptet mitt følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Alfred Pedersen Nyvold, f. i Vågan 13.12.1874, d. som enkjemann på Holmsnes i Hadsel 31.1.1964.  Lars gifte seg første gongen i Hadsel 13.7.1900 med Helene Severine Andreasdotter Larsen frå Vik i Hadsel, f. i Hadsel 1.5.1876.  Ho d. som fiskarkone på Vik 27.4.1920.  Lars gifte seg 16.10.1922 att i Hadsel med enkja Frigga Andrea, kjend som Andrea Petersdotter, opphavleg frå Voje i Bø.  Ho var f. i Bø 30.5.1875 og gifte seg første gongen i Vågan 8.8.1913 med Thomas Schøning Dalbak Jakobsen frå Fjervold i Bø, f. i Bø 17.7.1888.  Thomas var fiskar, og han og Andrea budde på Holmsnes i Hadsel der Thomas d. 20.10.1918.  Andrea Nyvold d. som kone på Holmsnes 3.5.1945.  Lars var fiskar og budde mellom anna på Nygård og på Vik i Hadsel, men var frå 1922 gardbrukar på Holmsnes i Hadsel. 

 

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer av Lars Alfred? – 1910 nemner: Haldis Pedersen, f. Hadsel 30.10.1904)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer av andre kona Frigga Andrea?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er Lars Alfred i FT1900 for Hadsel: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037541005094

 

Her er Lars Alfred i FT1910 for Hadsel: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036939006963

 

Utfordringane her er følgjande:

 

** Er det mogeleg å finna ei stadfesting på at Haldis var einaste barnet fødd av Lars Alfred og første kona Helene?

 

** Kor mange born fekk eigentleg andre kona Frigga Andrea med første mannen Thomas?  (Eg reknar med ekteskapet hennar med Lars Alfred var barnlaust...?)

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit nyttig og avklarande innlegg!

 

Det var nytt for meg at Hadsel kommune har produsert ei ættesoge, og eg ser at soga er ganske fersk!  Soga gjev svar på spørsmåli mine om denne huslyden, og problemet er soleis løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.