Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Petra Antonette Pedersen på Vågehamn i Lødingen (1881-1954) - kor mange born fekk ho?


Recommended Posts

Dette emnet er ein del av følgjande tema som vart teke opp i november 2015,

 

https://forum.arkivverket.no/topic/199493-peder-torbjørnsen-1828-1907-frå-hafslo-til-svolvær-biografi-for-borni-hans/#comment-1693421

 

men der eg i dag vil fokusera på yngste dotteri Petra Antonette, som flytte til Lødingen og døydde der.  Kanskje er det nokon som sit med lokal kunnskap i Lødingen som kan hjelpa meg finna svar på det siste spørsmålet?

 

Eit utdrag av manuskriptet mitt følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Petra Antonette Pedersen, f. i Vågan 28.7.1881, d. på Vågehamn i Lødingen 7.2.1954.  Petra gifte seg i Lødingen 18.11.1911 med Peder Nicolai Rakløv Lind Hansen, f. på Ballang i Evenes, Ofoten 10.10.1874.  Han d. som tidlegare anleggsarbeidar på Vågehamn 1.1.1962.  Peder Hansen var anleggsarbeidar, og han og Petra budde på Vågehamn i Lødingen. 

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Arne Eliot Skoglund, f. 11.8.1912 Våge i Lødingen – konf. Bresja 1928 – d. 4.7.1973 - kona Edvarda d. 23.6.1998 Voje, Lødingen!

            * Harald, f. 7.9.1916 Bresja

            * Rolf Peder Kristoffer, f. 23.11.1918 Bresja, Lødingen)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter blaing i kyrkjebøkene for Lødingen fann eg ikkje fleire born enn dei tre nemnde, men eg kan godt ha oversett noko...

 

** Kor mange born fekk Petra Antonette i alt?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Sven for nye spennande innlegg om denne huslyden.

 

Det som overraskar meg her, er ættenamnet til sonen Rolf Peder Kristoffer!  Kan han ha vokse opp (som fosterson) hjå ein huslyd Eilertsen?

 

Kanskje let det gjera finna nolevande etterkomarar etter Petra som kan gjera greie for kva born ho fekk?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordringi!

På 5.8.2017 den 12.34, Sven Hjortland skrev:

 

Her er konfirmasjonen til Rolf Peder Kristoffer i 1934:

Nordland fylke, Lødingen i Lødingen, Ministerialbok nr. 872A17 (1910-1937), Konfirmerte 1934, Side 127
https://media.digitalarkivet.no/view/39678/132

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for dei siste innleggi i denne debatten!

 

Eg har i dag vore i telefonkontakt med ein soneson av søsteri Mathilde Hansen i Lødingen.  Han voks opp på Vågehamn der Petra budde, og kunne stadfesta at Petra og mann hennar ikkje hadde fleire born enn dei tre sønene, so då er dette problemet løyst!

 

Eg nyttar høvet til å retta ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.