Nils Harnes Skrevet August 5, 2017 Del Skrevet August 5, 2017 Hei, et spørsmål. Har følgende tekst fra tiendemanntallet i 1520: "Bord på Herness 6 lodd sølv, og 6 lodd s. for jordegods, 1/2 våg ræskjer". Tyder det på at Bord, som trolig var leiglending, også eide en eiendom, "jordegods", som han også betalte 6 lodd sølv for? Mvh Nils Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/213340-jordegods/ Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet August 6, 2017 Del Skrevet August 6, 2017 Om han var leilending eller ikkje, seier ikkje dette noko om. (men andre kjelder kan evt seie noko om det). Skatten var 10% (kvar tiande penning) av alt rørleg og fast gods. Bård (Bord) betalte 6 lodd sylv for lausøyre, og så 6 lodd sylv for jordegods. Det er mest nærliggande å lese innførsla slik at Bård i tillegg betalte 1/2 våg råskjer (turrfisk), og at dette var for lausøyre. Men det kan ein truleg lese frå originalen av skatterekneskapen (skanna på Digitalarkivet). Turrfisk var det "nest beste" (for futen) dersom skattytaren ikkje hadde pengar eller sylv. Det var lett å omsetje, men meir mødesamt å frakte. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/213340-jordegods/#findComment-1796214 Del på andre sider More sharing options...
Nils Harnes Skrevet August 6, 2017 Forfatter Del Skrevet August 6, 2017 Tusen takk! Harnes står i Aslak Bolts jordebok 90 år tidligere og i Olav Engelbrektssons jordebok ca 1533, så vil tro at Bord mest sannsynlig var leiglending ut fra det?. Etter reformasjonen kom kongen inn som eier. Og i tilfelle - kan det jordegodset Bord betalte for i 1520 ha vært eiendom han har hatt utenom? Prøver å finne ut av følgende: I dette diplomet er det nevnt en Torkiel Knudson som selger en del på nabogåden Huse. http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=11062&s=n&str= . I lensregnskapet fra 1549 for Steinviksholm len står det at en Torckell på Harnes betalte 7 ½ øres gardsskyld med et slaktenaut og 6 alner vadmel. Kan dette være samme mann? Så tenkte jeg at hvis Bord var leiglending og samtidig betalte 6 lodd sylv for jordegods i 1520, så kunne det være for den samme eiendommen på Huse som ble solgt i 1544? Kan det være fornuft i det? Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/213340-jordegods/#findComment-1796384 Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet August 6, 2017 Del Skrevet August 6, 2017 Det er knapt med informasjon i desse kjeldene. Men, ja - då låg iallfall ein del av Harnes under Erkestolen. Det kan hende det er mogeleg å sannsynleggjere om det er heile eller ein part. Og ja, Bård (Bord) kan godt ha vore leilending på ein gard, og sjølv vore eigar av ein annan gard. Gods under konge, bisp, kyrkjer, m.m. var vanlegvis "trygt" på den måten at det ikkje var aktuelt at eigaren sjølv kom og ville ta over drifta sjølv. (Ein bygselmann hadde sterke rettar og kunne vanlegvis ikkje kastast ut; unnataket var dersom eigaren sjølv hadde bruk for ein gard.) Og slike gardar kunne vere betre å drive (betre jord eller andre "herlegdomar") enn den eigedomen bonden sjølv evt. var eigar av. Eitt av barna fekk i regelen ta over bygselen etter foreldra. Så kunne eit anna barn (eller fleire) få ta over det eigande godset når dei vaks til. Såleis kunne det vere attraktivt å vere leilending sjølv om ein hadde eige jordegods. Kva for gods Bård åtte, seier desse kjeldene ikkje noko om. Ein heil grannegard, fleire mindre gardpartar, gard i grannebygda, eller lengre unna - det er mange alternativ. Eg ser ikkje heilt kva samband det skulle vere mellom Bård og Huse. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/213340-jordegods/#findComment-1796434 Del på andre sider More sharing options...
Nils Harnes Skrevet August 7, 2017 Forfatter Del Skrevet August 7, 2017 Veldig nyttig! Er ingen link mellom Bård og Huse, men viser kanskje at det ikke er utenkelig at Torkiel også kunne eie en eiendom i tillegg til å være leiglending. Det med eierskapet er ikke så lett å vite, i 1661 ble det betalt 4 våg til oberst von Hoven, 1 våg til Iacob Øffstedall, 0,5 til Hallduor Kringstad og 0,5 til Gulich Setter av totalt 6 våg. Men da var altså kongen (og kirka før det) allerede ute. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/213340-jordegods/#findComment-1796500 Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet August 7, 2017 Del Skrevet August 7, 2017 I matrikkelen 1838 ( https://media.digitalarkivet.no/ma10061006093677 ) står Huse med "gammal skyld" på 3 våger (=12 mellag), og Harnes med 6 våger (24 mellag). Den "gamle" skylda skriv seg frå 1660-åra, med (vanlegvis mindre) justeringar i mellomtida. Her har du funne at det var 6 våger i 1661 også - altså ingen justering for Huse. Det var nok ein del verdistigning (større etterspurnad) frå 1544 til 1661, men ikkje frå 1 1/2 mellag til 24. Det vil seie at det Torkjell selde til Trud Ulfstand, må ha vore ein mindre part i Huse. Parten kan vere inkludert i kva som helst av dei fire partane du har funne i 1661. (men kanskje obersten er mest truleg som kjøpar/arving av Trud sitt gods). Torkjell sin part hadde vel ikkje noko med erkebispegodset eller kongsgodset å gjere. Det står ikkje noko (i desse kjeldene) om at Torkjell budde på Huse. Han kan godt ha budd på ein annan gard - jamvel i eit anna sokn. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/213340-jordegods/#findComment-1796528 Del på andre sider More sharing options...
Nils Harnes Skrevet August 7, 2017 Forfatter Del Skrevet August 7, 2017 Spennende! Tenker at det er en viss sannsynlighet for at han bodde på Harnes siden det står i diplomet at handelen skjedde på Harnes og ikke på Huse. Hvis han kom fra et helt annet sted, ville vel det naturlige være at handelen ble gjort på Huse hvor han eide? Og når det fem år senere bodde en Torkjell på Harnes, så er det vel ikke helt utenkelig at det er samme mann. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/213340-jordegods/#findComment-1796650 Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå