Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Rasmus Mathias Pederson, Svanøy i Kinn. Kva skjedde med han?


Recommended Posts

Rasmus Mathias Pederson f. 1/4 1852 på Svanøya. https://media.digitalarkivet.no/view/6889/134

Familien budde fleire stader i Kinn sokn, og ein periode i Batalden. Familien i 1865: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01038268003748

I 1871 flytter Rasmus til Bergen https://media.digitalarkivet.no/view/6899/19 (til høgre nr. 12)

Men kva skjedde så med han? Finn han ikkje i Bergen i 1875,. Det er sagt at han var sjømann og at han seinare også budde på Svanøya

 

Mvh Torbjørn

Hei,
 
Ettersom han skal ha vore sjømann er sjøfartsrullane ein god stad å starta, og i Bergen som næraste innrulleringsstad.
Eg fann han i denne registerrullen:
 
SAB, Innrulleringssjefen i Bergen, F/Fa/L0002: Register til annotasjons-hovedrulle for Bergen krets L - Å, 1869-1897
 
og ved hjelp av det oppgjevne patentnummeret 1924, i denne annotasjonsrullen,
 
SAB, Innrulleringssjefen i Bergen, F/Fb/L0002: Sjøfarts-annotasjonsrulle, nr. 1191 - 2330, 1869-1874
 
der han blei innrullert  05.03.1873. Han blei sletta av rullen allereie 31.12.1873, og årsaka ser vi lengst til høgre: han rømte i London 28.10.73, dvs. kom ikkje om bord igjen då skuta skulle vidare. Kanskje han var eventyrlysten og mønstra på utanlandske skuter? 
 
Vennleg helsing Richard

Interessant! Mange takk, Richard!

Eventyrlysten var nok sikkert til stades!

 

Står det at han mønstra på "Seagull" frå Bergen til Shields (?) ?

Det var ein brigg som bar namnet Seagull https://digitaltmuseum.no/011044248539/brigg-seagull-bukseres-til-kristiansand-av-lougen-akvarell

 

Er det mogleg å finne ut om han for eksempel var innom New York eller andre amerikanske havner?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Eg les det også som Seagull, og ja, frå Bergen til Shields.
 
Seagull var tydeligvis eit populært skutenamn, vanskeleg å vita kva for ei skute dette var utan nærare undersøkingar: 
 
 
Vennleg helsing Richard
19 minutter siden, Torbjørn Henrik Hillersøy skrev:

Forutsatt at det står Shields, kvar er så det? Kan det vere ei forkorting?

 

Sannsynlegvis er det meint North Shields. Det er ein hamneby på østkysten av England, nær Newcastle.

Takk for svar!

Dei fire "mest populære" havnene for norske sjøfølks påmønstring i England var Liverpool, London, Cardiff og North Shields viser ei studie (masteroppgave av Steffen Sætereie) om norske sjømenn på rømmen.https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/40171/Masteroppgave_Saetereie_PDF.pdf?sequence=7

Sammendrag av studiet her https://www.duo.uio.no/handle/10852/40171

 

Rømning var visst såpass vanleg at det fekk eit eige namn, rømningsvesenet.

Kanskje han som er her i 1881:

 

Rasmus Pedersen in the 1881 England Census

Name:Rasmus Pedersen

Age:28

Estimated birth year:abt 1853

Gender:Male

Where born:Norway

Civil Parish:Vessels

County/Island:Durham

Country:England

Street address:"Skandia"

Education:

Employment status:

View image

Occupation:A B

Registration district:South Shields

ED, institution, or vessel:Skandia

 

Mvh Bente

Hei,

 

skipslista som Bente har funne opplyser at Skandia var ei svensk skute heimehøyrande i Sundsvall, "Eastindia ship", står det også (på den scanna versjonen).

 

Vennleg helsing Richard

Mange takk for fleire interessante opplysningar!

Dersom det er rett Rasmus, var han altså tilbake igjen i Shelds 8 år etter. South Shields ligg (logisk nok) på motsatt side av elva Tyne.

Kanskje hadde han England som sitt andre heimland i ein periode og Shields som base for å møstre på nye skip? Det vart etterkvart mange norske sjøfolk som slo seg ned i dei store britiske sjøfartsbyane London, Liverpool og Newcastle http://digitalarkivet.uib.no/sab/Norskutvandringshistorie.htm

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.