Gå til innhold
Arkivverket

Ole Erikson Urnes - fødd i Hafslo 13.5.1897 - utvandra til Amerika i 1914 - verva seg som soldat før WW1 og forsvinn - kvar vart det av han? - ei ny kjempeutfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Erikson Urnes, son av husmann Erik Hansson Urnes (1846-1911) og Margretha Tollefsdotter Lægreid (1864-1960), var fødd i Hafslo 13.5.1897:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/5258/46

 

Han utvandra til Amerika i 1914 og fór då til broren John Erickson i Lac qui parle Co., MN

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=79789&merk=79789#ovre

 

Men so vert det fortalt at Ole, truleg under namnet Ole ERICKSON, skal ha verva seg til den amerikanske hæren, og sidan høyrde ein aldri meir gjete han!  Familien skriv følgjande:

 

«Ingen veit noko om kor han vart av.  Det vart søkt etter han!»

 

Kan henda var det Frelsearméen som leitte etter han, men det veit eg ikkje sikkert!  Uansett, han kom aldri til rette!

 

Er det mogeleg i dag å komma på sporet etter denne forsvunne soldaten?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

~~~~~

 

PS: Ole må ikkje forvekslast med denne emigranten frå Hafslo:

 

Ole Nilsson Hagen, f. 7.4.1894,

Ole Urness utvandra til Amerika i 1913 og for óg til skyldfolk i Lawler, Chickasaw Co., Ia. der han livnærte seg som farmarbedar («farm laborer») til han i mai 1918 gjekk inn som soldat i første verdskrigen («WW1 soldier»).  Han miste livet i kamp nær Romagne-sous-Montfaucon, Meuse i Frankrike 23.10.1918 og ligg gravlagd der, ugift.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men so vert det fortalt at Ole, truleg under namnet Ole ERICKSON, skal ha verva seg til den amerikanske hæren, og sidan høyrde ein aldri meir gjete han! 

 

Jeg finner iallefall ingen med det navnet (med varianter) og født 13.5.1897 (med små variasjoner) som vervet seg.......Han kan selvsagt ha oppgitt en svært forskjellig f. dato! - men da begynner det å bli vanskelig......

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegg!

 

Eg er vorten fortald at ein del dokument frå det amerikanske hærarkivet skal vera gått tapt.  Eg hugsar ikkje kva tid eller på kva vis, men trur at kanskje slike vervingsdokument kan vera mellom dei.  Eg har nemleg vore borti eit par andre tilfelle der soldatar som har verva seg FØR WW1-drafti vart innførte i 1917/1918 rett og slett ikkje finst (jmf. mellom anna James Joseph Moran frå eit anna tema...).

 

Den mest sannsynlege forklaringi på forvinningi til Ole Erikson Urnes er nok at han fall i krigen; det trur i alle fall slekti hans i Noreg, men som sagt, ingen veit noko sikkert...

 

Eg takkar på ny for freistnaden, Egil.  Me finn ikkje alltid svar på det me leiter etter, men me gjer i alle fall det som er mogeleg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege i «dvale» i over ein månad.

 

Eg har ikkje noko nytt å bidra med, og det har so langt ikkje vore noki hjelp i nye briller heller...

 

Kanskje andre har meir hell enn eg?  Kvar vart det av Ole Erikson i Amerika - eller som soldat i Europa?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips for å løysa denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som framleis ligg uløyst sidan det vart presentert i august i fjor.

 

Eg har ingen nye opplysningar i saki.  Ingen veit noko som helst om denne mannen, men det hadde vore heilt kjempe om lagnaden hans kunne finnast!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne bør kanskje sjekkes ? (Det er vel Ole Nilsson Urnes nevnt ovenfor)

Name: Ole Urness

State Registered: Iowa

Death Date: 23 Oct 1918

Cemetery: Meuse-Argonne American Cemetery

Cemetery Burial Plot:Plot A Row 44 Grave 24

Cemetery City: Romagne

Cemetery Country: France

War: World War I

Title: Private First Class, U.S. Army

Rank: Private First Class

Service: U.S. Army

Division: 352nd Infantry Regiment, 88th Infantry Division

Data Source: World War I Honor Roll

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er en annen kandidat, denne fra Minnesota:

Ole Erickson  in the U.S., Adjutant General Military Records, 1631-1976

Name:Ole Erickson

Report Year:1917-1918

Service State:Minnesota

 

Ole Erickson WWI.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nye interessante og utfordrande innlegg!

 

Den første «kandidaten», Ole Urness frå Meuse-Argonne kyrkjegarden er ein annan person, som du òg kommenterer - sjå innoegg #1 over!

 

Ole Nilsson Urnes (Hagen), fødd i Hafslo 7.4.1894 og utvandra til Iowa i 1913.  Han miste livet i kampane nær Romagne-sous-Montfaucon 23.10.1918.

 

Den andre «kandidaten» din, Ole Erickson, som 4.7.1917 verva seg som soldat frå Madison, MN, ser derimot SVÆRT so interessant ut.  Einaste broren som var i Amerika, Jens Erikson Urnes, budde òg nær Madison, MN på den tidi og kalla seg for John Erickson!

 

So då er spørsmålet, kan Ole Erickson følgjast opp?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne lagnaden!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er det dukka opp ein «kandidat» til Ole Erickson, som eg tykkjer høver svært so godt:

 

I Jefferson Barracks Government Reservation, St. Louis Co., MO var det i 1920 ein spennande soldat:

 

Ole C. Erickson, laborer, private US Army, 23 years old, born in Norway, emigrated 1914 and naturalized 1917, MARRIED:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJM-96W?i=7&cc=1488411

 

Eg finn ingen andre kjelder som nemner denne karen, men kanskje andre ser noko som eg har oversett?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne gåta!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Han ser svært interessant ut, naturalisert i 1917, da ligger det persondata i de papirene .........

 

Jeg er på reise og har bare en Ipad uten å kunne lage lenke, prøvde finne annen støtteinformasjon på ham, men fant bare en med 'mistenkelig nærliggende' data i Social Security Applications and Claims Index for December 1938 som jeg antar er hans dødsår.

Name: Ole C. Erickson

Birth: 5 May 1897 (istedet for 13 May)

Place: Louisburg, Minnesota (stedet han skulle til i 1914, hvor hans bror Jens bodde)

Father: Hans Erickson (istedet for Erik Hanson)

Mother: Margrete T. Olsen (istedet for Margarete Tollefsdtr.)

SSN: 542122719

 

Hvis dette er data oppgitt i 1938 ved hans død, kan de være oppgitt av en person som ikke kjente ham godt .......

SSN-nummret kan kanskje også brukes til å få hans persondata.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for eit kjempespennande innlegg!

 

Dette MÅ vera «vår» Ole!!

 

Eg er samd med deg i at desember 1938 KAN vera tidspunktet for dødsfallet til Ole Erickson, men han er i so fall IKKJE avliden i staten OREGON der dette social security nummeret vart utstedt!

 

Uansett, me er komne eit langt steg vidare i å rulla opp lagnaden til Ole Erikson frå Urnes og eg takkar på ny for framifrå bistand til denne oppklaringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var broren John gift (i tilfelle med hvem og når var John født?)

 

Denne dukker også nemlig opp

The U.S., Social Security Applications and Claims Index, 1936-2007
Name:    Ole Erickson
Gender:    Male
Race:    White
Birth Date:    16 May 1897
Birth Place:    Louisburg, Minnesota
Father:    John Erickson
Mother:    Margaret Olson
SSN:    567050722
Notes:    Jun 1937: Name listed as OLE ERICKSON

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og på US Army Transport Services hos Ancestry har vi en Ole Erickson som soldat ombord på militærfartøyet 'Hororata' i 1918, bosted Louisburg, Minnesota, next of kin er uncle John T. Olsen ! Oles Service number er 1429454. (Denne onkelen må være John Tollefson Lagreid Olsen i Louisburg, Minnesota, f. 1861). 

 

 

 

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg må berre gje meg ende over!  Hjarteleg takk til Egil og Kurt for utrulege og imponerande innlegg!

 

Ole Erickson ser ut til å ha veksla identitet, uvisst av kva grunn, for det er jo han som i 1937 er nemnd i social security registeret på ny, men denne gong med ein annan fødselsdato og med eit nummer som tyder på at han budde i CALIFORNIA!

 

Onkelen John T. Olson ser eg budde i 1920 på ein farm i Lake Shore township nær Louisburg, Lac qui parle Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXR-ZRT?i=13&cc=1488411

 

Når det gjeld broren John Erickson, so er det han som vert drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/220584-obituaries-i-florida-kan-nokon-hjelpa-meg/

 

Til tross for alle desse nye og spennande opplysningane kan eg ikkje med beste vilje finna nokon Ole Erickson i FT1930 som høver, og heller ingen «passande» dødsfall korkje i Oregon eller i California!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera lagnaden til Ole Erikson frå Urnes!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege «i dvale» sidan før påske.  Det hadde vore so kjekt om me greidde å finna ei løysing på denne gåta om lagnaden til Ole Erickson, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Dette er eit tema som verkeleg ligg hjartet mitt svær nær å finna ei løysing på, so eg vil i kveld gjerne få henta det fram att frå «gløymsli».  Her følgjer eit «samandrag» av dei opplysningane me har pr. i dag:

 

Ole Erikson Urnes, f. i Hafslo 13.5.1897, son av Erik Hansson (Urnes) og Margretha T(ollefsdotter) Olson (Legreid), utvandra i 1914 til onkel (morbror) John T. Olson i Louisburg, Lac qui parle Co., MN og verva seg til hærteneste i 1917.

 

I «U.S., Adjutant General Military Records, 1631-1976» er han nemnd som «private in 2nd infantry Company M, commissioned at Madison, MN July 4. 1917»

 

Neste gong han er nemnd er i «US Army Transport Services» under namnet Ole Erickson ombord «Hororata» i 1918, bustad Louisburg, MN og «next-of-kin» onkel John T. Olsen - service No. #1429454.

 

So finn me han, eg er i alle fall ganske so sikker på at det må vera han, i FT1920 for Jefferson Barracks Government Reservation, St. Louis Co., MO: Ole C. Erickson, laborer, private US Army, 23, born in Norway, emigrated in 1914 and naturalized in 1917.

 

Sidan ser me ikkje noko meir til Ole fram til dei to registreringane i «All U.S., Social Security Applications and Claims Index, 1936-2007»:

 

Name:    Ole Erickson
Gender:    Male
Race:    White
Birth Date:    16 May 1897
Birth Place:    Louisburg, Minnesota
Father:    John Erickson
Mother:    Margaret Olson
SSN:    567050722 (issued CA)
Notes:    Jun 1937: Name listed as OLE ERICKSON

 

Name:    Ole C Erickson
Gender:    Male
Race:    White
Birth Date:    5 May 1897
Birth Place:    Louisburg, Minnesota
Father:    Hans Erickson
Mother:    Margret T Olsen
SSN:    542122719 (issued OR)
Notes:    Dec 1938: Name listed as OLE C ERICKSON

 

Der sluttar førebels alle spor etter mannen!  Kvar kan han so ha gjort av seg etter den tid?  Han kan vera avliden, men desse social security registreringane frå 1930-talet var vel noko som ALLE gjennomførte i samband med inføring av social securoity i USA?  Eller er eg heilt på jordet?  Dersom personen var avliden,. ville det vel stått ein «claim date» (men det forutselt kan henda at det var ein eller annen spm levde att og som bad om utbetaling av pensjon?)

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp lagnaden til Ole Erikson frå Urnes, ein som slekti i Noreg aldri høyrde meir gjete etter at han verva seg som soldat i 1917!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

At innførslene i «All U.S., Social Security Applications and Claims Index, 1936-2007» ikkje er einstydande med at dei det gjeld skulle vera avlidne på den tidi, har eg i dag finne prov på gjennom ei heilt «analog» innførsle:

 

Name:    Ole Erickson
Gender:    Male
Race:    White
Birth Date:    2 Feb 1897
Birth Place:    Fergus Falls, Minnesota
Father:    Bjorn Erickson
Mother:    Lena Guldranson
SSN:    501078051 (issued ND)
Notes:    Jun 1937: Name listed as OLE ERICKSON

 

Denne Ole Erickson var i FT1940 busett i Benson Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-5S1R 

 

og han døydde der i 1943:

ERICKSON, OLE 08/18/1943 Benson MALE 46 Years 02/02/1897 North Dakota Benson

 

Og her er ein annan som er heilt «analog»:

 

Name:    Ole Nels Berg
Gender:    Male
Race:    White
Birth Date:    28 Apr 1895
Birth Place:    Huntorp, Norway
Father:    Nels Berg
Mother:    Johanna M Sandbeck
SSN:    708073776 (issued railroad board)
Notes:    Feb 1937: Name listed as OLE NELS BERG

 

Denne karen var i FT1940 busett i Madison, WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-ZDL5

 

og der døydde han i 1963: https://www.findagrave.com/memorial/86366291

 

So då kan me trygt gjenta kjempeutfordringi...:  Kvar i all verdi kan det ha vorte av «vår» Ole Erickson??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne kjempegåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

jeg har støtt på nyinnvandrede nordmenn som har vervet seg også. Er det noen som har noen formening om hva som lå i det. Penger? Arbeidsledighet? Militær karriere (utdanning) ? Idealisme, hva slags i så fall? Lovnader om statsborgerskap eller andre ikke-økonomiske fordeler.

Kom forresten en bok om emnet i 2012:

Norske emigranter i den amerikanske hær i første verdenskrig 1914-1918 = : Norwegian emigrants in U.S. Army in World War I 1914-1918

Navn:

Struck, Roar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjerteleg takk til Dag for siste innlegg!

 

Eg kan ikkje gje deg noko ålmennt svar på det du spør om, men eg lever ut ifrå den filosofien at alt ein gjer i livet, det gjer ein for å komma betre ut reint personleg og ikkje minst økonomisk, eller, om ein er medlem av ei sterk religiøs rørsle eller på andre vis ikkje kan tenkja fritt, at ein ut ifrå idealisme kjemper for det fellesskapet ein høyrer til...

 

Desse motivi går i alle fall klart att som ein «raud tråd» i alle spørsmål som gjeld utvandring...

 

Elles har eg «lufta» dette spørsmålet om lagnaden til Ole Erickson med amerikanske kontaktpersonar, og eg har fått ein par kommentarar som eg gjerne vil få attgje:

 

~~~~~~~~~~~~

 

«I ordered a copy of my grandmother's social security application and there was a question asking if she had ever applied before.  She
answered, "Yes, but incorrectly."  Maybe he filled out a second application to correct the birth date since they don't agree exactly.  The whole thing was new.  Maybe he thought he had to fill out another form if he got a new job, or his employer gave him a form and he
filled it out.»

 

~~~~~~~~~~~~

 

«Okay this is something I know about first hand.  You probably have to send for photostat copies of both the SS applications.  You need to see what dates they were issued and whether Ole filled out the application himself or a clerk helped him.  My great grandfather never filled out his SS application until he was 91.  He was born 1876-1879 in Cherokee County, NC and his parents were not married, at least to each other.  He got his father's name correctly but only the nickname form.  For mother, he put his mother-in-law's name but when I saw the photostat it was obviously filled in by a clerk.  Between deafness, functional illiteracy and a possibly bored clerk I don't think the questions were asked clearly.  His father was Alvin Sylvester Fowler, AKA Dick Farrow and his mother was Mary Elizabeth (Lizzie) Frerichs (AKA Frase)  His mother-in-law who was close to G-Grandpa in age was Nancy Griffitts.   I searched for his mother for years when I first started genealogy as Nancy with an infant, John William in the 1880 census, when she was there all the time as Lizzie Frase.

 

When you add patronymic surnames into the mix things are even more complicated.  Since he was in the Army the place to start is his service record...he could have even died in the Great Flu Pandemic.  Jefferson Barracks in St. Louis was particularly badly hit.  All these records are not digitized, I think.  This is one of those cases where you need to go step by step from the earliest records and keep a spreadsheet of different names given.

 

It's possible that he forgot one SS number and applied for another.  You can't do that today but things were more flexible back in the day.  If he followed farm labor, never married or established himself in one place this is an explanation that would explain Ole's story.  They often worked summers and drank the winter away.  The other big records wasteland is the 1917-1920 flu epidemic.  The army made some huge mistakes that spread rather than stopped the epidemic and not all the deaths were well recorded.  Daughter and I read a book, "The Great Influenza" which covered the things that were done right and the multitudes that were done wrong.  One of the stories was that Jefferson Barracks where the disease had gotten a foothold, loaded up a trainload of 'healthy soldiers' and sent the train to Georgia.  Of course the train ended up in Georgia with lots of dead and dying, not only adding to the misery but spreading the disease.  The city of St. Louis itself had one of the better records of controlling the epidemic with strict quarantine measures but the Army was trying to fight a war.»

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg beit meg merke i den kommentaren om at farmarbeidarar ofte jobba om sommaren og «drakk vinteren bort».  Det ser jo ut til at Ole har vore ganske so «mobil»...  Kanskje lyt eg tinga kopiar av båe desse søknadsskjemai hans for å få vita litt meir om nøyaktig kvar han hadde tilhald...?

 

Elles vonar eg sjølvsagt framleis at ein eller annan i Brukarforum har rette «teften» og greier å komma på spor etter Ole - ein eller annan stad...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #20:

 

Eg kan no melda at eg endeleg er komen på sporet etter Ole Erickson i Amerika.  Frå 1920-åri lest han som om han var fødd i Louisburg, MN, og eg fann WW2 draftet hans frå 1942 frå Seattle, WA der det kjem fram at han var brannviskar til sjøs: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/2238/images/44045_04_00009-04414?treeid=&personid=&hintid=&queryId=7e74a656e6ce41d9c2a2add73bef5a1b&usePUB=true&_phsrc=Nzx25123&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.268608753.1621079734.1618435785-390650824.1612707015&pId=36899453

 

Han er dessutan nemnd på utallige skipslister, for det meste som «fire wiper» eller liknande, siste gongen er han oppdaga på eit skip frå Cherbourg frå 1946: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7488/images/NYT715_7099-1280?treeid=&personid=&hintid=&queryId=29eb9eba1488bb4bdfdbd144c8deca23&usePUB=true&_phsrc=iLE7&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.67331345.1621079734.1618435785-390650824.1612707015&pId=3021292796

 

Det som no manglar om Ole er følgjande:

 

* Han er skriven som «married» ved FT1920 for Jefferson Barracks, St. Louis, MO, men eg har ikkje greidd å finna noko som helst om ei kone...?

 

* Og so manglar me dato og stad for dødsfallet hans - etter 1946?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger inn denne Lars;

 

The U.S., Veterans Administration Master Index, 1917-1940 - Lenke Ancestry

Name: Ole C Erickson
Record Type: Military Service
Birth Date: 16 May 1897
Military Date: 4 Aug 1919
Military Place: Leavenworth, Kansas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 17.7.2018 den 10.39, Dag Brodin skrev:

jeg har støtt på nyinnvandrede nordmenn som har vervet seg også. Er det noen som har noen formening om hva som lå i det. Penger? Arbeidsledighet? Militær karriere (utdanning) ? Idealisme, hva slags i så fall? Lovnader om statsborgerskap eller andre ikke-økonomiske fordeler.

Kom forresten en bok om emnet i 2012:

Norske emigranter i den amerikanske hær i første verdenskrig 1914-1918 = : Norwegian emigrants in U.S. Army in World War I 1914-1918

Navn:

Struck, Roar

 

Hvis jeg kan få være så fri: https://www.humanistforlag.no/de-ukjente-krigerne.5543852-324353.html 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #23:

 

Hjarteleg takk til Egil og Ola for nye spennande innlegg!

 

Eg er litt usikker på korleis ein skal tolka innførsli frå Leavenworth, KS, men eg TRUR det må vera eit «dimitteringsdokument», at han då var ferdig med militærlivet?  Fem månadar etter (jan. 1920) er han «berre» laborer ved militærforlegningi i Jefferson Barracks, MO...

 

Elles er den nemnde boki om soldatane i WW1 sikkert spennande og interessant lesing.  Men eg lurer på: Går denne boki ned på individnivå?  Finst det detaljerte namnelister over soldatane og kvar dei tenestegjorde, kvar det vart av dei?

 

Me kjenner jo til mange av dei gjennom publiserte WW1 draft records, men det var jo òg mange som verva seg friviljug og som ikkje finst i desse WW1 draft records!  «Vår» Ole Erikson Urnes er tydeleg ein av dei, og eg har òg vore borti andre...

 

Heilt konkret vil eg vel spørja om Ole Erikson Urnes er nemnd i boki?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne guten frå Hafslo!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #23:

 

Hjarteleg takk til Egil og Ola for nye spennande innlegg!

 

Eg er litt usikker på korleis ein skal tolka innførsli frå Leavenworth, KS, men eg TRUR det må vera eit «dimitteringsdokument», at han då var ferdig med militærlivet?  Fem månadar etter (jan. 1920) er han «berre» laborer ved militærforlegningi i Jefferson Barracks, MO...

 

Elles er den nemnde boki om soldatane i WW1 sikkert spennande og interessant lesing.  Men eg lurer på: Går denne boki ned på individnivå?  Finst det detaljerte namnelister over soldatane og kvar dei tenestegjorde, kvar det vart av dei?

 

Me kjenner jo til mange av dei gjennom publiserte WW1 draft records, men det var jo òg mange som verva seg friviljug og som ikkje finst i desse WW1 draft records!  «Vår» Ole Erikson Urnes er tydeleg ein av dei, og eg har òg vore borti andre...

 

Heilt konkret vil eg vel spørja om Ole Erikson Urnes er nemnd i boki?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne guten frå Hafslo!


Det var jo og mange som registrerte eller verva seg til teneste i fyrste verdskrigen i 1917 og som ikkje vart innkalla i det heile, verken til rekruttskule eller krigsteneste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, boken har ingen lister. Det er ikke mulig for de ca. 10-12 000 norskfødte som var i amerikansk krigstjeneste. Det er mulig for de ca. 3000 i kanadsiak og 500 i australsk, og håndfullen i den britiske høres eller Fremmedlegionen.


Din mann er ikke nevnt. Vi fulgte noen enkelthistorier, om folk vi hadde kilde om og fra.

 

Problemet med arkiver og papirer for amerikanske soldater under Første verdenskrig er at det ikke eksisterte noe samlet nasjonal vernepliktsadmnistrasjon. I stedet ble det organisert på delstats- og countynivå, og det er ulikt hva som er bevart og ikke fra stat til stat. Det er ikke noe samlet register (med unntak av Draft-kortene, som ikke sier noe om militærtjeneste, men verneplikts-status. Det betyr også at det er vanskelig å følge de som vervet seg før Draften kom i 1917.

 

Det som er spesielt med den amerikanske verneplikten, var at alle menn i viss alder ble kalt inn, uansett statsborgerstatus. De som ikke var statsborgere, eller kun hadd emirs appers og ikke Secon, kunne komme seg unna. Men det tok ofte tid og betydde at den norske ambassaden og UD ble involvert. Dessuten ble de som ville kom eunna, "slackers", utsatt for press både på hjemstedene og i militærleirene. Det var også trusler om at de mistet sjansen til kunne bli amerikanske statsborgere i fremtiden. 

 

På Ancestry er det databaser over noe, blant annet Marinekorpset og enkelte stater. Det finnes også samlinger med utklipp og noen arkivsaker, som på NAHA ved St. Olaf. Ellers er det mye å finne i UDs arkiv på Riksarkivet. Men det er enkeltsaker, ikke systematisk.

Endret av Ola Teige
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.