Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Erikson Urnes - fødd i Hafslo 13.5.1897 - utvandra til Amerika i 1914 - verva seg som soldat før WW1 og forsvinn - kvar vart det av han? - ei ny kjempeutfordring?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ole Erikson Urnes, son av husmann Erik Hansson Urnes (1846-1911) og Margretha Tollefsdotter Lægreid (1864-1960), var fødd i Hafslo 13.5.1897:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/5258/46

 

Han utvandra til Amerika i 1914 og fór då til broren John Erickson i Lac qui parle Co., MN

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=79789&merk=79789#ovre

 

Men so vert det fortalt at Ole, truleg under namnet Ole ERICKSON, skal ha verva seg til den amerikanske hæren, og sidan høyrde ein aldri meir gjete han!  Familien skriv følgjande:

 

«Ingen veit noko om kor han vart av.  Det vart søkt etter han!»

 

Kan henda var det Frelsearméen som leitte etter han, men det veit eg ikkje sikkert!  Uansett, han kom aldri til rette!

 

Er det mogeleg i dag å komma på sporet etter denne forsvunne soldaten?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

~~~~~

 

PS: Ole må ikkje forvekslast med denne emigranten frå Hafslo:

 

Ole Nilsson Hagen, f. 7.4.1894,

Ole Urness utvandra til Amerika i 1913 og for óg til skyldfolk i Lawler, Chickasaw Co., Ia. der han livnærte seg som farmarbedar («farm laborer») til han i mai 1918 gjekk inn som soldat i første verdskrigen («WW1 soldier»).  Han miste livet i kamp nær Romagne-sous-Montfaucon, Meuse i Frankrike 23.10.1918 og ligg gravlagd der, ugift.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men so vert det fortalt at Ole, truleg under namnet Ole ERICKSON, skal ha verva seg til den amerikanske hæren, og sidan høyrde ein aldri meir gjete han! 

 

Jeg finner iallefall ingen med det navnet (med varianter) og født 13.5.1897 (med små variasjoner) som vervet seg.......Han kan selvsagt ha oppgitt en svært forskjellig f. dato! - men da begynner det å bli vanskelig......

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegg!

 

Eg er vorten fortald at ein del dokument frå det amerikanske hærarkivet skal vera gått tapt.  Eg hugsar ikkje kva tid eller på kva vis, men trur at kanskje slike vervingsdokument kan vera mellom dei.  Eg har nemleg vore borti eit par andre tilfelle der soldatar som har verva seg FØR WW1-drafti vart innførte i 1917/1918 rett og slett ikkje finst (jmf. mellom anna James Joseph Moran frå eit anna tema...).

 

Den mest sannsynlege forklaringi på forvinningi til Ole Erikson Urnes er nok at han fall i krigen; det trur i alle fall slekti hans i Noreg, men som sagt, ingen veit noko sikkert...

 

Eg takkar på ny for freistnaden, Egil.  Me finn ikkje alltid svar på det me leiter etter, men me gjer i alle fall det som er mogeleg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege i «dvale» i over ein månad.

 

Eg har ikkje noko nytt å bidra med, og det har so langt ikkje vore noki hjelp i nye briller heller...

 

Kanskje andre har meir hell enn eg?  Kvar vart det av Ole Erikson i Amerika - eller som soldat i Europa?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips for å løysa denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som framleis ligg uløyst sidan det vart presentert i august i fjor.

 

Eg har ingen nye opplysningar i saki.  Ingen veit noko som helst om denne mannen, men det hadde vore heilt kjempe om lagnaden hans kunne finnast!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye
Skrevet (endret)

Denne bør kanskje sjekkes ? (Det er vel Ole Nilsson Urnes nevnt ovenfor)

Name: Ole Urness

State Registered: Iowa

Death Date: 23 Oct 1918

Cemetery: Meuse-Argonne American Cemetery

Cemetery Burial Plot:Plot A Row 44 Grave 24

Cemetery City: Romagne

Cemetery Country: France

War: World War I

Title: Private First Class, U.S. Army

Rank: Private First Class

Service: U.S. Army

Division: 352nd Infantry Regiment, 88th Infantry Division

Data Source: World War I Honor Roll

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Her er en annen kandidat, denne fra Minnesota:

Ole Erickson  in the U.S., Adjutant General Military Records, 1631-1976

Name:Ole Erickson

Report Year:1917-1918

Service State:Minnesota

 

Ole Erickson WWI.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Kurt for nye interessante og utfordrande innlegg!

 

Den første «kandidaten», Ole Urness frå Meuse-Argonne kyrkjegarden er ein annan person, som du òg kommenterer - sjå innoegg #1 over!

 

Ole Nilsson Urnes (Hagen), fødd i Hafslo 7.4.1894 og utvandra til Iowa i 1913.  Han miste livet i kampane nær Romagne-sous-Montfaucon 23.10.1918.

 

Den andre «kandidaten» din, Ole Erickson, som 4.7.1917 verva seg som soldat frå Madison, MN, ser derimot SVÆRT so interessant ut.  Einaste broren som var i Amerika, Jens Erikson Urnes, budde òg nær Madison, MN på den tidi og kalla seg for John Erickson!

 

So då er spørsmålet, kan Ole Erickson følgjast opp?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne lagnaden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Her er det dukka opp ein «kandidat» til Ole Erickson, som eg tykkjer høver svært so godt:

 

I Jefferson Barracks Government Reservation, St. Louis Co., MO var det i 1920 ein spennande soldat:

 

Ole C. Erickson, laborer, private US Army, 23 years old, born in Norway, emigrated 1914 and naturalized 1917, MARRIED:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJM-96W?i=7&cc=1488411

 

Eg finn ingen andre kjelder som nemner denne karen, men kanskje andre ser noko som eg har oversett?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne gåta!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Han ser svært interessant ut, naturalisert i 1917, da ligger det persondata i de papirene .........

 

Jeg er på reise og har bare en Ipad uten å kunne lage lenke, prøvde finne annen støtteinformasjon på ham, men fant bare en med 'mistenkelig nærliggende' data i Social Security Applications and Claims Index for December 1938 som jeg antar er hans dødsår.

Name: Ole C. Erickson

Birth: 5 May 1897 (istedet for 13 May)

Place: Louisburg, Minnesota (stedet han skulle til i 1914, hvor hans bror Jens bodde)

Father: Hans Erickson (istedet for Erik Hanson)

Mother: Margrete T. Olsen (istedet for Margarete Tollefsdtr.)

SSN: 542122719

 

Hvis dette er data oppgitt i 1938 ved hans død, kan de være oppgitt av en person som ikke kjente ham godt .......

SSN-nummret kan kanskje også brukes til å få hans persondata.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Kurt for eit kjempespennande innlegg!

 

Dette MÅ vera «vår» Ole!!

 

Eg er samd med deg i at desember 1938 KAN vera tidspunktet for dødsfallet til Ole Erickson, men han er i so fall IKKJE avliden i staten OREGON der dette social security nummeret vart utstedt!

 

Uansett, me er komne eit langt steg vidare i å rulla opp lagnaden til Ole Erikson frå Urnes og eg takkar på ny for framifrå bistand til denne oppklaringi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Var broren John gift (i tilfelle med hvem og når var John født?)

 

Denne dukker også nemlig opp

The U.S., Social Security Applications and Claims Index, 1936-2007
Name:    Ole Erickson
Gender:    Male
Race:    White
Birth Date:    16 May 1897
Birth Place:    Louisburg, Minnesota
Father:    John Erickson
Mother:    Margaret Olson
SSN:    567050722
Notes:    Jun 1937: Name listed as OLE ERICKSON

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye
Skrevet (endret)

Og på US Army Transport Services hos Ancestry har vi en Ole Erickson som soldat ombord på militærfartøyet 'Hororata' i 1918, bosted Louisburg, Minnesota, next of kin er uncle John T. Olsen ! Oles Service number er 1429454. (Denne onkelen må være John Tollefson Lagreid Olsen i Louisburg, Minnesota, f. 1861). 

 

 

 

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg må berre gje meg ende over!  Hjarteleg takk til Egil og Kurt for utrulege og imponerande innlegg!

 

Ole Erickson ser ut til å ha veksla identitet, uvisst av kva grunn, for det er jo han som i 1937 er nemnd i social security registeret på ny, men denne gong med ein annan fødselsdato og med eit nummer som tyder på at han budde i CALIFORNIA!

 

Onkelen John T. Olson ser eg budde i 1920 på ein farm i Lake Shore township nær Louisburg, Lac qui parle Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXR-ZRT?i=13&cc=1488411

 

Når det gjeld broren John Erickson, so er det han som vert drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/220584-obituaries-i-florida-kan-nokon-hjelpa-meg/

 

Til tross for alle desse nye og spennande opplysningane kan eg ikkje med beste vilje finna nokon Ole Erickson i FT1930 som høver, og heller ingen «passande» dødsfall korkje i Oregon eller i California!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera lagnaden til Ole Erikson frå Urnes!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege «i dvale» sidan før påske.  Det hadde vore so kjekt om me greidde å finna ei løysing på denne gåta om lagnaden til Ole Erickson, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.