Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Wisconsin/USA: Kven var Harold Sly som var gift med norsk-amerikanske Caroline Lam(m)o (1881-1926)?


Recommended Posts

Eg er på jakt etter informasjon om fødsel, dødsfall, giftemål og foreldre til Harold Sly.

 

I ei slektstavle er namnet den einaste informasjonen som er oppgjeve om han som mannen til Caroline Lamo. 

 

Caroline Lamo - namnet blir også stave Lammo av enkelte i familien - var fødd i Urne, Buffalo Co., Wisconsin 18.7.1881. Fødselsdato går fram i samband med konfirmasjonen i Lyster Lutheran Church i 1896 (nemnt som Karolina Lamo) og dødsfallet hennar i 10.2.1926 (nemnt som Caroline L. Sly). Foreldra hennar var Ole Tjøstolvsson Lamo (1854-1897) frå Lom og Torbjørg (Tillie, Torbor) Sandersdotter Fåne (Torgerson) (1862-1944) frå Tinn. Caroline er indirekte omtalt i samband i ein avisnotis da mora døydde, men det er ikkje sagt noko om henne. Eg har ikkje funne Caroline og Harold gift i Lyster Lutheran Church. Eg har heller ikkje klart å finne noko i avisene frå 1926 eller tidlegare om giftemålet eller dødsfallet.

 

Her er  Caroline og familien i 1900:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMK9-PFZ

 

Eg har ikkje klart å finne henne i 1910 eller 1920.

 

Det er freistande å tru mannen er den  Harold John Sly f.1900 som bur i same området som Caroline, men eg har ikkje funne noko som konkret knyter dei to saman.

 

Han er registrert i samband med 1. verdskrigen:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:K8QG-54G

 

Her er han i 1920 og ugift:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MF29-DRT

 

Og i 1930 er han gift og har ein son på 2 år:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:X9SD-2RW

 

Her er gravinformasjon for han:

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=131064562

 

Det er også ein annan Harold Sly i Wisconsin fødd i 1895 som også bur i Wisconsin. Han er også registrert i samband med fyrste verdskrigen:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:K87C-1PC

 

Han er registert som single i 1930:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:X9SG-DVC

 

Her er han gravlagt i 1952:

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=150693090&ref=acom

 

Er det nokon som har søketips eller meir informasjon om Harold eller Caroline?

 

 

 

Gravferd (1).jpg

Konfirmasjon Caroline Lamo (1).jpg

clipping_13140922.jpg

Endret av Per S. Nestande

Dåpen hennes i 1881

The U.S., Evangelical Lutheran Church of America, Records, 1826-1940
Name:    Karoline Kjostessen - http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=ELCAbmd&indiv=try&h=3095061
Event Type:    Baptism
Birth Date:    18 Jul 1881
Baptism Date:    7 Aug 1881
Baptism Place:    Buffalo, Wisconsin, USA
Father:    Ole Kjostessen
Mother:    Torbor Soudred
Church Name:    Lyster Lutheran Church
Church Location:    Nelson, Wisconsin

  • Liker 1

Dødsfallet er registrert i kyrkjeboka som eg har klipt inn ovanfor (eit av tre bilete i fyrste innlegget) - Lyster Lutheran Church. Det verkar som ho budde i Durand, Pepin Co, WI da.

3 minutter siden, Per S. Nestande skrev:

Dødsfallet er registrert i kyrkjeboka som eg har klipt inn ovanfor (eit av tre bilete i fyrste innlegget) - Lyster Lutheran Church. Det verkar som ho budde i Durand, Pepin Co, WI da.

 

Fint, kan du legge inn lenke? Bildet du har lagt inn er smått og lite lesbart.....

Det er ok, jeg fant det, det var bare litt forvirrende da du sier at hun var nevnt som Caroline L. Lamo, men hun er nevnt som SLY.

The U.S., Evangelical Lutheran Church of America, Records, 1826-1940
Name:    Caroline L Sly
Event Type:    Burial
Birth Date:    18 Jul 1881
Death Date:    10 Feb
Burial Date:    16 Feb 1926
Burial Place:    Church Valley, Wis
Church Name:    Lyster Lutheran Church
Church Location:    Nelson, Wisconsin

524bbff6ded860b86ea38b72f07665c1.png

Endret av Egil Johannessen
4 timer siden, Per S. Nestande skrev:

Eg er på jakt etter informasjon om fødsel, dødsfall, giftemål og foreldre til Harold Sly.

 

I ei slektstavle er namnet den einaste informasjonen som er oppgjeve om han som mannen til Caroline Lamo. 

 

Jeg vet ikke hvor denne slektstavlen har funnet navnet Harold fra, men dette må være samme dame som ble gravlagt i WI og som døde i California, 10. februar 1926 - og som du vil se fra Halsted and Company Funeral Home så skal hun begraves i Durand, WI - mannen het William E. Sly

The California, San Francisco Area Funeral Home Records, 1895-1985
Name:    Caroline Sly  - http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=2118&h=348900&ssrc=pt&tid=57158338&pid=46024398580&usePUB=true
Death Date:    10 Feb 1926
Funeral Home:    Halsted and Company

 

1926_Sly.jpeg

1926_Caroline Sly.jpeg

Endret av Egil Johannessen

The California, Death Index, 1905-1939
Name:    Caroline Sly
Birth Year:    abt 1885
Death Date:    10 Feb 1926
Age at Death:    41
Death Place:    San Francisco, California, USA

  • Liker 1

Tusen takk! Det var flott. Eg veit heller ikkje kvar namnet Harold kom frå - det sto ikkje nokon kjelder i slektstavla og ikkje noko årstal for Sly heller.

  • Liker 1

The U.S., World War I Draft Registration Cards, 1917-1918
Name:    William Edward Sly - http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=6482&h=12015325&ssrc=pt&tid=57158338&pid=46024398580&usePUB=true
Race:    White
Birth Date:    25 Apr 1880
Street address:    234 W 21st St.
Residence Place:    Manhattan, New York, New York, USA
Physical Build:    Stout
Height:    Medium
Hair Color:    L. Brown Bald
Eye Color:    Hazel
Relative:    Caroline Sly
Relative's Relationship:    Wife

Tusen takk - har nok sett meg blind på Wisconsin her - men uansett flott å få på plass riktig namn og meir informasjon om mannen til Caroline. Stor takk igjen!

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.