Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Mart(h)e Hansdatter


Recommended Posts

Prøver stadig å finna mine forfedre, eller kanskje rettare, formødre. Har hatt to trådar ute tidlegare, med interessante resultat.

Denne gongen er eg og ein tremenning av meg på jakt etter opplysningar om vår felles tippoldemor Marthe Hansdatter, frå området rundt Øvre Eiker.

Våre oldeforeldre heiter Olaus Henschien (1827-1909) og Olea Olsdatter (1829-1907). Sistnemnde skulle vera frå Semsmoen, Vestfossen. Mor til Olea heitte Marthe Hansdatter. Marthe var 35 år då ho gifta seg med Ole Olsen, Semsmoen i 1820. Då må ho vera fødd rundt 1785. Og det står at ho hadde opphaldsstad "Papimøllen", og ifølge min tremenning heitte det seg at Marthe var "haugianar". Denne papirmølla i Øvre Eiker var visstnok starta av ein haugianar, uvisst om det er nokon samanheng her. Marthe døydde i 1859 (kyrkjebok Eiker).

Spørsmålet vårt er kven foreldra til "vår" Marthe er. I folketeljinga i 1801 finn eg 2 alternativ som eg tykkjer peikar seg ut. Marthe Hansdatter, 16 år, med foreldre Hans Andersen og Mari Andersdatter, alternativt Marte Kirstine Hansdatter, 17 år, med foreldre Hans Jacobsen og Lisbet Ottersdatter. Kven av desse to para er våre tipp-tippoldeforeldre?

Då Marthe giftar seg i 1820 skriv ho namnet utan h. Då Olea (Olia) vert døypt i 1829, skriv dei mora sitt namn som Marte (https://media.digitalarkivet.no/view/1151/7413/9). Då Olea vert konfirmert i 1843, skriv dei mora sitt namn Marte (https://media.digitalarkivet.no/view/5547/28460/39).

 

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/213916-marthe-hansdatter/
Del på andre sider

Det ser ut til at mellomnamnet Kirstine ikkje er med for mi tippoldemor, verken i 1820, 1829 eller i 1859 (dødsåret). På bakgrunn av dette har eg vel mest tru på at det er denne Marthe, 16 år gammal i 1801, dotter til Hans Andersen og kona Mari som er våre tipp-tippoldeforeldre. Det "kinkige" er at foreldra til Marthe ikkje er nemnde i samband med giftarmålet i 1820, "berre" forlovarane. Og dersom me finn dei to i listene over konfirmantar, med namn på foreldre, vil det truleg ikkje vera mykje hjelp i det (eg har enno ikkje funne dei som konfirmantar). 

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/213916-marthe-hansdatter/#findComment-1801088
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.