Gå til innhold
Arkivverket
Torbjørn Igelkjøn

Feilkopling: Dødsfall i 1957 i klokkarbok 1900-1926

Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn

Takk for svar. Ja, det stemmer. Men i oppslaget står det derimot klårt og tydeleg at kjelda er kyrkjeboka frå 1900 til 1926, og det blir då etter mitt syn feil at ein skal måtte "leite seg fram" for å finne kva den søkbare versjonen dekkar. Då hadde det vore betre om kjeldereferansen for søkbar versjon i det minste var nemnd saman med referansen til den skanna versjonen.

 

Eg lurer på om nokon kan svare på kva som evt. er planlagt å gjere med slike tilfelle som dette. Vil databasen bli splitta opp i fleire deler, slik at kjeldereferansane vil stemme overeins? Eg lurer også på om det er nokon vits i å rapportere slike tilfelle som dette, eller om det er noko som Arkivverket er klar over frå før. Eit anna eksempel er følgjande oppslag:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001277881

som skal komme frå klokkerbok for Laksevåg sokn, 1917-1925. Her finn eg dødsfall til ut i 1924, så dødsfallet frå 1925 må komme ein annan stad frå. Dersom ein sjekkar det som står om søkbar versjon ser ein her at databasen består av dødsfall i perioden 1917-1923 og 1923-1925. Men det står heller ikkje her kva for kyrkjebok som dødsfalla frå 1923 til 1925 er henta frå.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tone Merete Bruvik

Her er det nok et eksempel på at en avskrift skulle være splittet. Den aktuelle klokkerboken for Kinn slutter i 1926. De gravlagte etter det er fra en eller flere seinere kirkebøker. Men disse er ikke skannet ennå og gjort tilgjengelig via Digitalarkivet. Avskriften er kanskje gjort fra originalene? I dette tilfellet skulle dødsfall etter 1926 vært lagt til oppbevaring i påvente av skanningen. Dette er slik vi gjør fordi det skal være samsvar med den skannede kilden og avskriften. jeg legger det som er sak inn i vår retteliste.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Takk for svar.

 

Sidan denne måten å "ordne" problemet på medfører at data som tidlegare har vore søkbare no blir (midlertidig) fjerna burde ein kanskje heller legge saker som dette på vent til det blir mogeleg å registrere kyrkjebøker som ikkje er skanna og/eller at dei manglande kyrkjebøkene blir skanna. Men dette er sjølvsagt ikkje noko god løysing. Evt. blir ein sitjande att med "gamle" Digitalarkivet som einaste løysing. Eg har elles forstått det slik at det ikkje finst ressursar til å skanne materiale utanfor Oslo, og skanning av dei resterande kyrkjebøkene ved SAB ser difor ut til å vere utsett på ubestemt tid.

 

Men om eg forstår deg rett er de uansett interesserte i å få vite om tilfelle der det ikkje er samsvar mellom skanna kjelde og avskrift. Eit anna eksempel på dette er klokkarboka frå Laksevåg, sjå #3 og #4 ovanfor. (Her manglar perioden 1923-1925 heilt i "gamle" Digitalarkivet, så å berre fjerne det no er ei dårleg løysing).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tone Merete Bruvik

Ja, vi vil gjerne ha beskjed om denne typen feil. Vi vet vi har en god del av dem, og vi registrer feilene i rettelisten vår, og retter etterhvert. E-post til digitalarkivet@arkivverket.no kan også brukes. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.