Gå til innhold
Arkivverket

Ole Kristian Kolbjørnson - fødd i Lunder sokn i Norderhov 1873 - halvbror til bestemor - kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hei 

 

Plassen Snegaten under Gausta er kort omtalt i Tinn Soga Band II side 574 ff.

 

Du finner den som Snegatun på kartet til Finn.no

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Thomas E. Gausta

Washington Death Certificates
Name Thomas E. Gausta
Event Date 20 Aug 1925
Event Place Poulsbo, Kitsap, Washington
Gender Male
Age (Formatted) 70 years 4 months 27 days
Birth Year (Estimated) 1855
Marital Status Married
Spouse's Name Mary Gausta
Father's Name Esten Gausta

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N3G5-MHP

 

----

 

Thomas Tove Gausta

Birth: Mar. 23, 1855Death: Aug. 20, 1925
Poulsbo
Kitsap County
Washington, USAtrans.gif
 
Family links: 
 Spouse:
  Mery O Gausta (1848 - 1931)*
 
*Calculated relationship
 Burial:
Poulsbo Cemetery 
Poulsbo
Kitsap County
Washington, USA 
Edit Virtual Cemetery info [?] 
Created by: Melinda St
Record added: Aug 17, 2010 
Find A Grave Memorial# 57248255

https://old.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=gausta&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSst=50&GScntry=4&GSob=n&GRid=57248255&df=all&

 

----

 

Ser nå at lenker til dette allerede er lagt inn i et tidligere innlegg.

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Er det mogeleg å finna obituaries for Thomas, Mary og sonen Oscar, som eg trur kan ha vore barnlaus?

 

 

Sjekker, men foreløpig resultatløst....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon Anders, Ann-Mary, Egil og Trude for nye spennande innlegg!

 

Det er utruleg kor godt denne huslyden «gøymer seg» i Amerika.  Det er ikkje noko problem å finna opplysningar om etterkomarane etter Albert Gausta.  Dei er det mange av, og det finst avisartiklar om fleire av dei, som eg alt har motteke frå Amerika, men INGEN kan fortelja meg noko som helst om dei eldre personane i denne huslyden, Thomas, Mary og Oscar, so eg set min lit til deg, Egil, om at du greier dette, før eller sidan...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av slekti etter Chris Barnes!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er i kveld dukka opp oppsiktsvekkjande opplysningar om Chris Barnes frå Amerika!!

 

Sjå kva for ein huslyd som i 1910 er busett på ein farm i Mountrail Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-JGD?cc=1727033

 

Name:    Chris Barnes
Age in 1910:    37
Birth Year:    abt 1873
Birthplace:    Norway
Home in 1910:    Township 153, Mountrail, North Dakota
Race:    White
Gender:    Male
Relation to Head of House:    Head
Marital Status:    Married
Spouse's Name:    Goren Barnes
Father's Birthplace:    Norway
Mother's Birthplace:    Norway
Employer, Employee or Other:    Own Account
Home Owned or Rented:    Own
Home Free or Mortgaged:    Mortgaged
Farm or House:    Farm
Years Married:    5
Neighbors:    View others on page
Household Members:    
Name    Age
Chris Barnes    37  Norway
Goren Barnes    37  Norway
Maenus Barnes    5  South Dakota
Clearnce Barnes    3  South Dakota
Rudolph Barnes    1  South Dakota

 

og i 1920 er desse tre gutane Magnus, Clarence og Rudolph busette på ein barneheim, gjett kvar?? - i Poulsbo, WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRF4-7CK?cc=1488411

 

I 1930 sit Clarence Barnes i fengsel i Bismarck, ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZ1-KQ3?i=46&cc=1810731

 

I 1940 bur Magnus Barnes ugift på eit velferdssenter i Seattle, WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9M1-3W97?i=17&cc=2000219

 

og Magnus Barnes d. i Seattle, WA 14.5.1946.  Han var fødd i Marshall Co., SD 29.9.1905

 

Ein son av Christian Barnes var fødd same stad 10.10.1906, truleg Clarence!

 

Rudolph Barnes, fødd i North Dakota 20.3.1909, døydde i Multnomah Co., OR (Portland) 30.6.1973

 

Christian C. Barnes og Jarand Olson, båe frå Britton, Marshall Co., SD, vart vigde i Britton, SD (Justice of the Peace) 23.7.1905: https://www.ancestry.com/interactive/8561/SDVR_MCI_1-0008?pid=634861&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5185&_phstart=successSource

 

Og North Dakota Death Index syner at Mrs. Joran Barnes «of Mountrail Co., ND» døydde i Stutsman Co., ND 16.12.1911, 38 år gamal!

 

No børjar verkeleg «puslespelet» kring Ole Christian å falla «på plass», men eg trur han ljuger når gan seier at ekteskapet hans med Joran var det første! 

 

Eg attgjev berre kort frå innlegg #15 på føregåande side, WW1 draftet for Ole Christian:

 

~~~~~~~~~~

 

Ole Christian Kolbjornsen BARNES

born Apr. 10, 1873 in Norway

rancher

res. Poulsbo., Kitsap Co., WA

relative Miss Agnes Christianson, daughter, Poulsbo, Kitsap Co., WA:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-G17B-TNJ?i=298&wc=9FC9-SP8%3A928443301%2C928548701%3Fcc%3D1968530&cc=1968530

 

~~~~~~~~~~

 

Og frå innlegg #18 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~

 

Eg har i ettermiddag motteke eit tips om denne huslyden som i 1916 budde på ein farm i Section 27, Township 72 Range 4 i Grande Prairie (Kleskun Hill) nær Edmonton, AB:

 

BARNES, Jane, widowed, 33 - born ON (Irish background) - farmer

BARNES, Jessie, dau. 12 - born SK

BARNES, Agnes, dau. 9 - born SK

 

https://www.ancestry.com/interactive/1556/31228_4363980-00433?pid=759795034&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1556%26h%3D759795034%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4870%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4870&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

~~~~~~~~~~

 

Truleg er aldrane til dei to døtrene og mor deira oppgjevne for «låge», men det kan sjå ut som om Christian har «stikke av» frå denne første kona si for å børja eit nytt liv i South Dakota!

 

Eg tek gjerne imot fleire kommentarar om denne huslyden og takkar på ny for framifrå bistand i arbeidet med å spora opp desse slektningane mine!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i ettermiddag sett litt meir på denne huslyden og fann nettopp dåpshandlingane til dei to yngste sønene av Christian C. Barnes og kona Jöraand i Bethlehem parish, Ross, ND: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315064-00745?pid=1213707&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1213707%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx5193%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5193&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_315064-00745

 

** Clarence, fødd 24.8.1907

 

** Rudolph, fødd 20.3.1909

 

Etter to månader i Canada flytte Clarence Barnes, fødd i Ross, ND 25.8.1907(!) i 1931 til broren Rudolph i Conway, WA - og nettopp der budde faren Christian på den tidi: https://www.ancestry.com/interactive/1075/41253_B124223-04759?pid=19079413&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5196&_phstart=successSource

 

Elles ser eg at Rudolph Barnes alt i 1960 var busett i Portland, OR, tydeleg ugift.

 

Meir finn eg ikkje i farten.

 

Ikkje nokon enkel huslyd dette, men eg takkar på ny for framifrå bistand i kartleggjingi av denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skuld er dødsattestane til Mary og Thomas Gausta dukka opp hjå meg i kveld, men diverre seier dei ikkje noko nytt.

 

Eg har òg tinga attesten til Magnus Barnes frå 1946, og gjett om eg er spent på kva den seier...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i arbeidet med å kartleggja denne huslyden!

Maren Gausta death.jpg

Thomas Gausta death.jpg

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I kveld er so dødsattesten til Magnus Barnes dukka opp.  Denne stadfester at Magnus var ugift, og eg ville vel verta svært overraska om det finst ein obituary etter denne karen...

 

Men kanskje finst det ein obituary etter Rudolph Bafrnes som døydde i Portland, OR 30.6.1973?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande huslyden!

Magnus Barnes.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg hadde ein mistanke om at Joran var avlidi på mentalsjukehuset i Jamestown, ND der svært mange personar frå heile North Dakota levde siste delen av livi deira, so eg trur ikkje ho har noki tilknytting til Ole eller Thomas.  So det er ikkje so godt å seia kven ho kan ha vore...

 

MEN, so mange alternativ har me kanskje ikkje.  Namnet hennar var Joran og Jøron, og ho er kalla «Olson» . d.v.s. Olsdotter(?) - og ho var fødd kring 1873!

 

Det var mange utvandrarar frå Buskerud som budde i Marshall Co., SD, og ser me på passasjerlistene over Christiania, finn me ikkje so veldig mange «mogelege»...:

 

* Jøran Olsdotter frå Flesberg 1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=27160&merk=27160#ovre

 

* Jorand Olsen frå Hol 1884: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=59658&merk=59658#ovre

 

* Jøron Olsen frå Numedal 1888: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=105075&merk=105075#ovre

 

*Jøran Olsdotter frå Flesberg 1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=7235&merk=7235#ovre

 

Av desse tykkjer eg jenta frå Numedal ser svært so spennande ut...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For nokre dagar sidan sende eg spørsmål til Washington National Archives om å sjekka obituaries for Christian Barnes, Maren, Thomas og Oscar Gausta, og overraskande fekk eg i kveld svar.  Ikkje mykje å henta, men likevel...

 

 No har eg òg sendt spørsmål om obituary for Magnus Barnes - kanskje er me heldige...  Elles har eg n ok meir tru på ein obituaryv for Rudolph Barbnes frå Portland, OR 30.6.1973 - om den kan finnast...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

BarnesC-KCH.pdf

GaustaM.pdf

 

PS: Eg oppdaga no at eg ikkje har løyve til å lasta opp dei to siste (grunna storleiken), men dei inneheld ikkje noko viktig, bortsett ifrå Oscar Gausta sin obituary som nemner broren Albert og tre nevøar, dei tre sønene til Albert.  Sønene til Christian Barnes er IKKJE nemnde!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan mars.

 

Eg har i mellomtidi kome i kontakt med etterkomarar etter Gausta-ætti i Washington, og dei hadde sist laurdag eit stort slektsstemne nær Seattle, WA, men der var det INGEN som hadde høyrt gjete Christian Barnes eller sønene hans!  Me lyt berre sjå i augi at det diverre er FOR MANGE ÅR SIDAN at dei to ættegreinene skilde lag.  So kva gjer me no?

 

** Rudolph Barnes som døydde i Portland, OR 30.6.1973 vert oppgjeven fødd 20.3.1909 og fek social security utstedt i Washington.  Fødselsdatoen han nytta var 20.3.1909.  «Vår» Rudolph var rett nok fødd 25.3.1909, men det må vera same mann.  Hadde me berre greidd å finna ein OBITUARY etter Rudolph...?

 

Eg har sett litt meir på FT1930 der Christian Barnes budde som huseigar i Conway, Skagit Co., WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZC-H7J

Opplysningane gjevne i denne teljingi om han synest vera ganske so nøyaktige, 56 år, enkjemann, utvandra 1889 etyc.  Me so står det òg at han gifte seg (første gongen) i ein alder av 32 år!  Denne alderen ville høva heilt perfekt med vigsli hans i Marshall Co., SD 23.7.1905 med Jarand Olson!

 

Dette får meg til verkeleg å spekulera...:

 

** På eine sida veit me at Christian Barnes i 1918 hadde ei dotter Agnes Christianson som neste pårørande i Poulsbo., WA

 

** På hi sida har me denne tilsynelatande fråskilde Jane Barnes i Alberta med døtrene Jessie og Agnes...

 

Og endå meir spekulerer eg no, etter at eg har fått greie på at Jane Barnes døydde i Kleskun Hill nær Grande Prairie, AB 24.6.1973 og at huslyden hennar i 1921 såg slik ut:

Census Year: 1921
Item Number: 588296
Surname: Barnes
Given Name(s): Agnes
Age: 12  [1908-09]
Province: Alberta
District Name: Edmonton West
Sub-District Description: Townships 70, 71 and 72, whole or fractional, in ranges 2, 3, 4 and north of Wapiti River and west of Smoky River, west of sixth Meridian

View digitized page of Census of Canada, 1921 for Image No.: e002859677
JPG (Image No.: e002859677)
PDF (Image No.: e002859677)

 

*** BARNES, Jane  38  QB  QB  QB

*** BARNES, Agnes  12  SK  QB  QB

 

Denne alderen på Agnes høver ganske nøyaktig med alderen oppgjeven i 1916, som samstundes tyder at DERSOM ho var dotter av «vår» Christian Barnes, so har ho vore fødd utanfor ekteskap!

 

Kan me tenkja oss følgjande «scenarium»?

 

Christian fekk denne dotteri med Jane under ei vitjing i Saskatchewan og lovde kan henda Jane ekteskap, og Jane tok endog ættenanet hans.  So var Agnes til og med på viting hjå Christian i 1918, men utan at det nokon gong vart noko ekteskap mellom Jane og Christian??

 

Eller er eg «heilt på jordet»??  Kven var i so fall Agnes Christianson, og kvar vart ho av??

 

Kan kanskje ein OBITUARY etter Jane Barnes frå Grande Prairie, AB 24.6.1973 gje oss ei avklaring??

 

Det hadde vore berre heilt fantastisk om det var mogeleg å finna attlevande etterkomarar etter denne grandonkelen min i Amerika, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i ettermiddag telefonert med Skagit Co., WA og slege fast at det ikkje finst noko skifte etter Christian Barnes frå 1932.  Men eg har òg bede dei om å sjekka eigedomshandlar, etter som me veit at Christian Barnes åtte huset sitt i Conway, WA.  Men dei treng litt tid på å sjekka kva som skjedde med dette huset...

 

Derimot har eg frå Grande Prairie Public Library har eg nettopp motteke følgjande obituary frå «The Daily Herald Tribune» of Thursday December 14, 1972:

 

«BARNES - Mrs. Jean Barnes passed away on December 9, 1972 at the Grande Prairie Hospital at the age of 90 years.  Mrs. Barnes was born in Québec and has been a resident of the Grande Prairie and Sexsmith districts since 1914.  She leaves to mourn her passing 1 daughter Mrs. Agnes Funk of Ft. McMurray, 3 granddaughters, 16 great grandchildren, 9 great great grandchildren.  She was predeceased by her husband Roy Robertson in April 1963.

 

Funeral services were held December 12, 1972 at 3 p.m. from the Oliver Funeral Chapel with Rev. C. Bigelow of Heiating.  Intement followed in the Grande Prairie Cemetery.  Arrangements were by the Oliver Funeral Home.»

 

Då er me i alle fall eit steg nærare vår tid, og dersom denne Agnes verkeleg er dotter av Christian Barnes, manglar det so visst ikkje på etterkomarar...!  Og er me heldige, so lever ei av døtrene hennar framleis?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å oppspora denne ætti!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er domen i Canada falt!  Diverre syner det seg at Jane Barnes IKKJE var gift med Ole Christian Barnes frå Ringerike.  Jane Barnes hadde Barnes som jentenamn, og ho var dotter av irske protestantar som var utvandra til Hinchinbrooke township, Huntingdon Co., QC, der Jane var fødd 10.3.1882.  ´Ho budde framleis på same staden i 1901, men ættenamnet er feilskrive Barens!  Dotteri Agnes hadde ein William Nevins til far!

 

Vel, då er det berre å leggja den so lovande teorien attom seg og starta på ny frisk!

 

* Kven var so den Agnes Christanson, dotteri til Ole Chrlstian Barnes, som er nemnd som næraste pårørande i 1918??

 

Hadde me berre gredd å finna Ole Christian alias Christian C. Barnes i FT1920, kunne det kanskje ha bragt oss noko vidare...  Eg har i kveld motteke ein kopi av skøyta han fekk då han kjøpte eigedom i Skagit Co., WA.  Denne skøyta ber datoen 13.12.1919.  Då lyt me tru at han er flytt frå Poulsbo, WA på den tidi, og han BURDE vera i Skagit Co., WA i januar 1920, so kvifor finn me han ikkje???  Han har vel aldri vore på flyttefot so han har unngått teljarane båe stadar??

 

Eg er noko rådvill, men vonar på gode tips i Brukarforum og takkar på ny for kjempefin bistand i so måte!

2018-07-26 005 001.pdf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne skøyta frå 1919 er kan henda lite vetta vanskeleg å tyda, so eg vil freista ein avskrift her:

 

     THE GRANTOR - William Sund, and Jennie Sund his wife for and in consideration of one hundred and eighty five dollars in hand paid, convey and warrant to Christian C. Barnes, the following described real estate:

     Beginning at the southeast corner of southwest quarter of section 18, township 33 N. of Range 4, East of W. M. thence running east 261.61, feet, thence north 305 feet to the true point of beginning thence east 100 feet, thence north 110 feet more or less to center of Kayton's Slough, thence southwesterly along center of said Slough to a point due north of true point of beginning, thence south 66 feet more or less to true point of beginning, together with right of way 45 feet wide on west side of said tract and also a right of way 10 feet wide on the east side of said tract, both of said rights of way extending south to south boundary line of said section 18.

     Situated in the County of Skagit, State of Washington.

     Dated this thirteenth day of December, 1919.

 

                         William Sund (Seal)

                         Jennie Sund (Seal)

 

Me finn William og Jennie Sund i FT1920 i Conway, WA der William driv slaktebutikk: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVD-82H

 

Og her er William og Jennie Sund i FT1930 same stad: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZC-H7J

 

Christian Barnes er nemnd i 1930, men manglar i 1920.  Det høyrest ut som om han kjøpte ei hustuft, og der har han sikkert sett opp eit stovehus, men dette stod neppe ferdig før utpå året i 1920...  So kvar kan han ha vore i mellomtidi??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera biografien til denne broren til ho bestemor...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg syner til innlegg #32 over og opplysningane om dei to yngste sønene til Christian Barnes og kona Jøraan:

 

** Clarence, fødd 24.8.1907

 

** Rudolph, fødd 20.3.1909

 

Eg har endeleg i dag fått tak i opplysningar om Rudolph Barnes, som i mange år buddre i Portland, OR.  Han døydde på ein pleieheim i Gresham, OR 30.6.1973 og vart gravlagd frå Bateman funeral home på Forest Lawn cemetery i Gresham, OR.  MEN både gravferdsbyrået og kyrkjegarden kunne fortelja det same:  Han var «på velferd» og hadde ingen kjende pårørande!

 

So då er det einaste Clarence Barnes me lyt satsa på at han kan dukka opp ein eller annan stad!?

 

Elles hadde det vore spennande om me kunne identifisert mori Jøraan Olson.  I innlegg #36 nemner eg fleire «kandidatar», men om nokon av dei kan vera aktuelle, veit eg ikkje...  Ho frå Numedal er kanskje den beste??

 

* Jøran Olsdotter frå Flesberg 1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=27160&merk=27160#ovre

 

* Jorand Olsen frå Hol 1884: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=59658&merk=59658#ovre

 

* Jøron Olsen frå Numedal 1888: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=105075&merk=105075#ovre

 

*Jøran Olsdotter frå Flesberg 1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=7235&merk=7235#ovre

 

Eg hadde vorte svært so lukkeleg om det var mogeleg å komma på sporet etter denne ætti og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for siste innlegget frå i aftes.  Eg ber om òrsaking for at denne huslyden kanskje er vorten lite vetta «uoversiktleg» med so mange teoriar og innlegg.  Huslyden frå FT1910 er nemlig alt presentert i innlegg #32 over...

 

Ei oppsummeruing av det meste me til no veit om denne huslyden fram til 1911 følgjer i eit nyoppretta tema for Jøraand Olson, kona til Ole Christian, for å fokusera direkte på ho:

https://forum.arkivverket.no/topic/226044-jøraand-olson-fødd-i-noreg-1873-gift-i-marshall-co-sd-i-1905-kvar-i-noreg-kom-ho-ifrå-ei-kjempeutfordring/

 

Elles er det pr. i dag to store utfordringar som står att med omsyn til perioden etter 1911:

 

** Lagnaden til Clarence Barnes, fødd i South eller North Dakota 24.8.1907 - som sat i fengsel i Bismarck, ND i 1930, men budde på 1930-talet i Conway, Skagit Co., WA?

 

** Og kven var den Agnes Christanson, dotteri til Ole Chrlstian Barnes, som er nemnd som næraste pårørande i WW1 draftet frå Poulsbo, WA i 1918??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppspora desse so nære slektningane mine i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.