Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Henrik Eilertson alias Henrik Ehlers/Ellers - borgar i Bergen 27.9.1627 - er det nokon som kjenner til denne mannen og ætti hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Sorenskrivar Mons Antoniusson på Eide i Luster (1590-1648), ein son av borgarmeister Antonius Knutson (Wincke) i Christiania og kona Ingrid Monsdotter, ofte kalla «Gyldenaar», var gift med Karen Johansdotter av ætti Teiste og hadde mellom anna sonen:

 

Peder Monsson (1632-1694), gardbrukar på Eide i Luster etter foreldri sine.

 

Denne Peder var gift første gongen med

 

Susanna Henriksdotter EHLERS, òg kalla EILERS, som truleg var fødd i Bergen kring 1640 og som døydde på Eide i Luster kring 1674.

 

Eg fann i si tid ut at ho måtte vera dotter av:

 

Henrik EILERTSON alias Henrik EHLERS/EILERS som 27.9.1627 tok borgarskap i Bergen.  Han skal ha vore frå Delmenhorst i Tyskland og skal kring 1638 ha gift seg som enkjemann i Bergen med ei dotter av futen Anders Larsson Fuhr i Luster (1565-1630), ein av stamfedrene til den sokalla Heiberg-ætti.  Truleg heitte denne dotteri Bentha Andersdotter, men det KAN òg ha vore søsteri Anna Andersdotter.  Anna vart visstnok først gift i Bergen med ein Claus Gjertson, men vart skild frå han p.g.a. utruskap og sidan attgift med enkjemannen Hermund Erikson på Hauge/Moen i Luster og flytte dit.

 

Eg vil tru det må finnast kjeldemateriale i Bergen som kan kasta ljos over denne denne huslyden.

 

** Kva veit me om livet og lagnaden til Henrik Eilertson/Ehlers/Eilers?

 

** Kva veit me om dei to døtrene til futen Anders Larsson på Fuhr?

 

Eg takkar so mykje på førehand for nalle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Susanne i Bergen i 1645- Litt tidlig ihht din Susanne ?

https://www.digitalarkivet.no/view/199/pt00000000118743

 

Lenke til skifte etter Susanne Ellers fra Eide i Luster

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000125811

 

Hennric Ellers - verditakst 1645 - https://www.digitalarkivet.no/view/199/pt00000000117777

 

Mulig sønn av  Hennric - https://www.digitalarkivet.no/view/199/pt00000000117777

https://www.digitalarkivet.no/view/112/pt00000000041833

 

Skifte etter Alchie Hendriksdtr. Ellers - http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1842&storleik=

 

Johan Ellers - Borgerskap 1602 - https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000015411

 

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Gards- og ættesoge for Luster kommune. B. 2 : Dale 1 sokn

FUHR - side 654:

Om Anna (1605-1665) står det at hun flyttet til Bergen og giftet seg første gang med en Claus Gjertsen, som man ellers ikke vet noe om. Men så ble hun beskyldt for utroskap og skilt fra ham. Hun kom tilbake til Luster og ble gift på nytt med enkemannen Hermund Eriksen på Moen (1607-1685). 

 

Bentha var født ca 1613 og var trolig den datteren som ca 1638 ble gift i Bergen med enkemannen Henrik Eilertsen, kjent som Henrik Eilers, trolig født rundt 1590 og som tok borgerskap i Bergen 27.09.1627. Trolig døde denne datteren til Anders Larsen i Bergen rundt 1643. 

 

Men opplysningene om Henrik og datteren Susanne har du allerede presentert i starten på denne tråden. 

 

På side 653 står det at epitafiet etter Anders Larsen, som fremdeles henger i Dale kirke, viser at han og Maren Trudesdatter fikk ti barn, tre sønner og sju døtre. 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif Salicath

#2: Mulig sønn av Henrich Ehlers:

Dette er vel kjøpmann Johan (Jan) Ehlers c1640 - begr.25.sep.1691 gift 1687 med Barbara Adamsdatter Reutz. De rakk å få 5 barn på de knapt 4 årene de var gift før han døde, dog ingen Henrich (!).

Endret av Leif Salicath

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
4 timer siden, Grethe Flood skrev:

Om Anna (1605-1665) står det at hun flyttet til Bergen og giftet seg første gang med en Claus Gjertsen, som man ellers ikke vet noe om.

 

#3: du skriver, Lars, i bygdeboka at Anna giftet seg første gang med Claus Gjertsen. Jeg kan ikke se at navnet hans er nevnt i boka om slekten Heiberg. 

 

Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn, Tingbok nr. 1 (1648-1652), Rettsprotokollside, Side 21b-22a - gavebrevet til Maren Lavold: 
https://media.digitalarkivet.no/view/28555/24

https://media.digitalarkivet.no/view/28555/25

 

Anna Andersdatter.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar, Grethe og Leif for nye interessante innlegg!

 

Eg gløymde å nemna Claus Gjertson i òpningsinnlegget som første mann til Anna Andersdotter, og eg kan i dag diverre ikkje seia kvar den opplysningi kjem ifrå.  Eg skreiv dette for over 30 år sidan og har for tidi ikkje tilgjenge til «kladden» med eventuelle kjeldereferansar...

 

Men når eg sette opp spørsmålsstillingi på dette viset, kjem det av at kona til Henrik Eilertson/Ehlers/Ellers skal ha vore ei dotter av Anders Larsson på Fuhr, men kanskje var det heller slik at Henrik var far til det barnet som Anna fekk, medan ho var gift med Claus Gjertson og som førte til skilsmålet??  Henrik hadde jo tydeleg fleire born som var fødde om lag på same tid!?  Difor ville eit oversyn over ætti hans vera av stor interesse!

 

Eit anna naturleg spørsmål å stilla i denne samanhangen er jo sjølvsagt om ein kan finna spor etter Claus Gjertson nokon stad, kan henda i Bergen?  Eit avansert personsøk i Digtalarkivet gjev 0 treff!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne utfordrande huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.