Gå til innhold
Arkivverket

Kvar er Gammel Olsson Løset (Løndal) frå og kven er forfedrane til kona hans, Anne Torbjørnsdatter Bjørkedal?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

I Dalsfjordsoga s. 237 er det fortalt at ein Gammel Olsson Løset frå Bjørkedal i 1711 er brukar av Løndal (også kalla Ulvestadløndal) i Dalsfjorden. Han var gift med Anne Torbjørnsdatter Nøre Bjørkedal. Jordegodset sitt i Bjørkedalen selde han til svogeren Halvor Larsson Eidseflot. Han var ifølgje Voldasoga 3 s. 286 gift med Ragnhild Torbjørnsdatter Bjørkedal, syster til Anne. Det står ingenting der om at Halvor kjøpte jord i Løset av Gammel Olsson Løset, men han var oppteken av å løyse inn jordpartar som høyrde til Eidseflot og hadde vorte spreidde. Så kanskje var det ein del av Eidseflot Gammel selde til han?

 

Men leitar vi i Voldasoga under Læset i Bjørkedalen finn vi ingen Gammel der, så kva samanheng han har med Løset er uvisst. Han er visseleg gift med Anne Torbjørnsdatter, som er frå Tor(e)neset i Nøre Bjørkedal. Kanskje var det jord ho hadde arva som Gammel selde  før han og kona flytte til Løndal i Dalsfjorden?  Så er spørsmålet kvar denne Gammel kom ifrå. Han har eit spesielt namn som ikkje var så mykje brukt. Eit anna spesielt namn i same slekta er Femia, som er ei av døtrene hans. Dette namnet er vel ei kortform av Eufemia, også eit sjeldent namn. Mykje truleg var det då mor til Gammel som heitte Eufemia. I Strandasoga finn vi ein Ole Knutson Skarbø, brukar på Skarbø 1658 – 83. Han er gift med ei Eufemia Halkjelsdatter Vinje frå Vinje i Stordal. (Strandasoga s. 347) Kan det vere her Gammel ættar frå? Noko som kanskje avkreftar det er at det i lista over born ikkje finst nokon Gammel. Kvar kan han så elles ha kome frå?

 

Eit anna spørsmål eg stiller meg gjeld forfedrene til Gammel si kone, Anne Torbjørnsdatter Bjørkedal. Ifølgje Voldasoga 3 s. 252 er Anne dotter til Torbjørn Toresson Bjørkedal, som er gift med Randi Toresdatter Liaskar. Torbjørn døde i 1697 og det er skifte etter han 10.05 1697. Skiftet nemner dei tre borna Brit, Ragnhild gift med Halvor Larsson Eidseflot og Anne. Det rare er at i tida 1628 – 32 er det ein annan Torbjørn Toresson som brukar garden , og han er også gift med ei Randi Torsdatter. Ho er enkje i 1633 og brukar halve garden. Den andre halvparten er brukt av ein Tor Jonsson, og den Torbjørn Toresson som i 1670 er nemnd som gift med Randi Toresdatter Liaskar, er sonen hans. Er Tor og Randi Torsdatter gifte?

 

Noko som gjer mysteriet endå større er at Voldasoga i s. 196, som omhandlar Martingarden på Liaskar i Morkabygda fortel at Tore Knutsson Ose hadde ein son Torbjørn som var gift med Randi Toresdatter Bjørkedal. Er denne Randi enkja som dreiv saman med Tore Jonson og som tidlegare hadde vore gift med Torbjørn Toreson, i så tilfelle, Liaskar? Eg forstår ikkje heilt kva som er tilfelle her. Var enkja gift med Torbjørn Toresson Liaskar, son til Tore Knutsson Ose og var Torbjørn Toresson Bjørkedal gift med ei Randi Toresdatter Liaskar? Ei anna sak er kvar vi skal finne att Tore Knutsson Ose, for eg finn han ikkje under Ose i Ørsta.

Kan nokon hjelpe?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er ikkje enkelt!

For Volda Kommune er det komne ut nye bygdebøker. "Busetnadsoga for Volda"

Mitt råd er at du ser i desse.

Bind 1 er for Dalsfjorden

Bind 2 har med Bjørkedalen

Bind 5 står det om Lid mm

Bind 6 er Namneregister - det kan vere greit å ha når ein leitar.

Fleire med namnet Gammel i Volda +/- 1700

Namnet (Eu)femia har eg sett i Nordfjord med. Har ev tilknytning til Dronning Eufemia, har seg sett. Trur eg har ein artikkel om dette.

Lukke ti!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 minutter siden, Sol Høydalsvik Ulvestad skrev:

Fleire med namnet Gammel i Volda +/- 1700
 

For å gjere det litt vanskelegare....: 

I manntalet 1701 er det 11 Gamel/Gammel/Gamiel/Gamiell på Sunnmøre,

fordelte på Nordal sokn (1), Sunnylven sokn (6), Stranda (2), Haram (1) , Vatne (1) - og ingen i Volda eller elles på Søre Sunnmøre.

Her er det eit atterhald om at kårmenn og andre eldre som er lite arbeidsføre truleg er underregistrerte.

 

Men i skoskatten 1711 har det kome ein brukar Gammel (utan farsnamn) på Løndal i Dalsfjorden, Volda. Han har kone (unemnd), men ingen barn, tenarar eller husfolk som han betalar skatt for (dvs. at han kan ha born opp mot 10 år).

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser då ut som om det eksisterte ein Gammel på Løndal i Dalsfjorden i 1711, slik som bygdeboka for Dalsfjord nemner. Dumt at kona hans ikkje er nemnd i skoskattelista. Etter Dalsfjordboka hadde han ikkje barn før 1721 slik eg tolkar det. Dei årstala som er nemnde i bygdeboka er nok ikkje heilt til å stole på. Det som står der er at Gammel hadde borna Ola f. 1744, eitt år før Gammel døyr, Peder f. 1724 som er på garden, Ragnhild og Femia f. 1821. Det siste årstalet er vel helst 1721. Sonen Peder finn eg att i kyrkjebøkene for Volda. (Dei to siste giftarmåla hans med Kanutte Aamundsdatter Velsvik i 1761 og med Else Knutsdatter Torvik i 1773), så han har også eksistert og butt på Løndal i Dalsfjorden. Dottera Ragnhild finn eg att i Voldasoga under Løset i Bjørkedalen, der Ragnhild Gamalsdatter Ulvestadløndal er nemnd som kona til Hans Jetmundson Løset. Der står det at ho døydde i 1806 heile 99 år gammal, noko som tilseier at ho må vere fødd rundt 1707. Det kan nok stemme, sidan første sonen hennar, Jetmund, vart fødd i 1737. Når det gjeld Ola og Femia, har eg ikkje funne dei nokon stad. Men kvar Gammel på Løndal kom ifrå er ikkje lett å finne ut ser det ut til. I skoskattelista er han ikkje nemnd med patronym, men i Dalsfjordboka er brukt patronymet Olsson. Om han var gift med Anne Torbjørnsdatter Bjørkedal kan eg heller ikkje finne noko prov på. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Inge

Takk for innspel. Eg finn som du skriv at faderbroderen til Torbjørn Toresen Bjørkedal i skiftet er nemnd som formyndar for borna. Ettersom eg greier å tyde skrifta i skiftet er det nemnt tre born: Brithe, Ragnhild og Anne. Eg greier ikkje å tyde skrifta så godt, men det er snakk om at skiftet er mellom ei "Thoresdatter og ei Torsdatter, Larsdatter eller Hansdatter og dei tre borna. (Heilt i starten på skiftet). Mot slutten av skiftet er det vel også nemnt enkja Randi Torsdatter (øvst side 185b). Les eg rett, eller kva for namn er det eigentleg som er nemnde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Sidan sist har futerekneskapa fram til 1718 vorte lagde ut på Digitalarkivet.

Men.... i tida 1700 til 1710 er ikkje brukarane nemnde med namn; futen tek med berre gardnamn, eigar og skattesummar.

Så dei fortel ikkje kva tid Gamel kom til Løndal (etter MT1701, før skoskatten 1711).

 

Venteleg er bygselsetelen tinglyst og ei opplysning om dette ført inn i tingboka.  Det er vel nesten den einaste kjelda

eg kan tenkje meg kan innehalde eit etternamn som kan fortelje kvar han kom frå.  (Men eit evt. skifte der han er arving

ville også fortelje ein del).

 

Farsnamnet er ikkje nemnt i kyrkjeboka ved jordfestinga ( 1.s.e.epiph 1745); men i skiftet er han kalla "Gammel Olsen";

https://media.digitalarkivet.no/sk20090126640353 (nede til høgre).

Her finn vi barneflokken også, 6 som levde over far sin.

"....igienlevende Encke Anne Torbiørnsdatter med Laugværge Sønnen Ole Gammelsen Høfde(?) paa dne eene Siide, og den

Sal: Mands med hende afleede 6 børn neml Ole Gammelsen gift myndig, Anders Gammelsen myndig, Ole Gammelsen Myndig,

Peder Gammelsen 21 aar gl med Curator broderen Anders, Ragnilde Gammelsdatter gift med Hans Løeset, og Femia

Gammelsdatter 34 aar med Formynder Ole Gammelsen Høfde(?).

 

Altså to Ole, begge fødde før 1720 (myndige i 1745). Busetnadssoga (b. 1 s. 197) har med ein Jon (f. 1714) også; han må vere død før faren.

Busetnadssoga plasserer den eldste Ole i Hovden, Ørsta (Ørstingar 1 s. 578) , d. ca. 1772 (utan alder?);

og den yngste Ole i Indre Lid (b.5 s.323), gift 1.1.1745, f. kring 1705.

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.