Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ellef Nilsson - fødd i Luster kring 1683 - busett i Gulen 1701-1711 - kvar vart det av denne karen?


Recommended Posts

FT1701 syner at Ellef Nilsson på 18 år, fødd i Sogn, var tenestedreng hjå Henrik Iverson på Store Kvernøy i Gulen:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1701sba&gardpostnr=3014&merk=3014#ovre

 

I marinemanntalet for Gulen frå 1704 bur Ellef Nilsson same stad, og han er framleis 18 år gamal(!), men fødestaden hans er oppgjeven til «Lyster i Sougn»!

 

So finn me at det 25.5.1711 vart døypt ei «uekte» jente Ingeborg Ellefsdotter i Gulen av foreldri Ellef Nilsson Koxøy og Guri Pedersdotter (lengst nede på høgre side):

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11436/24

 

Ein av fadrane var Henrik Qvernøy, so eg vil tru det er tale om den same Ellef Nilsson!

 

Vidare finn me at Guri Pedersdotter Baarøy og Kjeld Halvorson Koxøy gifte seg i Gulen 10.6.1714:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11437/27

 

Men kvar vart det av Ellef Nilsson?  Og kva med dotteri Ingeborg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.