Gå til innhold
Arkivverket

Innføring av 24-timarsgrense for sletting av vedlegg?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Dersom ein går inn på sin eigen profil og vel "Mine vedlegg" får ein opp ei oversikt over samtlege vedlegg som ein har lagt ut, samt kor stor del av kvoten ein har brukt. Dersom flittige forumdeltakarar går over kvoten vil dei bli nøydde til å slette gamle vedlegg for å frigjere plass. Dermed vil også vedlegga bli borte i dei trådane som dei høyrde til. Dette meiner eg er uheldig, særleg når ein samstundes opererer med ei 24-timarsgrense for redigering av eigne innlegg. Ein risikerer dermed at viktig informasjon i gamle trådar kan gå tapt, og i verste fall kan dette misbrukast til å øydeleggje gamle og nye trådar. Saka blir ikkje betre av at det er nyttelaust å sitere, sidan vedlegg som blir sletta også forsvinn frå sitata.

 

Eg håpar difor at noko vil bli gjort slik at det ikkje blir mogeleg å slette vedlegg eldre enn 24 timar utan å kontakte ein moderator. Dette føreset sjølvsagt også at lagringskvota blir auka slik at den ikkje blir noko avgrensing sjølv for dei ivrigaste hjelparane på forumet.

 

Slik det fungerer no trur ein at det ikkje skal vere mogeleg å endre på innlegg eldre enn 24 timar utan moderatorhjelp, medan det motsette faktisk er tilfelle.

 

Sjå også innlegg #5 og #7 i følgjande tråd i testforumet: https://forum.arkivverket.no/topic/207761-slette-vedlegg/

 

Saka er aktuell i samband med følgjande debatt:

https://forum.arkivverket.no/topic/215391-familien-fosse-og-dna-samt-rett-slekt-ny-side/

 

Sjå innlegg #43, #47 og #58:

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

"Du har brukt 97 MB av din 97 MB vedleggsgrense." Eg har altså nådd vedleggsgrensa etter 10 år. Betyr det at eg må oppretta ny brukar for å kunna legga inn nye vedlegg, eller har det blitt gjort noe med dette problemet? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Dersom du går inn på

https://forum.arkivverket.no/attachments/

 

ser du vedlegga dine. Dersom du hakar av for eitt eller fleire av desse vil det komme fram ei søppelbøtte som du kan klikke på.

 

Aha! Søppelbøtta oppdaga eg ikkje i går! Mange takk for hjelpa, Torbjørn!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.