Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Torbjørn Igelkjøn

Innføring av 24-timarsgrense for sletting av vedlegg?

Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn

Dersom ein går inn på sin eigen profil og vel "Mine vedlegg" får ein opp ei oversikt over samtlege vedlegg som ein har lagt ut, samt kor stor del av kvoten ein har brukt. Dersom flittige forumdeltakarar går over kvoten vil dei bli nøydde til å slette gamle vedlegg for å frigjere plass. Dermed vil også vedlegga bli borte i dei trådane som dei høyrde til. Dette meiner eg er uheldig, særleg når ein samstundes opererer med ei 24-timarsgrense for redigering av eigne innlegg. Ein risikerer dermed at viktig informasjon i gamle trådar kan gå tapt, og i verste fall kan dette misbrukast til å øydeleggje gamle og nye trådar. Saka blir ikkje betre av at det er nyttelaust å sitere, sidan vedlegg som blir sletta også forsvinn frå sitata.

 

Eg håpar difor at noko vil bli gjort slik at det ikkje blir mogeleg å slette vedlegg eldre enn 24 timar utan å kontakte ein moderator. Dette føreset sjølvsagt også at lagringskvota blir auka slik at den ikkje blir noko avgrensing sjølv for dei ivrigaste hjelparane på forumet.

 

Slik det fungerer no trur ein at det ikkje skal vere mogeleg å endre på innlegg eldre enn 24 timar utan moderatorhjelp, medan det motsette faktisk er tilfelle.

 

Sjå også innlegg #5 og #7 i følgjande tråd i testforumet: https://forum.arkivverket.no/topic/207761-slette-vedlegg/

 

Saka er aktuell i samband med følgjande debatt:

https://forum.arkivverket.no/topic/215391-familien-fosse-og-dna-samt-rett-slekt-ny-side/

 

Sjå innlegg #43, #47 og #58:

 

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.