Gå til innhold
Arkivverket
Pål Kjorstad

Tingbok Gudbrandsdals sorenskriveri

Recommended Posts

Pål Kjorstad

Er interessert i tinglesing av ei skjøte på Fron i 1696-97. Ser at den skanna tingboka for Gudbrandsdals sorenskriveri, for Nord-Gudbrandsdalen som Fron høyrte til på den tida tek for seg tidsromma: 5/31696 til 9/10 1696, 10/2 1697 til 16/12 1697 og 5/3 1698 til 5/12 1698. Eg har leita vel og lenge og kan ikkje finna det eg leitar etter. Spørsmålet mitt er: Finns det meire stoff mellom 9/10 1696 og 10/2 1697 eller mellom 16/12 1697 og 5/3 1698, som ikkje er skanna?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Velkommen som ny brukar her i Digitalarkivet, Pål !

Du er mogelig forbigått pga omlegginga som skjede den 1 november

——-

Eg kan diverre ikkje hjelpa deg, bortsett frå at no kjem spyrsmålet ditt heil fyrst i køen.

 

Jon

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Statsarkivet i Hamar

Tinglyste dokument fram til 1936 vart berre summarisk registrerte i tingbøkene, mens dokumenta vart innskrevne i pantebøkene i sin heilheit. Pantebøker for Gudbrandsdalen 1720-1726, og for Nord-Gudbrandsdal og Sør-Gudbrandsdal sorenskriverier frå 1732, ligg i Statsarkivet i Hamar. At det ikkje finst pantebøker før 1720 kan skyldast at det ikkje er ført bøker, eller dei kan ha gått tapt. Fleire gonger på 1600-talet kom det påbod om føring av pantebøker, og dette vart etterlevd av fleire sorenskrivarar, men mange tok ikkje slike protokollar i bruk før på 1700-talet. Dersom det du søkjer er eit kongeskjøte, kan dokumentet vere innført i skøyteprotokollane i Riksarkivet. Alle eldre tingbøker og pantebøker som finst ved Statsarkivet i Hamar, er skanna og ligg i www.digitalarkivet.no. Arkivet kalla ‘Sorenskriverier i Gudbrandsdalen’, som inneheld materiale fram til ca. 1732, er registrert i www.arkivportalen.no, og heile innhaldet er skanna og kan finnast att i Digitalarkivet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Pål Kjorstad

Ok, takk for svar. Sjølve kongeskjøte har eg fått spora og har utskrift av (14.10 1674). Garden er overført saman med andre gardar på Fron, på Lesja og på Ringerike (Interessant, det meste av dette på Fron i alle fall, er gardar med tilknytting til kyrkjegods som kongen slo under seg i reformasjonen) frå Christian 5 til rådmann i København "Ditmer Bøffchen". Seinare eller rettare sagt rett etterpå (seinast 1676) har nok Jørgen Phillipsen, lagmann i Opplandene 1674-1696 og frå 1684 også Assistensråd ved Overhoffretten,  teke over det meste av eller kanskje alt av dette jordgodset. Jørgen Phillpsen selde allerede i 1676 ein av desse gardane på Fron. Vi veit også at Jørgen Phillipsen og kona Anne Bentsdotter, enkje etter Jacob Stochfledt, testamenterte nokon av desse eigendommane til "skolen og de fattige" som skulle styres av eit legat tilhøyrande Oslo Hospital og Christiania latinskole i 1685. Desse gardane vart seld til bøndene att fyrst på 1720-30-talet. På 1690 talet vert så eigendommane, som Jørgen Phillipsen åtte, seld stykkevis til bønder/embedsfolk, og garden eg følger spesielt vart skjøta over til Karen Stockfleth saman med ein gard til 27/5 1696 i følgje tingboka. Karen Stockfleth var gift med Peter Boyesen, og det er namnet hans som går att når dei er omtala. I 1697 er så bonden/leiglendingen vorte odelsbonde, men skjøte har eg ikkje funne og heller ikkje noko tinglese på, men "Fogderegnskapet" stadfestar dette. Peter Boyesen selde den andre garden i 1701. Nei, alt kan ein ikkje finna, men eg lever enda i håpet om eit gjennombrot i saka

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.