Gå til innhold
Arkivverket
Anne Marie Bøtun Øyri

Ole Botolvson Sagi frå Aurland?

Recommended Posts

Anne Marie Bøtun Øyri

Ole Botolvson Sagi gifte seg i 1818 med Brita Oddmundsdtr Sagi Bøtun (1793-1868) og dei fekk 6 born som vi har bra kontroll på. 

Ole var fødd truleg rundt 1787. I  kyrkjeboka då han døydde i 1867 i Fresvik er alderen oppgitt til 90 år, men det er truleg feil med 10 år. Han skulle vera fødd i Aurland i Sogn, men flytte til Fresvik, uvisst når. Finn han ikkje i teljinga i 1815 i Fresvik.

Han fekk eit barn i 1811 med Ingrid Andersdtr. Breilid  fødd i 1786. Dottera Mari (1811-1894) var ugift og budde truleg i Berdal i Feios. 

Kvar kom Ole frå og kva heitte foreldra hans? Og er det mogeleg å finna korrekt fødselsår?

Kva skjedde med Ingrid Andersdtr. Breilid. Flytte ho til Sogndal?

 

Anne Marie Bøtun Øyri

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Denne Ole Botolvson er uekte son av Ragnhild Torbjørnsdtr, ho kom frå Norum sokn i Sogndal, Hagen. Seinare er ho busett i Haukanes i Fresvik ei tid og får to uekte søner til, den siste fødd i 1797 og blir også kalla ole. I 1801 lever ho på almisse og har berre dei to yngste hos seg. Sidan både eldste og yngste sonen heitte Ole kan det tyde på at den eldste døydde før yngstemann var fødd, men finn ikkje noko om dødsfall i kyrkjebøkene. Han kan sjølvsagt også vere ute i teneste sidan han ikkje bur med mora i 1801.

Vi har ikkje dødsår for Ragnhild, og ho kan sjølvsagt også vere flytt frå bygda. Son nr 2 Johannes fødd 1790 veit vi heller ikkje meir om.

 

Så dermed er vi truleg like langt når det gjeld Ole Botolvson.......

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Hvor fikk han sin uekte datter, og hvor ble han gift med Brita ?

Eller kan du legge ut lenker til disse hendelsene?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

https://media.digitalarkivet.no/view/11569/18

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11569/91

 

Lenkene viser dåp av Mari som var uekte barn av Ole Botolvsen og giftarmålet til Ole i 1818.

 

Eg fann også ein Ole Botolvsen i Underdal, men han vart gift og hadde familie der inne. Fødselsåret til Ole er usikkert, blir også oppgitt til 1777, men svært sannsynleg at det er feil og at ca 1787 er det korrekte. 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Jeg leser navnene i vielsen som: Ole Bottoldsen Sagen og Britha Amundsdatter Sagen.

Tror Sagen er en plass under ytre Frønningen i Fresvik. http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS189531%4042313=on

 

3 ugifte Ole Bot* i Leikanger i 1801 https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058393001437

https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058393003303

Og siste som var født i 1741 så  han er vel ikke aktuell.

 

 

 

 

 

Endret av Berit Knudsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Ole Bottelsen /Bottoldsen døpt  22/9 1777 Leikanger. Høyre side, Bottel Larsen og Syneve Nielsdt. Heng..?

https://media.digitalarkivet.no/kb20070511620745

Bottel Larsen og Synneve fikk iflg. FS bare  2 barn, Lars ble født i 1788.

 

Synneva Nielsdt. (Bottel/Bothel Larsen) i 1801 https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058393001440

Endret av Berit Knudsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Ole Bottolvsen f 1877 var eldst av 4 sysken, Agathe f 1779 og døydde tidleg. Agathe 1782 og Lars 1788. Ole vart gift på Feidje i Feios og ekteparet fekk ein son Botolv i 1805. Familien flytte til Bergen. Så dette kan ikkje vera den Ole Botolvsen som eg prøver finna.

 

Elles er det også Sagi (Sagen) i Fresvik og Ole var sannsynlegvis tenar eller budde her, det same gjorde kona Brita Amundsdtr, men begge er oppførde under Bøtun sidan plassn på Sagi høyrde til Bøtun.

 

Ikkje lett å finna noko om rett Ole!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Da er det vel bare å sjekke ALLE Ole Bot... i passe alder  + -.   Det ser ut som du allerede har begynt på det, eller har gjort det.

Kanskje fra et annet fylke?  (tenker bare høyt).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Funnet på FS, og ikke sjekket mot kirkebøker.

4 Ole Botolfsen døpt:

 

5/11 1780 Eid  SF, Bottel Yttrehorn 

12/9 779 Leikanger, Bottel Olsen og Sigri Zenathsdt. (Sevatsdt?)

29/9 1778 Fjaler,  Bothel Houge

6/1 1788 Fjaler, Bothel Egevig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Her er en annen kandidat (men det forutsetter at alderen i 1865 er feil og at alder ved begravelsen er omtrent riktig):

 

Ole Botolvsen døpt i Aurland 8.5.1777, sønn av Botolv Gautesen Loven. I følge Aurland bygdebok bind 2 side 108 under garden Terum var foreldrene Botolv Gautesen Urdal fra Kvam (1738-1787) og Synneva Olsdtr. Ytre Lie (1741-1817), de ble gift 1770 og hadde barna Ingeborg 1771 (ukjent), Ole 1777 (ukjent), Marta (1780-1864) og Kari (1780-1854).

 

Ole Botolvsen Sagens eldste datter het Synneva, antagelig oppkalt etter hans mor?

 

Ole Botolvsen Wangen ble konfirmert i Aurland 1797, og det må være han som tjente på Vinjum i Aurland 1801, 24 år gammel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

I teljinga i 1815 er Ole Botolvsen ikkje busett i Fresvik. (Viss då alle er komne med her)

 

https://media.digitalarkivet.no/view/38255/92

I linken ovanfor i teljinga i 1865 er han oppførd under Hauglum med alder 96 men med kommentar på høgre sida er alderen er retta til 81 år og han er oppførd på nytt under Bøtun der ekteparet har alder 81 og 71 år. Dåpen til kona har eg funne i kyrkjebøkene for Fresvik, Leikanger så ho er fødd i 1793. Då han døydde i 1867 står det at han er fødd i 1777 og kona Brita Amundsdtr som døydde i 1868  er oppførd med fødselsår 1784 som vi veit er feil.

Ut frå rettinga i 1865 skulle ein tru at fødselsåret 1787 var mest sannsynleg, men ser ikkje ut til at ein finn nokon som passar inn. At han er fødd i Aurland (eller kjem frå Aurland) er rimeleg sannsynleg sidan han fører opp Aurland som fødestad i fleire lister.

Ole Botolvsen Loven frå Aurland kan vere ein sannsynleg kandidat viss 1777 er fødselsåret. Fresvik hadde mykje kommunikasjon innover fjorden mot Dyrdal, Underdal og Aurland, så her var mykje til og fråflytting den vegen. Utover fjorden og mot Sunnfjord var det mindre kontakt, så mindre sannsynleg at Ole kom frå den kanten.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.