Gå til innhold
Arkivverket
Erik - Nilsen

Karl Endreson Stølo Myten Sant Eller Usant

Recommended Posts

Erik - Nilsen

Sitat fra bygdebok fra Bømlo: ”Etter segna skulle Marita vera av russisk ætt. Her i bygda vart ho kalla ”Russa-Marto”. Ho vart kjend med Endre Haldorsen Gåsland på den måten at ho var kokke hjå tsaren av Russland ( antagelig Peter 1. den store) som var i sendeferd til København samstundes som Endre Haldorsen var i millitærteneste der. So bar det til at ho skulle ha barn ( som fekk navnet Carl), med dåverande prins Carl av Danmark, og for at dette ikkje skulle koma ut, vart det kunngjort for et norsk regiment av marinesoldater, som då var i København, at den som ville gifta seg med jenta skulle straks verta fri og få reisa heim. Endre steig då fram og sa seg viljug. Skal tru om Marita ble spurt, (egen kom.) Dei vart sende oppover med eit orlogsfartøy som skulle til Bergen og vart sette i land i Øklandsvågen. Marita hadde ei stor kiste med seg med grovsmidd beslag og lås. Denne kista har vore i ætta si eige til straks før siste verdenskrigen og vart kalla ”Russakisto”. Eit er visst: Endre var ”mariner” i den tida dette skulle ha hendt. I kyrkjeboka står det ikje at dei er vigde her i bygda, og Carl er heller ikkje døypt i Gåslandskyrkja. I 1737 Fekk Endre Haldorsen Gåsland bygsla halve garden Stølo saman med Endre Jonson Innvær. Dei var brukarar i lag til 1742 Endre Jonson let Endre Haldorsen få bygsla andre helvta og. Det vart skifte etter Endre då han døydde i 1752. Medelen var ikkje stor, berre 5 rdl. I buet var 7 kyr og kviger, 2 kalvar og 4 sauer. Av ”jernfang” var ei bakstehelle, 1 øks, 1 navar, 2 spajarnog nokre ljåar. Av ”trefang” 2 færingsbåtar , 1 fiskesnøre utan stein, 4 strokkar, ”adskillige melkekiørler af bøtter, koller, stampar, kierner m.v” 1 mjølkeskåp, 1kiste utan lås, 4 sildegarn, 2 tønner havrekorn som var sådd om våren. Mannen sine gangklær var ei svart og ei kvit vadmålstrøye, ei grå og ei svart vadmålsbrok. Ekkja melde frå at då eldste sonen, Carl, gifte seg, fekk han 2 kyr i heimanfylgje og mannen hadde ”paa sit yderste” vilja at dei 3 andre borna istaden for arvr skulle få 2 kyr kvar, ”og da Enken meere end gierne bifaldt saadan hendes Mands forlangende skiønt hun des aarsage liidet eller intet kand tilkomme at det overskydende naar gielden og de øvrige afkortninger er fradraget, begierede hun og hendes lougverge at bem.te 3 Børn måtte nyde, og retten tilstods” Dette tyder på at tilhøvet i heimen og samlivet mellom dei hadde vore godt og at ho hadde vore eit ”godmenneske.”

------------------------

Carl Endreson Stølo (1721-1752)

Foreldre 

Prins Carl Av danmark-Norge  (1680-1729)

Marita Russamarto Enevoldsdatter (1703-1763)

Stefar Endre Haldorsen Gåsland (1697-1752)

Men hvem er foreldrene te Marita Finnes det russisk slekts arkiv 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sigmund Steinsbø

Hei Erik,

 

Sjå gjerne inn på heimesida vi har laga om "Russa-Marto";

 

www.russamarto.no

 

Så vil eg ynskje God Jul til alle som les innlegget...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.