Gå til innhold
Arkivverket
Anfinn Bernaas

Anna Karlsen 1869-1907, fødd i Sverige, gift og død i Halden. Finne hennar svenske opphav?

Recommended Posts

Anfinn Bernaas

Er det råd å identifisere Anna Karlsdotters svenske opphav? Ho er truleg fødd 15. mai 1869, og innflytta til Halden i april 1890. Ho fekk barn i Halden, gifta seg i Halden og døydde i Halden.

 

Dataene eg har på henne er som fylgjer nedafor.

 

Tenestejente Anna Karlsdatter er innført (nr. 77 i 1891) som innflytt til Vaterlandsgate i Halden frå Skjeberg. Sjølve innflyttinga ser ut til å ha skjedd i april 1890. Ho er oppgjeven som fødd i 1869, døypt og konfirmert i Sverige,  medbragt attest datert 7/12-1888. Dessverre ingen stad, dato eller år for dåp og konfirmasjon:

https://media.digitalarkivet.no/kb20060718030017

Har ikkje funne Anna inn- eller utflytt frå Skjeberg i kyrkjebøkene. Har også sjekka databasen over innflytta svenskar til Østfold 1812–1920 utan resultat.

 

Anna burde vera å finne i folketeljinga for Halden per 1. januar 1891 som finst i skanna versjon på nettet, men det er eit dristig prosjekt å gje seg i kast med. Inngangskortet er nemleg bustad, og denne er uviss. Det finst så vidt eg veit heller ingen oversikt over kva for bustader som ligg i dei ulike teljekrinsane i byen, og talet på personsetlar ligg godt over 10 000. Men om personsetelen er rett utfylt bør opphavet hennar visast eintydig der.

 

Det er truleg den same «tjenestep. Anna Karlsen» som 25. desember 1896 døyper dottera Johanne Gabrielle f. 4. desember i Halden. Faren er den avdøde skreddarsveinen  Johan Gabriel Ferm f. 1875. (Han døydde 3. september 1896 i Halden.) Anna og barnet er busett på Busterud ved dåpen. Fødselsår for Anna er oppgjeve til 1869.

SAO, Halden prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0013: Ministerialbok nr. I 13, 1890-1906, s. 105

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060718020123

 

I folketeljinga 1900 er «Sypige Anna Karls.» f. 1869 i Sverige busett på Rødsbjergs Plads i Halden saman med dottera Johanne Gabrielle.

 

14. februar 1904 gifter «sypige» Anna Karlsen seg i Gamle Aker kyrkje i Kristiania med enkjemann August Edvin Eliassen frå Halden, han da busett i Fredrikstad. Ho er oppgjeven å vera fødd i 1869 i Sverige. Faren skal vera jordarbeidar [uleseleg namn eller yrke kjem etter jordarbeidar] Karl Johansen/-son.

SAO, Gamle Aker prestekontor Kirkebøker, F/L0012: Ministerialbok nr. 12, 1898-1910, s. 226

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060928070418

 

Dei nygifte er også innførte i Halden. Ho er fødd 1869 i Sverige og busett på Rødsbergs plass(?). Far hennar er jordarbeidar Karl Johansen/-son:

SAO, Halden prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0013: Ministerialbok nr. I 13, 1890-1906, s. 480

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060718020462

 

25. desember 1904 døyper Anne Karlsen og ektemann August Eliassen sonen Arnstein. Ho er no oppgjeven til å vera fødd i 1871. Dei bur på Rødsbergs Plads.

 

SAO, Halden prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0013: Ministerialbok nr. I 13, 1890-1906, s. 219

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060718020238

 

«Kone Anna Eliassen» døyr 21. januar 1907. Bustad er Frogners gård, Rødsveien. Fødselsdato dukkar opp for fyrste gong: 15. mai 1869 i Sverige. Klokkarboka er så vennleg at ho opplyser om dette, i motsetning til ministerialboka. Men ingen fødsels-, dåps- eller konfirmasjonsstad.

 

SAO, Halden prestekontor Kirkebøker, G/Ga/L0011: Klokkerbok nr. 11, 1906-1934, s. 162

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060329040983

 

SAO, Halden prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0016: Ministerialbok nr. I 16, 1907-1925, s. 4

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10111403140006

 

 

 

 

Endret av Anfinn Bernaas

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Erik Berg-Hansen

Har ingen lokalkunnskap her, og i farta finner heller ikke jeg Vaterlandsgate i den mangelfulle oversikten for hovedlistene i Halden 1891.

Men: 1. Med lokalkunnskap må det være mulig å snevre dette inn.

          2. Jeg finner ikke denne gata i noen av kretsene etter nr.5, så innsatsen kan kanskje konsentreres i første del av tellinga?

Endret av Jon Erik Berg-Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
1 time siden, Anfinn Bernaas skrev:

medbragt attest datert 7/12-1888.

 

?

Sverige, förteckning över emigranter, 1783-1991
Namn:    Anna Karlsdotter
Kön:    Kvinna
Födelsedatum:    10 jun 1869
Födelseort:    Ödskölt, Älvsborg
Avresedatum:    7 dec 1888
Avreseort:    Steneby, Älvsborg
Ankomstort:    Norge
Yrke eller relation:    Hemmadotter
Civilstånd:    Unmarried (Ogift)
Anteckningar:    Travels alone
Sida:    78
Sida i husförhörslängd:    451
Källa:    Steneby Hfl 1886-1890

 

Sverige, namnindexerade födelseuppgifter, 1859-1943
Namn:    Anna
Kön:    Kvinna
Födelsedatum:    10 jun 1869
Födelseort:    Ödskölt, Älvsborg, Sverige

Moder:    Kajsa Pettersdotter

1869_Anna.jpeg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas
1 time siden, Jon Erik Berg-Hansen skrev:

Har ingen lokalkunnskap her, og i farta finner heller ikke jeg Vaterlandsgate i den mangelfulle oversikten for hovedlistene i Halden 1891.

Men: 1. Med lokalkunnskap må det være mulig å snevre dette inn.

          2. Jeg finner ikke denne gata i noen av kretsene etter nr.5, så innsatsen kan kanskje konsentreres i første del av tellinga?

 

Jon Erik: Mangelfull eller ei, gateoversikt i hovudlistene såg eg ikkje snurten av. Kan eg tolke deg slik at denne er å finne? 

Eg veit om lag kor Vaterlandsgata låg (gata er sanert bort no), så om eg finn ei gateoversikt skal eg da sanneleg bruke tid på å leite gatelangs!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas
1 time siden, Egil Johannessen skrev:

 

?

Sverige, förteckning över emigranter, 1783-1991
Namn:    Anna Karlsdotter
Kön:    Kvinna
Födelsedatum:    10 jun 1869
Födelseort:    Ödskölt, Älvsborg
Avresedatum:    7 dec 1888
Avreseort:    Steneby, Älvsborg
Ankomstort:    Norge
Yrke eller relation:    Hemmadotter
Civilstånd:    Unmarried (Ogift)
Anteckningar:    Travels alone
Sida:    78
Sida i husförhörslängd:    451
Källa:    Steneby Hfl 1886-1890

 

Sverige, namnindexerade födelseuppgifter, 1859-1943
Namn:    Anna
Kön:    Kvinna
Födelsedatum:    10 jun 1869
Födelseort:    Ödskölt, Älvsborg, Sverige

Moder:    Kajsa Pettersdotter

1869_Anna.jpeg

 

Mykje interessant! Dessverre er fødselsdatoen ikkje 15. mai som innført ved dødsfallet hennar, men 10. juni 1869. Likevel kan jo 10. juni heller vera det rette. 

 

"Fødelseuppgiften" kan tyde på at barnet er fødd utanfor ekteskap. Er ikkje barnefaren oppgjeven? Dersom han heiter Karl ville det vera framifrå!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Cai Wiig

Du har rett Anfinn,  Anna er født utenfor ekteskap, i dåpsnotisen, (Ödskölt C:4 side 29) står oäkta og ingen far oppgitt.

 

Men i et husforhør (Ödsköld AI:16 side 47) for plassen Bodane står foreldrene oppgitt, Kajsa Pettersdotter f. 12.03 1847 og Karl Pettersson f. 07.01 1839.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mette Fausko

I husforhør står det at mora og Anna flytter til Steneby 2/11 1869. I samme hushold er dreng Karl Pettersson , mest sansynlig er dette faren til Anna. Han flytter til Tistelskog 29/11 1868.

Ödskölt (P) AI:16 (1866-1870) Bild 57 / sid 47

image.thumb.png.64cdb050cde44738df9ca834bda7ad91.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas

Mette: Dette er strålande!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas
1 time siden, Jon Erik Berg-Hansen skrev:

Hvis jeg ikke har misforstått fullstendig:

Her er det muligheter - start på side 9.

 

https://media.digitalarkivet.no/ft/contents/52669

 

Jon Erik

Takk! Eg tråklar meg framover for å sjå kva for gater som ligg i dei ulike rodane. Nokre rodar har korkje gatenamn eller områdenamn, berre husnummer. Vaterlandsgata er ikkje nemnt særskilt. Byen er delt i rodar/teljekrinsar etter eit visst system som eg prøver å få oversikt over. Saknar eit papirkart som eg kan notere på!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mette Fausko

Jeg har fulgt Anna i flere husforhør, mora får nok en datter utenfor ekteskap. Men så kommer det intresante,- Anna flytter og hun flytter til faren, om jeg da ikke leser helt feil. Står da mannens o,à.. Steneby (P) AI:17 (1876-1880) Bild 421 / sid 406. image.thumb.png.589f29a0c6ad8134e695e9a8615da125.png

Endret av Mette Fausko

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas
13 minutter siden, Mette Fausko skrev:

Jeg har fulgt Anna i flere husforhør, mora får nok en datter utenfor ekteskap. Men så kommer det intresante,- Anna flytter og hun flytter til faren, om jeg da ikke leser helt feil. Står da mannens o,à.. Steneby (P) AI:17 (1876-1880) Bild 421 / sid 406. 

Der ser ein. Det skjer saker.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mette Fausko

Og dette er det siste husforhøret, Bor hos faren og hans familie. Ytterst til høyre er notert at hun flytter til Norge. Steneby (P) AI:19 (1886-1890) Bild 456 / sid 451.

Deler den i to.

Steneby-P-AI-19-1886-1890-Bild-456-Sida-451 h,s,.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas

Så gjekk det kjappare enn eg kunne førestelle meg å finne Anna i folketeljinga 1. januar 1891.

 

Stor takk til Finn som sende tekstmelding. "krets 15 hus nr 17 person nr 12 side nr 9621." Han må ha evner bortanfor det eg og "folk flest" kjenner til.

 

Fødestaden i Sverige er oppgjeven heilt  i samsvar med det andre framifrå granskarar over har funne fram til: Ødskølt sokn i Sverige. 

RA, Folketelling 1891 for 0101 Fredrikshald kjøpstad, 1891, s. 9621
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/ft10061506646565
 

Eg reknar det for prova at "Anna Karlsen"s svenske opphav er funne!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas
24 minutter siden, Mette Fausko skrev:

Og dette er det siste husforhøret, Bor hos faren og hans familie. Ytterst til høyre er notert at hun flytter til Norge. Steneby (P) AI:19 (1886-1890) Bild 456 / sid 451.

Deler den i to.

 

 

 

Takk, og takk og takk til dyktige hjelparar på brukarforumet i Digitalarkivet!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.