Gå til innhold
Arkivverket

Ole Andersson Veberg, fødd i Hafslo 1872 - barnefar i Luster 1893 - kan henda stakk han av til Nord-Noreg - eller til Amerika? - lagnaden hans? - ei juleutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ei gigantisk julenøtt følgjer:

 

Ole Andersson Veberg, son av gardbrukar Anders Olson Veberg (1843-1931) og kona Kari Nilsdotter f. Kvalen (1838-1923), var fødd i Hafslo 15.1.1872 og vart konfirmert i Hafslo i 1888.

 

Då Anna Olsdotter Sage vart fødd i Dale sokn i Luster 13.2.1893, er Ole Andersson Veberg oppgjeven som barnefar, men det er siste gongen me ser han her i bygdi.

 

Ifølgje familietradisjonen skal Ole ha «stikke av» til Nord-Noreg, men lagnaden hans er ukjend!  Reiste han kan henda vidare til Amerika?  Då mori døydde i 1923, er Ole ikkje nemnd i det heile!

 

Denne utfordringi vart første gongen teki opp i dette emnet frå 2016:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/203197-ole-andersson-veberg-og-kristoffer-pederson-veberg-fødde-i-hafslo-1872-«forsvinn»-i-ung-alder-til-nord-noreg-eller-amerika-lagnadane-deira/?tab=comments#comment-1717830

 

men det kom aldri noki løysing med omsyn til Ole og lagnaden hans!

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut noko om lagnaden til denne ungdomen frå Hafslo?  Det hadde vore ei svært so gild julegåve om nokon greier finna ut noko om lagnaden hans, og eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

 

God Jul!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege utan svar i over to år...

 

Eg kan ikkje sjå noko til Ole Andersson Verberg i Noreg korkje i 1900 eller i 1910, so anten døydde han i Noreg før hundreårsskftet, eller han utvandra, kan henda til Amerika!?

 

Eg ser at ein Ole Veiberg(?), 29 år og snikkar, utvandra via Trondheim i 1903 til Minneapolis, MN.  Kan det vera han: https://www.ancestry.com/interactive/8769/PAT840_42-0666?pid=1134405&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D8769%26h%3D1134405%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx20623%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20623&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.102808576.1439650482.1590776151-1442769865.1532627837

 

Eller er det same mann som i 1910 er snikkar og bur i Spokane, WA: https://www.ancestry.com/interactive/7884/4454888_00090?pid=30069750&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D7884%26h%3D30069750%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx20622%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20622&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.190930346.1439650482.1590776151-1442769865.1532627837

 

Her har me ein annan norsk snikkar Ole Weberg i FT1910 i Clackamas Co., OR som utvandra før hundreårsskftet.  Kan det vera han: https://www.ancestry.com/interactive/7884/4449553_00120?pid=23247208&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D7884%26h%3D23247208%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx20631%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20631&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.94598172.1439650482.1590776151-1442769865.1532627837

 

Det hadde vore skikkeleg bra om Ole Andersson Veberg endeleg kunne finnast, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 minutes ago, Lars E. Øyane said:

 

Eller er det same mann som i 1910 er snikkar og bur i Spokane, WA: https://www.ancestry.com/interactive/7884/4454888_00090?

 

Hadde Ole en bror som het Martin? Ved siden av Ole er Martin med sannsynligvis samme etternavn. Carpenter som også Ole.

 

 

Martin Vieberg

 in the 1910 United States Federal Census

Name:Martin Vieberg
[Martin Verberg] 

Age in 1910:30

Birth Year:abt 1880

Birthplace:Norway

Home in 1910:Spokane Ward 3, Spokane, Washington

Street:Second Avenue

Race:White

Gender:Male

Relation to Head of House:Boarder

Marital status:Single

Father's Birthplace:Norway

Mother's Birthplace:Norway

Native Tongue:English

Occupation:Carpenter

Industry:House

Employer, Employee or Other:Wage Earner

Able to Read:Yes

Able to Write:Yes

Neighbors:View others on page

Household Members:

NameAge

John G Allen54

Alice Allen60

William Allen26

Ivie Allen19

Archie Allen15

Ole Verberg36

Martin Vieberg30

John Glimstad28

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anton for siste innlegget!

 

Utifrå FT1910 kan det sjå ut til at Martin og Ole var brør, so dette er nok neppe den Ole Andersson Veberg som me leiter etter...  Om det skuille vera ein av «kandidatane» som har dukka opp i Amerika, har eg meir tru på snikkaren som i 1910 budde i Clackamas Co., OR!  Kan han sporast vidare?  (sjå innlegg #2)

 

«Vår» Ole Andersson Veberg hadde to søsken i Amerika, søstrene:

 

* Andrea «Andrena» Veberg Throndson (1867-1951) som busette seg i Chickasaw Co., IA

 

* Severina «Sarah» Veberg Durack (1873-1961) som busette seg i Chicago, IL

 

Men lagnaden til Ole er totalt ukjend.  Han er soleis IKKJE nemnd i dødsmeldingi etter mori frå 1923, so alt den gongen var han «borte vekk»!

 

Kan han ha mist livet i Nord-Noreg før 1900?  Når den nye basen med kyrkjebøkene i Norge vert tilgjengeleg om kort tid, får me kanskje svar på dette...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å finna ut kvar det vart av denne karen frå Veberg!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.