Gå til innhold
Arkivverket

Hans Andersson Sage - fødd i Luster 1884 - «stakk av» til Fargo, ND i 1909 - skal etter segni vera myrda kort etter han kom fram! - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hans Andersson Sage, fødd i Luster 19.11.1884, sette våren 1909 barn på ei jente i Luster og stakk deretter av til Amerika.

 

Reisemålet hans var Fargo, Cass Co., ND: https://www.ancestry.com/interactive/7488/NYT715_1213-1214?pid=4032896284&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4646&_phstart=successSource

 

I heimbygdi vert det fortalt at Hans skal ha vorte drepen kort tid etter han kom fram til Amerika, men let det seg gjera finna ut noko om dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til denne unge sogningen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan, eg overså side 2 av passasjerlista frå 1909.  Der står det at han reiste til tanta si (fasteri) Mrs. Andrew Versdahl i Leonard, ND!

 

Denne fasteri var Martha Hansdotter Nygaard (1856-1942) som i 1882 gifte seg med Anders Jørgenson Dversdal (1859-1931).  Dei utvandra til Amerika i 1886 og farma i Helendale township, Richland Co., ND til dei i 1929 tok pensjon og flytte til Minnesota.  Dei fekk 11 born i lag, og fleire av desse levde då eg i 1983 samla opplysningar om Versdahl-ætti...  Berre so synd eg ikkje var merksam på søskenbarnet deira den gongen...!

 

NB: Som me ser, var Hans IKKJE busett hjå Andrew og Martha i 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVY-CZ5?cc=1727033

 

Men er det kanskje likevel mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Hans?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som so langt ligg like uløyst...

 

Eg reknar med at dette er ein skikkeleg «hard» nøtt å knekka, men desto meir ville eg gleda meg over eit positivt svar, om det i det heile let seg gjera...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke ein spennande kommentar frå slekt av Hans Sage i Noreg:

 

Dei meiner at Hans skal ha vorte drepen alt medan han var i New York, før han dro vidare til fasteri si i North Dakota, so kanskje dødsregisteri for New York kan ha fleire opplysningar?

 

Eg vonar framleis at nokon kan greia å finna ei løysing på denne utfordringi og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.