Lars E. Øyane Posted January 14, 2018 Share Posted January 14, 2018 Hans Andersson Sage, fødd i Luster 19.11.1884, sette våren 1909 barn på ei jente i Luster og stakk deretter av til Amerika. Reisemålet hans var Fargo, Cass Co., ND: https://www.ancestry.com/interactive/7488/NYT715_1213-1214?pid=4032896284&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4646&_phstart=successSource I heimbygdi vert det fortalt at Hans skal ha vorte drepen kort tid etter han kom fram til Amerika, men let det seg gjera finna ut noko om dette? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til denne unge sogningen! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted January 14, 2018 Author Share Posted January 14, 2018 (edited) Heisan, eg overså side 2 av passasjerlista frå 1909. Der står det at han reiste til tanta si (fasteri) Mrs. Andrew Versdahl i Leonard, ND! Denne fasteri var Martha Hansdotter Nygaard (1856-1942) som i 1882 gifte seg med Anders Jørgenson Dversdal (1859-1931). Dei utvandra til Amerika i 1886 og farma i Helendale township, Richland Co., ND til dei i 1929 tok pensjon og flytte til Minnesota. Dei fekk 11 born i lag, og fleire av desse levde då eg i 1983 samla opplysningar om Versdahl-ætti... Berre so synd eg ikkje var merksam på søskenbarnet deira den gongen...! NB: Som me ser, var Hans IKKJE busett hjå Andrew og Martha i 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVY-CZ5?cc=1727033 Men er det kanskje likevel mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Hans? Eg takkar på ny for alle gode tips! Edited January 15, 2018 by Lars E. Øyane Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted January 20, 2018 Author Share Posted January 20, 2018 Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som so langt ligg like uløyst... Eg reknar med at dette er ein skikkeleg «hard» nøtt å knekka, men desto meir ville eg gleda meg over eit positivt svar, om det i det heile let seg gjera... Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted January 28, 2018 Author Share Posted January 28, 2018 Eg har i dag motteke ein spennande kommentar frå slekt av Hans Sage i Noreg: Dei meiner at Hans skal ha vorte drepen alt medan han var i New York, før han dro vidare til fasteri si i North Dakota, so kanskje dødsregisteri for New York kan ha fleire opplysningar? Eg vonar framleis at nokon kan greia å finna ei løysing på denne utfordringi og takkar på ny for alle gode tips! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.