Jump to content
Arkivverket

Peder/Per - bonde på Kvale i Strandvik, Os på 1730-talet - er det nokon som kjenner til denne ætti?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Fødselsregisteret hjå FamilySearch syner at ein Peder/Per Kvale (Qvale) fekk følgjande born døypte i Strandvik/Fusa på Os:

 

* Christi, døypt 17.2.1726

* Lars, døypt 31.7.1728

* Anders, døypt 16.2.1731

* Synneva, døypt 15.11.1733

* Ane, døypt 7.4.1737

* Ingeborg, døypt 26.12.1741

* Agatha, døypt 25.8.1743

* Ingeborg, døypt 8.1.1746

 

Agatha Pedersdotter gifte seg truleg kring 1770 med ein Lars Andersson og budde i Bergen, og ogso Synneva skal ha butt i Bergen. 

 

Denne huslyden vert mellom anna drøfta i innlegg #5 og innlegg #9 i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/218864-jørgen-pederson-haugen-kinserdal-1729-1789-frå-hafslo-til-bergen-kvar-vart-det-av-borni-hans-gunvor-lars-og-gjøri-samt-stesonen-johannes-kan-då-vel-ikkje-berre-«forsvinna»-ei-utfordring-av-dimensjonar/

 

men eg er på leiting etter prov for at Agatha verkeleg var frå Kvale i Strandvik!

 

Og kanskje finst det ei bygdebok for Fusa (Strandvik) som har fleire opplysningar om denne huslyden?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Oddvar Søreide

Slik jeg forstår deg Lars, så er det Agathe du er på jakt etter.

 

I bygdebok for Fusa, står kun Christi og Synneve oppført og de budde i Fusa hele livet.

Legger derfor ikke inn noe mer, men hvis du trenger opplysninger om de to, gi beskjed.

 

Deres far Peder Larsen f.ca1699, er kalla Peder København, dansk tambur.

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Oddvar for siste innlegget!

 

I første omgongen høyrest bygdeboki for Fusa noko «mangelfull» ut, men ved nærare leiting har eg no finne:

 

* Anders Larsson, døypt på Os 15.4.1768 - son av Lars Andersson Særvel og Agothe Andersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11620/23

 

Dette må no vel vera «vår» Agatha, sjølv om farsnamnet er feil...  Noki vigsle kan eg likevel ikkje finna for Lars og Agatha...!

 

Kan bygdeboki for Fusa fortelja oss:

 

* Kven var denne Lars Andersson på Særvel?

 

* Litt om lagnaden til Synneva Larsdotter - kan ho ha vore fadder i Bergen i 1771?

 

* Kva heitte kona til den danske tamburen Peder Larsen på Kvale?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordringi!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Oddvar Søreide

Kor ser du Sofie eller er det fadder Jon Torkilsen Scheie du tolker som Sofie?

 

Det paret du viser til, er de her og garden er Særvoll i Os.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=OSVIGDE&gardpostnr=2308&merk=2308#ovre

 

Sønnen Anders g. Brita Storum - Os.

 

************************************************

Peder Larsen g. Marta Andersdatter Skjørsand f. Dalland. Her er giftermål

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=OSVIGDE&gardpostnr=2027&merk=2027#ovre

 

Her er ene dattera gift

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=OSVIGDE&gardpostnr=1772&merk=1772#ovre

 

Her er Synneve gift. Finner ingenting på at ho har vært i byen, men det kan ho jo selvsagt vært

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=OSVIGDE&gardpostnr=2182&merk=2182#ovre

 

Edited by Oddvar Søreide
Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

Her fra bygdeboka for Os, bd 3, side 124-125:

 

Lars Andersson Ytre Haugland, f. 1736 d. 1769, gift 1764 med Agata Andersdtr. Øvredal f. 1728 d. 1807. Agata gift 1770 med Lars Larson Indre Tuen.

Så Særvoll er nok et blindspor.

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

So lenge var Adam i Paradis...  Hjarteleg takk til Oddvar og Lars J. for nye interessante og oppklarande innlegg!

 

For det første, Sophia i førre innlegget mitt var ein «prenteleif» for Agatha, som eg no har retta opp...

 

Men uavhengig av dette; eg er likevel ganske so overtydd om at Agatha Pedersdotter frå Kvale i Strandvik, Fusa må vera ho som i Bergen dukkar opp som kona til Lars Andersson.  Om søsteri Synneva budde i Fusa, er ikkje det lenger unna enn at ho godt kan kunne vore på «bytur» som fadder då søsteri døypte son sin...

 

Dessutan, mor deira heitte Martha, og eldste kjende dotteri etter Lars og Agatha i Bergen heitte Martha Marie!  Klar oppkalling...!?

 

Framleis «famlar» me litt i mørkret etter opphavet til denne huslyden...; hadde me endå greidd å finna vigsli til Lars Andersson og Sophie Pedersdotter ein eller annan stad??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Oddvar Søreide

Link til ekteskapet låg i mitt forrige innlegg, men her har du den igjen.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=OSVIGDE&gardpostnr=2308&merk=2308#ovre

 

Her blir Agathe 2g. Lars Larsen

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=OSVIGDE&gardpostnr=2466&merk=2466#ovre

 

I bygdeboka for OS står det at Agathe døde i 1807 mens Lars Larsen døde 1804.

Her er de i 1801

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011243&gardpostnr=120&personpostnr=2053&merk=2053#ovre

Edited by Oddvar Søreide
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Oddvar for siste innlegget!

 

Truleg har eg uttrykt meg noko unøyaktig...

 

Eg hadde alt etter det føregåande innlegget ditt, Oddvar, sidan stadfest av Lars J., avskrive Agatha Andersdotter som jenta som i Bergen var gift med Lars Andersson.  Kona til Lars Andersson i Bergen heitte Agatha Pedersdotter, og ho var nok frå Kvale i Strandvik.  Kven Lars Andersson, dikselmannen i Bergen, kan ha vore, er framleis eit stort «mysterium»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.