Jump to content
Nasjonalarkivet

Taaraand Johnsdotter Heimdal, fødd i Nissedal 1869 - kva år utvandra denne jenta til Amerika - 1871 eller 1880 eller kva?


Recommended Posts

Eg er i dag vorten konfrontert med ei utvandring som eg ikkje finn ut av:

 

Taaraand Johnsdotter Heimdal var fødd i Nissedal 3.3.1869 som dotter av gardbrukar John Knutson på Heimdal og kona Torborg Knutsdotter frå Støil: https://media.digitalarkivet.no/view/1389/167

 

Taaraand utvandra til Amerika, og under namnet Tilda Knudson gifte ho seg i Worth Co., IA 29.10.1890 med Ole C. Anderson

 

FT1900 oppgjev ikkje noko utvandringsår: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DCBS-QD?i=13&cc=1325221

 

FT1910 oppgjev utvandringsår 1871: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RK4-F6N?i=11&cc=1727033

 

FT1920 oppgjev ikkje noko utvandringsår: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXW-XX3?i=13&cc=1488411

 

FT1930 oppgjev utvandringsår 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHW-QWM?i=24&cc=1810731

 

Eg har søkt etter kyrkjebøker for Nissedal som inneheld flyttelister etter 1870, men finn ikkje nokon i Digitalarkivet (berre klokkarbøker, men dei har ikkje flyttelister)!  Heller ikkje finn eg nokon emigrantar over Christiania som høver med denne huslyden!  Er eg blind?

 

Kanskje nokon kan hjelpa meg finna utvandringsåret hennar Taaraand?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Jeg fant utvandringen på Norway-Heritage. Familien hennes utvandret i 1871 (nr. 8-12): http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=1575&ps=12300

 

Edited by Lars Waaltorp

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.