Gå til innhold
Arkivverket

Til Lars Øyane - Agathe Hansdatter, Lykken


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Hei Lars

Jeg leter i gamle tidsskrift etter slekt, og kom over denne som ikke er i min slekt men som gjerne kan ha interesse for deg. 

 

Norske Intelligenssedler 

26.03.1783

Side: 2

lykken, dale.PNG

 

Det er vel denne: Gards- og ættesoge for Luster kommune. 2 : Dale 1 sokn

image.thumb.png.508a3c364feb67faebdfb31670b19ca7.png

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

39 minutter siden, Dag T. Hoelseth skrev:

Her kunne det vært interessant å vite hvor klippene er hentet fra ...

 

DTH

 

Ja, beklager den..

Opplysninger om kilde lagt til

IM

 

Endret av Ivar Moe
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for ei spennande melding!

 

Opplysningane som kjem i desse «sedlane» finn me òg i skifteprotokollane for indre Sogn, men det er skikkeleg bra at du hentar dei fram, Ivar, for stundom kan det dukka opp overraskelser...!

 

Når det gjeld ervingane etter Agatha Hansdotter, har eg med eitt unnatak (sjå nedanfor) brukbart oversyn over dei.  Ho hadde to brør som budde i Lom, og ein av brorsønene var ei tid i København, men kom heimatt.  Her er kva eg har skrive om brorsonen Hans Tollefson i band III frå Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

a. Hans Tollefson, døypt i Lom 11.4.1749, d. som husmann på Bakkom i Lom 21.4.1832.  Hans tente i åtte år ved den kongelege livvakten til fots i København og sidan i to år hjå grev Rantzau på Brakesborg på Fyn, Danmark, men kring 1780 vende han attende til Lom.  Han gifte seg første gongen i Lom 6.1.1785 med Marit Hansdotter frå Flå i Lom.  Ho vart døypt i Lom 25.11.1756, men d. på Flå alt same året som dei gifte seg, og Hans gifte seg att i Lom 18.4.1786 med Kari Torstens­dotter frå Gutubø i Lom.  Ho vart døypt i Lom 19.3.1761, men vart gravlagd i Lom 1.5.1798.  Hans gifte seg så tredje gongen i Lom 6.12.1800 med enkja Siri Ingebrigtsdotter frå Storøygarden, Garmo i Lom.  Ho vart døypt i Lom 30.3.1749 og d. som kårkone på Bakkom 7.2.1834.  Ho gifte seg første gongen i Lom 18.10.1779 med ein Thore Larsson, men han d. etter få år.  Hans Tollefson tok over som husmann på Bakkom under Gaupar søndre i Lom etter foreldri.  Han fekk fem born, som alle var frå andre ekteskapet, men tredje kona hadde $og minst to born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det kan sjå ut til at Hans er vorten buande noko lenger i Danmark enn det eg har skrive her, for «sedelen» er vel frå 1783...

 

Når det so gjeld søstersonen «Niels Halvorsen der skal være Mester Smeed og boende i Jylland», so er spørsmålet om lagnaden hans i Danmark ein «attgjengar» i Brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/172057-nils-halvorson-fødd-hafslo-1746-københavn-1772-jylland-1782/?tab=comments#comment-1471394

 

Eg står fullstendig «bom fast» når det gjeld lagnaden hans og kan berre vona at ein eller annan kanskje greier løysa denne kjempeutfordringi!

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for å henta fram desse gamle «sedlane» frå arkivi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.