Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'dale'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 5 results

  1. Dette er ein huslyd som eg første gongen arbeidde med tidleg på 1980-talet. Eg fann ut ein heil del den gongen, men stod fast på mange detaljar og særleg lagnadane til dei to yngste sønene, Christen d.y. og Jens. Når eg no tek opp att denne huslyden til nærare studium, finn eg svar på ein god del av dei gamle spørsmåli, som til dømes lagnaden til sonen Jens, som vart prest i Amerika, men Christen d.y. er framleis ei stor gåte. Kvar vart det av han? Og kvar vart det av enkja etter Christen d.e.? Og kven var Nils Iverson som gifte seg med yngste dotteri? Var det han eg har finne frå Meldal? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Anders Jensson Dale, frå Søvde i Dale, var f. 22.12.1817 og gifte seg 10.6.1845 med Kirstina Johannesdotter frå Nedreengi under Talle, f. 27.1.1821. Anders og Kirstina slo seg kring 1845 ned som innerstfolk under prestegarden, og me trur det var på denne plassen i Årstu dei budde. Men alt kring 1852 flytte dei herifrå att, og plassen vart nedlagd på same tidi. Anders og Christine Dale flytte 1852 til Haus, og i fleire år var Anders tilsett ved ullvarefabrikken på ytre Arna. Han dreiv òg ei tid med noko handel, men i 1880 utvandra parfolket til Amerika. Dei slo seg ned nær sonen Ole på ein farm i Cedar Lake township, Barron Co., Wis. der Anders d. 12.5.1901. Christine Dale d. i Cedar Lake, Wis. 12.3.1915. Dei fekk sju born i lag: a. Johanna A. Dale, f. i Luster 19.12.1841, d. på ein pleieheim i Bergen 16.4.1915. Ho gifte seg i Haus 2.7.1866 med Hans Martin Hansen frå Bergen. Han var son av tollbetjent Hans Christian Michelsen i Bergen og andre kona Anna Marie Martinusdotter Rye frå Bergen og f. i Bergen 7.2.1838. Hans var ei tid bakar i Haus, men dei flytte sidan til Bergen der Hans d. som bakarsvein 26.8.1884. Dei fekk ##### (talet på søner og døtrer? - minst to søner! - inkl.: * Alfred, f. Arna 1874 - n. 1900 * Jens Olai, f. DK, Bergen 25.3.1881 - n. 1900) b. Christen A. Dale (1845‑1845), f. og d. i Luster. c. Christen A. Dale, d.e., f. i Luster 4.9.1846, utvandra til Amerika frå Haus i 1867, men d. i Dane Co., Wis. alt 14.3.1871. Han gifte seg i Columbia Co., Wis. 11.11.1869 med Magdeli Johannesdotter frå Seim i Haus, i Amerika kjend som Magdeli Seim. Ho var dotter av gardbrukar Johannes Dagson på Seim, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Ingeborg Andersdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Haus 7.4.1845, men utvandra til Amerika i 1869. Christen og Magdeli Dale budde på Spring Prairie, Dane Co., Wis. den korte tidi dei var gifte, men ##### (what became of Magdeli? - remarried? - date and place of her death?) Christen og Magdeli Dale fekk ei dotter i lag. d. Ole A. Dale, f. i Luster 16.7.1848, utvandra òg til Amerika frå Haus i 1867 og d. i Barron Co., Wis. 23.2.1904. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? - Chicago, IL June 8, 1872?) med Andrena Severson (Kjednas), f. i Dane Co., Wis. 23.8.1853 og d. i Minneapolis, Minn. 20.8.1928. Ole og Andrena Dale farma mange år i Cedar Lake township, Barron Co., Wis., men flytte visstnok siste åri til ein farm i Rice Lake township, Barron Co., Wis. Som enkje flytte Andrena til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Dei fekk tolv born i lag. e. Christen A. Dale, d.y., f. i Luster 1.12.1850, ##### (levde framleis i Haus i 1865 - seinare lagnad?) f. Jens Bremer A. Dale, f. i Haus 29.6.1854, utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret? - 1873?) og d. i Minneapolis, Minn. 22.8.1931. Han gifte seg i Howard, Story Co., Ia. 14.7.1881 med Julia Anna Olson, f. i LaSalle Co., Ill. 23.11.1865. Ho d. i Minneapolis, Minn. 12.8.1963. Jens Dale var prest («Lutheran Minister») ##### (places of residence? - incl. 1900: Twin Valley, Norman Co., MN - 1910/1920: McIntosh, Polk Co., MN - 1930: Dunseith, Rollette Co., ND!) Dei fekk fjorten born i lag. g. Gunnhild, kjend som Nellie A. Dale, f. i Haus 14.9.1856, utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret? - 1870-talet?) og d. i Barron Co., Wis. 15.10.1915. Nellie gifte seg i Barron Co., Wis. 16.8.1882 med Nils Iverson frå ##### (opphavet hans? - kan han vera frå Lilleholte i Meldal: https://media.digitalarkivet.no/view/2395/50 i Amerika kjend som Nels Everson. Han var son av ##### (foreldri hans?) og f. ##### (fødestaden hans? - sjekka datoen?) 8.8.1844, men utvandra ##### (utvandringsåret? - 1872 til Menomonie, Dunn Co., Wis.?) Han d. i Barron Co., Wis. 10.3.1928. Nellie og Nels Everson farma i Cedar Lake township, Barron Co., Wis., men Nels var dessutan vaktmeister, postbod og stasjonsagent («janitor, mail carrier and station agent»). Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan gjera denne biografien meir fullstendig!
  2. Hans Olson Tubbene (1858-1938) og Eli Torbjørnsdotter Fortun (1863-1938) var husmannsfolk på plassen Tubbene under Dale prestegard i Luster. Dei fekk åtte born i lag, eitt av dei døydde ugift i Luster, og fem andre flytte alle til Bergen. Men dei to eldste søskeni reiste heimefrå i ung alder, og lokale folk meinte dei skulle vera flytte til Trondheimskanten: * Elias Hansson Dale, fødd i Luster 10.7.1889 * Olina Hansdotter Dale, fødd i Luster 11.6.1891 Kanskje nokon kan hjelpa meg finna spor etter dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Solveig Holvik

    Slekt nedstammet fra Dale, Meland

    Kirsten født Dale, søster til avdøde Laila Larsdatter Dale, gift Øvsthus. Hva heter hun no og Hvor bor hun evt. Reknar med Kirsten blei født tidlig 1940 tallet. Foreldre var Lars og Mossa (Amalie) Dale. Kan noen samtidig forklare meg hvordan jeg kan besvare innleggene dere evt kommer med? Mvh Solveig Holvik
  4. Nåkon som kjenner Laila Larsdatter Dale. Må vera født midt på 1930 talet. dtr av Mossa (Amalie) og Lars Johannessen Dale?
  5. Hei Lars Jeg leter i gamle tidsskrift etter slekt, og kom over denne som ikke er i min slekt men som gjerne kan ha interesse for deg. Norske Intelligenssedler 26.03.1783 Side: 2 Det er vel denne: Gards- og ættesoge for Luster kommune. 2 : Dale 1 sokn Mvh Ivar
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.