Gå til innhold
Arkivverket

Ludolf Johan Kramer (1775-1845) - den første kjøpmannen på Skjolden i Luster - er det mogeleg å skaffa fram eit oversyn over den utfordrande huslyden hans med forgreiningar til mellom anna Bergen, Amerika, Nordfjord, Haugesund, Sortland og Christiania?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eil lita korrigering av teksten som ikkje skulle komme på trykk (#28):

« Fredrik Henryson Fearley » het Fernley til etternamn, altså med n. Og det vil vere rett å skrive at han var distriktslege også i Mosjøen - eller, om du vil Stadslæge. Eg meiner han hadde denne stillinga frå 1887 til 1897. Fernleys gate i Mosjøen er oppkalla etter han. Opplysningane byggjer på notat frå nekrolog som stod i Nordlands Folkeblad nr. 94/1924.

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for kommentar om skrivemåte av namn!

 

Etter at innlegg #28 vart skrive, har me oppdaga at denne ættegreini IKKJE høyrer til i ætti til Ludolf Johan Kramer, og spørsmålet er soleis «eliminert», men eg er takksam for denne type kommentarar, for det kan so lett snika seg inn feil, særleg når me sit med eit tastatur med små bokstavar, og den sokalla «stavekontrollen» stundom ønskjer å ha eit ord med i laget...

 

Når det er sagt, eg er stadig oppteken av å finna svar på dei siste utfordringane i denne huslyden som kjem fram av manuskriptet i innlegg #75 på føregåande side, og takkar på ny for framifrå bistand for å nå fram til ein noko nær komplett biografi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Hei Lars

 

Er denne Cramer med opprinnelse fra Lærdal i denne slekta og har du bruk for han ?  Kom over han som avdød i Danmark. Kanskje du allerede har identifisert han, må tilstå å ikke ha lest alle innleggene i denne tråden 🙂

 

Rasmus Rolfsen Cramer døpt 1785 i Aardal kirke. Far Albert Schriver Kramer

 

https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&query=%2Bgivenname%3Arasmus~ %2Bsurname%3A"rolfsen cramer"~&collection_id=1520593

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008536243

 

Mvh

Ivar

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget frå onsdag.

 

Kramer-ætti er ganske so omfattande, og sjølv om Rasmus Rolfsen Cramer høyrer til denne ættegreini i Sogn (bror av «hovudpersonen» for dette emnet Ludolf Johan Kramer og samstundes ein dotterson av Sophia Tøgersdotter Nitter frå Luster), fell han liksom «mellom to stolar», og det vert for omfattande for meg i denne omgongen å gå inn på Rasmus i detalj.

 

Men opplysningane som du fann, Ivar, er noterte, og kan henda kjem me attende til mannen på eit seinare tidspunkt!

 

Eg ventar elles framleis på ein rapport frå Mt. Olive cemetery i Chicago, IL om Kramer-ætti som budde der, men truleg er det lite dei kan føya til utover det me alt veit (jmf. manuskriptet i innlegg #75 på førre sida!).  Derimot har me framleis fleire ujtfordringar som kanskj kan løysast «på norsk side», som til dømes desse (utdrag av nemnte manuskript):

 

~~~~~~~~~~~

 

 2. Peter Andreas Ludolfson Kramer, f. i Bergen 17.5.1807,

Peter Kramer flytte òg i ung alder attende til Bergen der han 1.9.1833 gifte seg i Krosskyrkja med Christine Neuenkirchen Ottesdotter Reinertsen frå Bergen.  Ho var dotter av skippar Otto Andreas Berentson Reinertsen i Bergen og kona Anna Dorthea Jansdotter Ellertsen, òg frå Bergen, og f. i Bergen 23.1.1812.  Peter var snikkarmeistar, og han og Christine vart buande i Bergen levetidi ut.  Christine d. i Bergen 2.6.1860, medan Peter Kramer d. same staden 12.5.1869.  Dei fekk sju born i lag:

a. Elisabeth Margrethe Petersdotter Kramer, f. i Bergen 2.9.1833, utvandra til Amerika i 1871 og gifte seg i Chicago, Ill. 10.1.1872 med Nikolai Bernhard Sivertson Sivertsen frå Bergen, i Amerika kjend som Nickolai B. Sivertsen,  Han var son av snikkarmeistar Sivert Olai Sivertsen i Bergen og kona Else Martha Nilsdotter frå Rødneberg i Nordalen og f. i Bergen 28.12.1851, men utvandra òg til Amerika i 1871.  Nickolai var møbelsnikkar («cabinet maker»), og han og Elizabeth vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Elizabeth d. 17.1.1915.  Nickolai Sivertsen d. same staden 11.7.1927.  Dei fekk fire born i lag.

b. Janiche Albertine Petersdotter Kramer, f. i Bergen 29.10.1835,

 

     ##### (ugift i Bergen 1858 – utvandra til Amerika FØR mai 1869 – 1869 gift med kaptein Hansen i Chicago, IL! – lagnaden hennar?)

 

c. Ludolf  Johan Peterson Kramer, f. i Bergen 27.2.1838, d. i Bergen 17.5.1838.

d. Peter Andreas Peterson Kramer, f. i Bergen 26.7.1840, gifte seg i Skåre, Haugesund 17.11.1864 med Ingeborg Helene, kjend som Helene Olsdotter frå Ystebø på Kvitsøy, Rennesøy.  Ho var dotter av strandsitjar Ole Helgeson på Ystebøstrondi under Ystebø, opphavleg frå Hanasand nedre på Rennesøy, og kona Anna Olsdotter frå Kvellandsvik i Nedstrand og f. på Kvitsøy, Rennesøy 9.9.1842.  Peter var ei tid snikkarsvein i Bergen, men han og Helene, i Amerika kjende som Peter og Helen Kramer, utvandra i 1869 til Amerika og busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der Peter etter kvart livnærte seg som trygdeagent («insurance agent»).  Han d. i Chicago, Ill. 18.2.1916, medan Helen Kramer d. same staden 14.1.1920.  Dei fekk ti born i lag.

e. Albert Skriver Peterson Kramer, f. i Bergen 20.1.1846, utvandra til Amerika i 1871 og gifte seg i Chicago, Ill. 30.3.1872 med Betsy Ivanna Mathilde Iversdotter Hartvig frå Bergen, i Amerika kjend som Betsey I. Hartvig.  Ho var dotter av skreddarmeistar Iver Peterson Hartvig i Bergen, opphavleg frå Øygarden i Avaldsnes, og kona Maren Christine Johannessen, òg frå Bergen, og f. i Bergen 6.6.1848, men utvandra til Amerika i 1870.  Albert og Betsey busette seg òg i Chicago, Cook Co., Ill. der Albert var smed og metallarbeidar («tinsmith and sheet metal worker»), men dei flytte frå kvarandre alt kring 1875.  Albert d. i Chicago, Ill. 23.5.1927, medan Betsey Kramer d. same staden 28.8.1930.  Dei fekk ei dotter i lag.

f. Gjert Manasius, kjend som George Peterson Kramer, f. i Bergen 27.10.1849, utvandra òg til Amerika i 1871 og gifte seg i Chicago, Ill. 25.2.1872 med Johanna

 

     ##### (original name?)

 

     i Amerika kjend som Hannah Anderson, opphavleg frå Bergen.  Ho var dotter av

 

     ##### (parents?)

 

     og f. i Bergen

 

     ##### (1900 suggests oktober 1839!)

 

     og utvandra òg til Amerika i 1871.  George og Hannah busette seg likeins i Chicago, Cook Co., Ill. der George livnærte seg som

 

     ##### (occupation? – 1880: worked in picture frame shop – 1900: foreman! – 1910: packer – later cabinet maker!?)

 

     Hannah d. i Chicago,. Ill. 26.1.1902, og George gifte seg 16.4.1903 att i Chicago, Ill. med

 

     ##### (Isabella Olson – born about 1861! – info? – died between 1910 and 1920!)

 

     medan George Kramer d. same staden 14.10.1939.  Han fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet.

g. Ludolph Peterson Kramer, f. og d. i Bergen 8.5.1852.

 

~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.