Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Sølfest Hermundson Bolstad/Moen - fødd i Luster kring 1775 - enkjemann i 1802 - kvar vart det so av han? - ei forsvinningsutfordring!


Recommended Posts

Sølfest Hermundson var fødd på husmannsplassen Kreken under Bolstad i Luster kring 1775 av foreldri Hermund Sølfestson (1730-1785) og kona Anna Jacobsdotter (1741-1814).  Han vart konfirmert i 1791: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000458194

 

Sølfest gifte seg i Luster 8.6.1800 med den mange år eldre Anna Monsdotter Fortun, døypt i Luster 8.1.1758, og i 1801 var dei plassfolk på Haugen under garden Moen i Luster (aldrane er ombytte!): https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398001990

 

Anna vart gravlagd frå Moen 21.2.1802.  Dei hadde ingen born i lag, og Sølfest hadde heller ingen søsken som levde.  Som enkjemann forsvinn han heilt frå Luster, og den store utfordringi er:

 

** Kvar kan det ha vorte av Sølfest Hermundson etter 1802?  Verva han seg kan henda som soldat mot svenskane?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Dag for siste innlegg!

 

Jau, dette er slikt som kan skje, men som ikkje burde ha skjett.  Det ligg so mange uløyste utfordringar både i bygdebokmaterialet mitt og ogso i den private ættetavla mi, so sjølv om eg i regelen søkjer igjennom arkivet i Brukarforum, hender det at emne vert tekne opp på ny.

 

Eg seier meg lei for dette, men vil gjerne få understreka at dette er ei skikkeleg kjempeutfdordring, og alle tips om lagnaden til Sølfest Hermundson frå Luster er av største interesse!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.