Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Ole Torgerson og Mari Halvorsdotter - utvandra frå Austre Slidre i 1852 - kven var dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Ei ny utfordring er i kveld dukka opp i Valdres:

 

Ole Torgerson og Mari Halvorsdotter fekk ei dotter i Austre Slidre:

 

* Dorthe, fødd 27.12.1851 og døypt 8.2.1852: https://media.digitalarkivet.no/view/8996/14

 

Ved denne fødsli er faren sagt vera gardbrukar på Hoverud(?) under Rogne, men då huslyden utvandra våren 1852, heiter det at Ole var innerst på Rudi, men Rogne er tilføyd med blyant: https://media.digitalarkivet.no/view/8996/231

 

Eg har finne to born fødde i Amerika:

 

* Betsey Marie, fødd i Winneshiek Co., IA 13.11.1854

 

* Theodor, fødd i Houston Co., MN 22.10.1856

 

Truleg var Ole og Mari vigde kort før Dorthe var fødd, men eg finn ikkje noki vigsle for dei, korkje i Austre eller Vestre Slidre eller hjå FamilySearch!

 

Kan ein eller annan med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok, fortelja meg:

 

** Var denne bustaden nemnd ved barnedåpen, Hoverud, eit sjølvstendig bruk av garden Rogne i Austre Slidre?

 

** På kva gard/plass var Ole Torgerson fødd/oppvaksen?

 

** På kva gard/plass var Mari Halvorsdotter fødd/oppvaksi?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg trodde det het Øystre Slidre...? Her er kommunens egen hjemmeside:

https://www.oystre-slidre.kommune.no/

 

På www.nb.no finner jeg to bind Valdres bygdebok - Gardar og slekter i Øystre Slidre. 

 

Jeg bare lurer....

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Først når det gjeld kommunenamnet, so veit eg det offisielt heiter Øystre Slidre, men det heiter til dømes òg Østre Toten, Østfold, Østerdalen og Østlandet, men på vårt tilpassa lokale nynorsk vert østre «omsett» til austre, Austre Slidre, Austre Toten, Austfold, Austerdalen og Austlandet.  På same vis seier me til dømes Krosskyrkja for Korskirken i Bergen.

 

Offisielt heiter òg landet Österreich, men i Noreg skriv og seier me både Østerrike (bokmål) og Austerrike (nynorsk)...

 

Men ein språkdebatt høyrer vel ikkje heime her i Brukarforum, so eg går vidare med Ole Torgerson og Mari Halvorsdotter...

 

Eg ser av vigsli på Gol frå 1851 at Mari Halvorsdotter var heimehøyrande på plassen Knaldre under Kinneberg på Gol, medan Ole Torgerson vert referert til Haavi (Hovi) i Austre Slidre.

 

Kyrkjebøkene for Slidre syner at Ole var fødd i Nesjaeiget i Vestre Slidre og kalla Rudi då han vart konfirmert i Austre Slidre i 1842: https://media.digitalarkivet.no/view/9392/10

 

Men når me kjem fram til konfirmasjonen av broren Torger Torgerson i 1851, ser me at dei er komne til Hovi: https://media.digitalarkivet.no/view/8996/119

 

Og då Knut Torgerson vart konfirmert i 1854, står det Rudi i Rogne, d.v.s. Rudi i Rogne sokn(!): https://media.digitalarkivet.no/view/8996/124

 

Og då Ole Torgerson utvandra i 1852, står det jo òg Rudi (i Rogne) på han!

 

Ser ein so litt nærare på dåpen til Dortha frå februar 1852, er det kan henda meint at bustaden skal vera «Hovi-Rudi i Rogne» (sokn)!?

 

Ganske «forvirrande» det heile i mine auge.

 

Eg ser i FT1865 ei enkje Dortha Olsdotter som kårkone på Skomakarplassen under Hovi, men er det enkja etter Torger Nilsson?  http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0544&kenr=009&bnr=0011&lnr=000

 

Etter dette står vel i grunnen to av dei tre spørsmåli frå innlegg #1 framleis ved lag, om enn i litt endra form:

 

** Kvar budde Ole Torgerson og kona Kari ved dåpen til dotteri i 1852?

 

** På kva gard/plass var Ole Torgerson fødd/oppvaksen?

 

Eg vonar at kanskje bygdeboki kan klara opp i dette og takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Jeg klarer ikke å finne så mye opplysninger om familien i bygdebøkene for Østre Slidre. De er omtalt på to bruk under Røe (Rudi):

 

5ab2afd87e17e_Skjermbilde2018-03-21kl_18_52_27.png.91045da22fea5cd67b5841054a403a02.png

 

5ab2b6f64b4c6_Skjermbilde2018-03-21kl_20_46_45.png.298b4e784f7947fe3b6dee61fa7e2288.png

 

5ab2b6f97ae59_Skjermbilde2018-03-21kl_20_47_08.png.ab8845940cd13a32a81cb56efe8c4007.png

 

 

Hovrud var en husmannsplass under Søre Røgne, men jeg kan ikke finne noen omtale av familien der:

 

5ab2b736c9550_Skjermbilde2018-03-21kl_20_03_59.png.7debe86a83e795bf0bdbd43442f779b0.png

 

5ab2b742dc01d_Skjermbilde2018-03-21kl_20_06_07.png.a723fc654ba3a09996d204f5f000f2a8.png

5ab2b8ed21eaf_Skjermbilde2018-03-21kl_20_56_11.png.0fbfac20740aeefae5458099dc546e68.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit spennande og nyttig innlegg!

 

Eg ser at forfattaren går ut ifrå at Torger Nilsson og kona Dortha «strauk» til Amerika, sjølv om eg tvilar litt på dette...  Er det likevel ikkje «vår» Dortha som i 1865 er kårenkje på Skomakarplassen under Hovi?  Er denne plassen omskriven under Hovi i bygdeboki?

 

Elles var det interessant å lesa om Hovrud under Rogne søndre.  Det må heilt klart ha vore bustaden til Ole og Mari i 1852!

 

Eg ser på denne utfordringi som nesten løyst, berre spørsmålet kring Skomakarplassen kunne klargjerast...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Glemte visst å sjekke Skomakerplassen. Men her er det som står om plassen:

 

5ab2ce32b1b91_Skjermbilde2018-03-21kl_22_24_57.png.cfe9741ec75789035621f1915a4540fa.png

5ab2ce24b3ad7_Skjermbilde2018-03-21kl_22_25_11.png.fb0b05ccde11b2e29801cc51d98ba5f7.png

 

Jeg ser at det bare var en Dorthe Olsdatter i FT1801 som passer med alderen til denne Dorthe, og det var nettopp datteren til Ole Olsen fra Rudi: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058265002416

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for nye interessante og nyttige ionnlegg!

 

Då ser det ut til at teorien min stemmer ganske so bra.  Torger og Dortha er tydeleg flytte frå Kleive under Rudi til Bakken (Skomakarplassen) under Hovi søndre ein eller annan gang på 1840-talet!

 

Då ser eg på dette spørsmålet som løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand i denne saki!

 

Alt tyder på at dotteri Dortha må vera identisk med den Dorthea «Dora» Torgeson som gifte seg med Peter C. Anderson i emnet om Christen Andersson Aasen: https://forum.arkivverket.no/topic/219612-christen-andersson-aasen-1818-1906-og-kona-synneva-«susan»-1829-1906-frå-hafslo-til-lake-mills-ia-obituaries-supplerande-opplysningar-om-huslyden-deira/

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.