Jump to content
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

(Andre utgåve av) Slekt i Gloppen / Breim (Nordfjord) - Sogn og Fjordane

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Det er over 7 år sidan eg oppretta dette emnet

https://forum.arkivverket.no/topic/848-slekt-i-gloppen-breim-nordfjord-sogn-og-fjordane/

og i dei åra har eg hatt glede av å hjelpe utruleg mange, og like eins fått hjelp av like utruleg mange. 

 

Sidan den gamle tråden var blitt svært lang, er det freistande å lage ein ny, med same innleiing:

 

"Eg lagar dette emnet for å gjere merksam på at eg har "det meste" av folk som har budd i kommunen vår i basen min (og mykje frå Nordfjord elles), og deler villeg opplysningar med dei som er på leiting etter noko. Samtidig er eg svært interessert i å få vite om folk som har kome frå vår kommune til andre deler av landet - tida før 1865 er mest interessant".

 

Er det nokon som har ei påskenøtt frå dette området, prøver eg gjerne å knekkje :-)

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hei Aase!

 

Eg trur det var fornuftig av deg å starta opp ein ny tråd, og eg går laus med eit nytt spørsmål som er dukka opp hjå meg:

 

Ein enkjemann Arnoldus Nilsson gifte seg i Bergen 25.11.1804 med enkja Anna Susanna Pedersdotter f. Lehn/Lind, fødd kring 1761.  Ho hadde før vore gift med kornmålar Christian Dominicusson Schnell frå Luster (1758-1802).

 

Ser me på undersøkjingskommisjonen 1804/1805, finn me ein Arnoldus Nilsson frå Elvebakke i Gloppen, 48 år: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000013088

 

Dette er vel same mann i FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390015880

 

Dødsfallet til første kona Borni i 1804: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000192867

 

Arnoldus i FT1815: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079015242

 

Dødsfallet hans i 1827?: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000002557

 

Før eg børjar å «grava» meir, kan du fortelja meg kva du veit om denne Arnoldus og eventuelt om andre ekteskapet hans?

 

Takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, det stemmer at dette er ein gloppar - fødd 1753, og foreldra hans er Nils Arnoldson Fitje indre og kona Brite Fastedtr Gimmestad. Dei er førte på Elvebakken ved Arnold(us) sin dåp, har nok budd på ein plass der, sjølv om dei andre tider er skrivne Fitje. Elvebakken og Fitje grensar til kvarande ved Gloppefjorden. 

 

Han gifte seg 1.gong i Bergen 1783, med Borgny Krispinusdtr. Eg veit ikkje kven ho var, men namnet Krispinus er nesten berre kjent med tilknyting til Jølster, så eg tippar ho også har røter der. Det er henne du har funne død i 1804, og Arnold i 1827. (I dette ekteskapet var det ein son Nils som levde opp).

 

Det andre ekteskapet har eg ikkje vore klar over før, så der har eg ikkje så mykje å bidra med. Takkar for tipset!

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for interessant stadfesting!

 

Hjå FamilySearch ser eg at Arnoldus vart døypt frå Elvebakke i Gloppen 17.5.1759.  Kanskje er årstalet feil?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Nei, det er skrivefeil frå mi side, beklagar! Årstalet er 1759. 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for siste rettingi!  Då burde vel denne saki vera grei...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen
54 minutter siden, Ivar Moe skrev:

Er dette en av dine, eller er det Berge inne i fjorden som er fødested til Maria Anna Elisabeth Peters som gifter seg i Westfalen, Prussia ?

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JHC7-JV3

Dette er ei side som eg ikkje kjem inn på; kan du skrive kva det gjeld?

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Atle Jan Westrheim

Maria Anna Elisabeth Peters

Deutschland Heiraten, 1558-1929
Name: Joseph Meyer
Geburtsdatum: 09 Oct 1873
Geburtsort: Suttrop
Alter: 33
Name des Ehepartners: Maria Anna Elisabeth Peters
Geburtsdatum des Ehepartners: 10 Jan 1843
Geburtsort des Ehepartners: Berge, , Sogn Og Fjordane, Norway
Alter des Ehepartners: 30
Ereignisdatum: 12 Jul 1873
Ereignisort: Katholisch, Suttrop, Westfalen, Prussia
Name des Vaters: Caspar Meyer
Name der Mutter: Angela Kraft
Name des Vaters des Ehepartners: Peter Peters
Name der Mutter des Ehepartners: Gertrud Heppelmann

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Det er "eit halvt hundre" Berge-gardar i Sogn og Fjordane; "mitt" Berge er det i alle fall ikkje :-)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hei Aase!

 

Gloppingane driv framleis og spring meg over føtene.  Her er endå ei frå garden Felle i Gloppen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058409002574

 

Peder Rasmusson og Anna Eriksdotter var foreldri til Inger, som gifte seg inn i denne huslyden frå Luster: https://forum.arkivverket.no/topic/221594-anders-olson-ongelsnæs-1762-1812-driftehandlar-i-luster-kvar-vart-det-av-borni-hans-har-han-i-det-heile-tatt-barneborn/

 

Kan du fortelja meg:

 

** Kva gardar i Gloppen hadde Peder og Anna opphavi deira ifrå?

 

** Kvar vart det av Inger Pedersdotter og mannen Daniel Andersson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Inger sine foreldre var Peder Rasmusson Felde (1766-1832) på br nr 1 (Rasmusbruket) på Felde, og kona Anne Eriksdtr Stensaker (1766-1834), frå br nr 3 (Utigard) på Steinsåker. (Gardsnamnet blei vanlegvis skrive Stensaker, men vi bygdefolket seier Steinsåke.

 

Inger fekk sonen Nils utanfor ekteskap i 1819, far Nils Nilsson Øvreset; kva som skjedde med han, veit eg ikkje.

 

Så gifte ho seg med Daniel Andersson i 1824. 

 

Når det gjeld Inger sin vidare lagnad, kan eg ikkje forstå anna enn at det må vere henne vi finn her i 1865,

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038383001295

 

og som avdød her, 02.11.1882. Dødsårsaka er IKKJE barselfeber, det gjeld berre henne ovanfor. 

 

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20071108620469

 

Kva ho eventuelt har hatt av familie i mellomtida, og når ho blei enkje, veit eg ikkje.

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for eit kjapt og avklarande svar!

 

Jau, eg trur nok du har rett med omsyn til Inger Pedersdotter.  Dette tyder at heile søskenflokken som eg leiter etter frå Luster, må ha hamna i Bø.  Eg har no òg oppdaga at den siste av dei, Ole Andersson, gifte seg i Bø i 1835, og i motsetnad til brørne hadde han sju born og stor etterslekt!

 

Eg oppdaterer manuskriptet i hitt emnet og tek òg med den «uekte» sonen som Inger fekk i 1819.  Ein eller annan stad må jo han òg ha hamna...?  Eg reknar med du ikkje har noko imot at han vert oppspora...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Som vanleg berre hyggeleg å hjelpe!

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe

Hei Aase

Dette er gjerne noe du kan ha nytte av, om du ikke allerede har de i samlingen...

 

  gloppen.thumb.PNG.d81f7ae2c72c81331052cf309b985b8e.PNG

 

 

 

 

 

Name:Brithe Oestrem

Event Type:Census

Event Date:1891 - 1895

Event Place:Linköping, Östergötland, Sverige

Event Place (Original):Linköpings, Östergötlands, Sweden

Marital Status:Married

Birth Date:04 Aug 1867

Birthplace:Gloppen Norge

Death Date:-

Volume:domkyrkoförsamling AI 80

Household

Role

Sex

Age

Birthplace

Carl Albert Petersson

Spouse

Kärna

Brithe Oestrem

Gloppen Norge

Carl Birger

Son

Male

Linköping

 

 

Mvh

Ivar

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Tusen takk, denne var ukjend for meg!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
Fornavn: Brithe   Utflyttingsdato: 1898-02-18
Etternavn: Oestreim   Utflyttingssted: Lindhult 4
Fødselsdato: 1867-08-04   Utflyttingssogn: Linköpings domkyrkoförs
Gårdsnavn:     Utflyttingslän: Östergötland
Født sted:     Destinasjon sted:  
Født sogn:     Destinasjon land: Nordamerika
Født län:     Landskode:  
Født sted (utenfor Sverige): Gloppen   Enslig/Familie: F
Født land (utenfor Sverige): Norge   Filnr: 29
Yrke: Hustru   Kilde:  
Alder: 31   Side i Husforhør/Församlingsbok: 1820
Kjønn: K   Nr. i utflyttingsliste:  
Sivilstatus: G

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for denne og! Fleire av syskena reiste til USA direkte, men ho her tok altså då omvegen via Sverige.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

I census 1900 bodde hun i Minneapolis, Minnesota sammen med mannen og sønnen. Feil utvandringsår. I census 1910 er Carl A Peterson enkemann.

 

Name: Breta Peterson
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Election District 6 Minneapolis city Ward 6, Hennepin, Minnesota, United States
Gender: Female
Age: 34
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): W
Relationship to Head of Household: Wife
Relationship to Head of Household (Original): Wife
Number of Living Children: 1
Years Married: 6
Birth Date: Jun 1866
Birthplace: Norway
Marriage Year (Estimated): 1894
Immigration Year: 1882
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Brita Peterson

Minnesota Deaths and Burials, 1835-1990
Name: Brita Peterson
Gender: Female
Death Date: 27 Sep 1906
Death Place: Rochester, Olmsted, Minnesota
Age: 39
Birth Date: 1867
Birthplace: Norway
Race: White
Marital Status: Married
Father's Name: Ostsom
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway

Share this post


Link to post
Share on other sites
Thore Senneset

Hei, Aase!

 

I leitinga etter ein av mine eigne kom eg over ein eg trur må vere frå Gloppen (godt mogeleg du har han frå før av)

 

SAB, Kinn Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1785-1821, s. 231
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070510620025

 

Det er ikkje godt å lese kva den godaste sokneprest Claus Finde skriver (han må ha hatt Parkinson eller noko slikt), men eg trur det står "Matros Ole (...) Barreksten fød i Gloppens Prestegjeld" eller noko slikt

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Mange takk - nei detta var ikkje enkelt å lese! Eg trur nok det er ein eg ikkje har frå før, men kva er patronymet tru..

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Thore Senneset
6 minutes ago, Aase R Sæther - Gloppen said:

Mange takk - nei detta var ikkje enkelt å lese! Eg trur nok det er ein eg ikkje har frå før, men kva er patronymet tru..

 

 

Triksa litt med kontrast og lys, kan det vere at det står "Sebiörnson" eller noko slikt?

Matros_Kontrast.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, det kunne vere eit alternativ - men då har eg ingen passeleg far til han i Gloppen. Det namnet er faktisk ikkje brukt her i kommunen. Eg har ein Ola Sæbjørnson Kjøllesdal i Eid, men han er altfor gammal til å vere matros på denne tida.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Thore Senneset
19 hours ago, Aase R Sæther - Gloppen said:

Ja, det kunne vere eit alternativ - men då har eg ingen passeleg far til han i Gloppen. Det namnet er faktisk ikkje brukt her i kommunen. Eg har ein Ola Sæbjørnson Kjøllesdal i Eid, men han er altfor gammal til å vere matros på denne tida.

 

Enn han her, då:

 

Ole Sæbjørnsen Berrestad (https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000014479)

 

Rett nok er fødestaden i "Undersøkelseskommisjonens rulle over sjømannskap i Bergen 1804-1805" oppgiven å vere Gloppens Comp: 96 Lægd

 

...og då er det nok mogeleg vi skal til Berstad i Eid eller Berstad i Selje i staden og at karen berre hadde vore innom Gloppen ein periode.

Edited by Thore Senneset

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.