Aase R Sæther - Gloppen Skrevet Mars 26, 2018 Del Skrevet Mars 26, 2018 (endret) Det er over 7 år sidan eg oppretta dette emnet https://forum.arkivverket.no/topic/848-slekt-i-gloppen-breim-nordfjord-sogn-og-fjordane/ og i dei åra har eg hatt glede av å hjelpe utruleg mange, og like eins fått hjelp av like utruleg mange. Sidan den gamle tråden var blitt svært lang, er det freistande å lage ein ny, med same innleiing: "Eg lagar dette emnet for å gjere merksam på at eg har "det meste" av folk som har budd i kommunen vår i basen min (og mykje frå Nordfjord elles), og deler villeg opplysningar med dei som er på leiting etter noko. Samtidig er eg svært interessert i å få vite om folk som har kome frå vår kommune til andre deler av landet - tida før 1865 er mest interessant". Er det nokon som har ei påskenøtt frå dette området, prøver eg gjerne å knekkje :-) Endret Mars 26, 2018 av Aase R Sæther - Gloppen Atle Jan Westrheim, Sol Høydalsvik Ulvestad, Harald L. Bakke og 1 annen reagerte på dette 4 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet April 2, 2018 Del Skrevet April 2, 2018 Hei Aase! Eg trur det var fornuftig av deg å starta opp ein ny tråd, og eg går laus med eit nytt spørsmål som er dukka opp hjå meg: Ein enkjemann Arnoldus Nilsson gifte seg i Bergen 25.11.1804 med enkja Anna Susanna Pedersdotter f. Lehn/Lind, fødd kring 1761. Ho hadde før vore gift med kornmålar Christian Dominicusson Schnell frå Luster (1758-1802). Ser me på undersøkjingskommisjonen 1804/1805, finn me ein Arnoldus Nilsson frå Elvebakke i Gloppen, 48 år: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000013088 Dette er vel same mann i FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390015880 Dødsfallet til første kona Borni i 1804: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000192867 Arnoldus i FT1815: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079015242 Dødsfallet hans i 1827?: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000002557 Før eg børjar å «grava» meir, kan du fortelja meg kva du veit om denne Arnoldus og eventuelt om andre ekteskapet hans? Takkar so mykje på førehand for hjelpi! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet April 2, 2018 Forfatter Del Skrevet April 2, 2018 Ja, det stemmer at dette er ein gloppar - fødd 1753, og foreldra hans er Nils Arnoldson Fitje indre og kona Brite Fastedtr Gimmestad. Dei er førte på Elvebakken ved Arnold(us) sin dåp, har nok budd på ein plass der, sjølv om dei andre tider er skrivne Fitje. Elvebakken og Fitje grensar til kvarande ved Gloppefjorden. Han gifte seg 1.gong i Bergen 1783, med Borgny Krispinusdtr. Eg veit ikkje kven ho var, men namnet Krispinus er nesten berre kjent med tilknyting til Jølster, så eg tippar ho også har røter der. Det er henne du har funne død i 1804, og Arnold i 1827. (I dette ekteskapet var det ein son Nils som levde opp). Det andre ekteskapet har eg ikkje vore klar over før, så der har eg ikkje så mykje å bidra med. Takkar for tipset! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet April 2, 2018 Del Skrevet April 2, 2018 Hjarteleg takk til Aase for interessant stadfesting! Hjå FamilySearch ser eg at Arnoldus vart døypt frå Elvebakke i Gloppen 17.5.1759. Kanskje er årstalet feil? Ein ny kjempetakk for hjelpi! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet April 2, 2018 Forfatter Del Skrevet April 2, 2018 Nei, det er skrivefeil frå mi side, beklagar! Årstalet er 1759. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet April 2, 2018 Del Skrevet April 2, 2018 Hjarteleg takk til Aase for siste rettingi! Då burde vel denne saki vera grei... Aase R Sæther - Gloppen reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar Moe Skrevet April 4, 2018 Del Skrevet April 4, 2018 Hei Aase Er dette en av dine, eller er det Berge inne i fjorden som er fødested til Maria Anna Elisabeth Peters som gifter seg i Westfalen, Prussia ? https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JHC7-JV3 Mvh Ivar Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet April 4, 2018 Forfatter Del Skrevet April 4, 2018 54 minutter siden, Ivar Moe skrev: Er dette en av dine, eller er det Berge inne i fjorden som er fødested til Maria Anna Elisabeth Peters som gifter seg i Westfalen, Prussia ? https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JHC7-JV3 Dette er ei side som eg ikkje kjem inn på; kan du skrive kva det gjeld? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Atle Jan Westrheim Skrevet April 4, 2018 Del Skrevet April 4, 2018 Maria Anna Elisabeth Peters Deutschland Heiraten, 1558-1929 Name: Joseph Meyer Geburtsdatum: 09 Oct 1873 Geburtsort: Suttrop Alter: 33 Name des Ehepartners: Maria Anna Elisabeth Peters Geburtsdatum des Ehepartners: 10 Jan 1843 Geburtsort des Ehepartners: Berge, , Sogn Og Fjordane, Norway Alter des Ehepartners: 30 Ereignisdatum: 12 Jul 1873 Ereignisort: Katholisch, Suttrop, Westfalen, Prussia Name des Vaters: Caspar Meyer Name der Mutter: Angela Kraft Name des Vaters des Ehepartners: Peter Peters Name der Mutter des Ehepartners: Gertrud Heppelmann Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet April 4, 2018 Forfatter Del Skrevet April 4, 2018 Det er "eit halvt hundre" Berge-gardar i Sogn og Fjordane; "mitt" Berge er det i alle fall ikkje :-) Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet April 20, 2018 Del Skrevet April 20, 2018 Hei Aase! Gloppingane driv framleis og spring meg over føtene. Her er endå ei frå garden Felle i Gloppen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058409002574 Peder Rasmusson og Anna Eriksdotter var foreldri til Inger, som gifte seg inn i denne huslyden frå Luster: https://forum.arkivverket.no/topic/221594-anders-olson-ongelsnæs-1762-1812-driftehandlar-i-luster-kvar-vart-det-av-borni-hans-har-han-i-det-heile-tatt-barneborn/ Kan du fortelja meg: ** Kva gardar i Gloppen hadde Peder og Anna opphavi deira ifrå? ** Kvar vart det av Inger Pedersdotter og mannen Daniel Andersson? Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet April 20, 2018 Forfatter Del Skrevet April 20, 2018 (endret) Inger sine foreldre var Peder Rasmusson Felde (1766-1832) på br nr 1 (Rasmusbruket) på Felde, og kona Anne Eriksdtr Stensaker (1766-1834), frå br nr 3 (Utigard) på Steinsåker. (Gardsnamnet blei vanlegvis skrive Stensaker, men vi bygdefolket seier Steinsåke. Inger fekk sonen Nils utanfor ekteskap i 1819, far Nils Nilsson Øvreset; kva som skjedde med han, veit eg ikkje. Så gifte ho seg med Daniel Andersson i 1824. Når det gjeld Inger sin vidare lagnad, kan eg ikkje forstå anna enn at det må vere henne vi finn her i 1865, https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038383001295 og som avdød her, 02.11.1882. Dødsårsaka er IKKJE barselfeber, det gjeld berre henne ovanfor. Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20071108620469 Kva ho eventuelt har hatt av familie i mellomtida, og når ho blei enkje, veit eg ikkje. Endret April 20, 2018 av Aase R Sæther - Gloppen Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet April 20, 2018 Del Skrevet April 20, 2018 (endret) Hjarteleg takk til Aase for eit kjapt og avklarande svar! Jau, eg trur nok du har rett med omsyn til Inger Pedersdotter. Dette tyder at heile søskenflokken som eg leiter etter frå Luster, må ha hamna i Bø. Eg har no òg oppdaga at den siste av dei, Ole Andersson, gifte seg i Bø i 1835, og i motsetnad til brørne hadde han sju born og stor etterslekt! Eg oppdaterer manuskriptet i hitt emnet og tek òg med den «uekte» sonen som Inger fekk i 1819. Ein eller annan stad må jo han òg ha hamna...? Eg reknar med du ikkje har noko imot at han vert oppspora... Ein ny kjempetakk for hjelpi! Endret April 20, 2018 av Lars E. Øyane Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet April 20, 2018 Forfatter Del Skrevet April 20, 2018 Som vanleg berre hyggeleg å hjelpe! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar Moe Skrevet April 20, 2018 Del Skrevet April 20, 2018 Hei Aase Dette er gjerne noe du kan ha nytte av, om du ikke allerede har de i samlingen... Name:Brithe Oestrem Event Type:Census Event Date:1891 - 1895 Event Place:Linköping, Östergötland, Sverige Event Place (Original):Linköpings, Östergötlands, Sweden Marital Status:Married Birth Date:04 Aug 1867 Birthplace:Gloppen Norge Death Date:- Volume:domkyrkoförsamling AI 80 Household Role Sex Age Birthplace Carl Albert Petersson Spouse Kärna Brithe Oestrem Gloppen Norge Carl Birger Son Male Linköping Mvh Ivar Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet April 20, 2018 Forfatter Del Skrevet April 20, 2018 Tusen takk, denne var ukjend for meg! Ivar Moe reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Sven Hjortland Skrevet April 20, 2018 Del Skrevet April 20, 2018 Fornavn: Brithe Utflyttingsdato: 1898-02-18 Etternavn: Oestreim Utflyttingssted: Lindhult 4 Fødselsdato: 1867-08-04 Utflyttingssogn: Linköpings domkyrkoförs Gårdsnavn: Utflyttingslän: Östergötland Født sted: Destinasjon sted: Født sogn: Destinasjon land: Nordamerika Født län: Landskode: Født sted (utenfor Sverige): Gloppen Enslig/Familie: F Født land (utenfor Sverige): Norge Filnr: 29 Yrke: Hustru Kilde: Alder: 31 Side i Husforhør/Församlingsbok: 1820 Kjønn: K Nr. i utflyttingsliste: Sivilstatus: G Ivar Moe og Aase R Sæther - Gloppen reagerte på dette 2 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet April 20, 2018 Forfatter Del Skrevet April 20, 2018 Takk for denne og! Fleire av syskena reiste til USA direkte, men ho her tok altså då omvegen via Sverige. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Sven Hjortland Skrevet April 20, 2018 Del Skrevet April 20, 2018 I census 1900 bodde hun i Minneapolis, Minnesota sammen med mannen og sønnen. Feil utvandringsår. I census 1910 er Carl A Peterson enkemann. Name: Breta Peterson Event Type: Census Event Year: 1900 Event Place: Election District 6 Minneapolis city Ward 6, Hennepin, Minnesota, United States Gender: Female Age: 34 Marital Status: Married Race: White Race (Original): W Relationship to Head of Household: Wife Relationship to Head of Household (Original): Wife Number of Living Children: 1 Years Married: 6 Birth Date: Jun 1866 Birthplace: Norway Marriage Year (Estimated): 1894 Immigration Year: 1882 Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Ivar Moe reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Sven Hjortland Skrevet April 20, 2018 Del Skrevet April 20, 2018 Brita Peterson Minnesota Deaths and Burials, 1835-1990 Name: Brita Peterson Gender: Female Death Date: 27 Sep 1906 Death Place: Rochester, Olmsted, Minnesota Age: 39 Birth Date: 1867 Birthplace: Norway Race: White Marital Status: Married Father's Name: Ostsom Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Ivar Moe og Aase R Sæther - Gloppen reagerte på dette 2 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Thore Senneset Skrevet April 23, 2018 Del Skrevet April 23, 2018 Hei, Aase! I leitinga etter ein av mine eigne kom eg over ein eg trur må vere frå Gloppen (godt mogeleg du har han frå før av) SAB, Kinn Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1785-1821, s. 231 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070510620025 Det er ikkje godt å lese kva den godaste sokneprest Claus Finde skriver (han må ha hatt Parkinson eller noko slikt), men eg trur det står "Matros Ole (...) Barreksten fød i Gloppens Prestegjeld" eller noko slikt Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet April 23, 2018 Forfatter Del Skrevet April 23, 2018 Mange takk - nei detta var ikkje enkelt å lese! Eg trur nok det er ein eg ikkje har frå før, men kva er patronymet tru.. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Thore Senneset Skrevet April 23, 2018 Del Skrevet April 23, 2018 6 minutes ago, Aase R Sæther - Gloppen said: Mange takk - nei detta var ikkje enkelt å lese! Eg trur nok det er ein eg ikkje har frå før, men kva er patronymet tru.. Triksa litt med kontrast og lys, kan det vere at det står "Sebiörnson" eller noko slikt? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet April 23, 2018 Forfatter Del Skrevet April 23, 2018 Ja, det kunne vere eit alternativ - men då har eg ingen passeleg far til han i Gloppen. Det namnet er faktisk ikkje brukt her i kommunen. Eg har ein Ola Sæbjørnson Kjøllesdal i Eid, men han er altfor gammal til å vere matros på denne tida. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Thore Senneset Skrevet April 24, 2018 Del Skrevet April 24, 2018 (endret) 19 hours ago, Aase R Sæther - Gloppen said: Ja, det kunne vere eit alternativ - men då har eg ingen passeleg far til han i Gloppen. Det namnet er faktisk ikkje brukt her i kommunen. Eg har ein Ola Sæbjørnson Kjøllesdal i Eid, men han er altfor gammal til å vere matros på denne tida. Enn han her, då: Ole Sæbjørnsen Berrestad (https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000014479) Rett nok er fødestaden i "Undersøkelseskommisjonens rulle over sjømannskap i Bergen 1804-1805" oppgiven å vere Gloppens Comp: 96 Lægd ...og då er det nok mogeleg vi skal til Berstad i Eid eller Berstad i Selje i staden og at karen berre hadde vore innom Gloppen ein periode. Endret April 24, 2018 av Thore Senneset Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå