Gå til innhold
Arkivverket

Holger Christian Johannesson - fødd på Spillemannsneset på Stord (Valestrand) i 1778 - er det nokon som veit kven foreldri hans var og kvar han vart av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg syner til denne dåpen i Valestrand sokn på Stord 31.5.1778: https://media.digitalarkivet.no/view/11672/3

 

Holger Christian heitte barnet, og faren er oppgjeven vera Johannes Spillemannsneset!

 

Eg reknar med det er same Holger som i undersøkjingskommisjonen i Bergen 1804/1805 dukkar opp som reipslagarlærling: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000010792

 

Men om det var han som sidan kalla seg Holm, vart bakarsvein og gift med Anna Haaversdotter frå Fortun i Luster, er kanskje meir usikkert - sjå tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/220996-øyanes-påskenøtt-2018-9-anna-haaversdotter-1793-1873-frå-luster-til-bergen-med-forgreiningar-til-amerika-ei-kjempeutfordring/

 

Eg takkar so mykje på førehand for opplysningar om Holger Christian frå Stord!  Kvar var han eigentleg fødd, og kven var foreldri hans?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12211725&gardpostnr=3248&personpostnr=7362&merk=7362#ovre

En bror, Abel, døpt 6. april 1780.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=3634&merk=3634#ovre

Abel i Undersøkelseskommisjonen 1804-1805, skomakersvenn

 

https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000000996084

Abel Johan Holm gift 23.01.1805 med Karen Sophia Hedewig Fuglum

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8683/61

Både Abel Johan Holm og Karen Fuglum er blant fadrene til Johannes Holm i 1819.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Stord bygdebok 2 - Gards- og ættesoga har dette under plasset Spelemannsneset (s. 349, under Orninggaard):

"Ein som heitte Knut budde der i 1734, og son hans, Johannes, bur der i 1778."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg yakk til Lars J. for nyttige og spennande innlegg!

 

Eg trur me kan slå fast at «vår» Holger Johannesson Holm er identisk med Holger Christian Johannesson frå Spelemannsneset under Orninggaard på Stord,  men båe brør var alt i 1801 i Bergen, og har litt vanskar med å tolka denne bygdeboki for Stord.

 

Korleis kan dei påstå at Johannes på Spelemannsneset i 1778/1780 er son av den Knut som budde der i 1734?  I so fall burde me hatt ei vigsle mellom ein Johannes Knutson Orninggaard eller Spelemannsnæset. og noki slik vigsle finn eg ikkje.  Ein Johannes Knutson gifte seg rett nok på Stord i 1777, men han var frå Fana!!

 

Er verkeleg bygdeboki frå Stord for den perioden me her talar om, so «tunn» på opplysningar?  Namni Holger Christian og Abel var ikkje nettopp dei «vanlegaste», og når me attpåtil ser dei kalla seg Holm, kan vel ikkje dette vera heilt «vanlege» folk!?

 

Kanskje er det nokon som har synspunkt på dette?  Eller finst det andre lokale kjelder me kan konsultera?

 

Spørsmålet om «koblingi» er løyst, men eg vonar på fleire detaljar om foreldri og takkar på ny for alle gode tips!

 

PS: Eg finn forresten ikkje Orninggard eller Spelemannsneset i FT1801 for Stord!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdeboka frå Stord er ganske mangelfull, og det manglar i mange høve koblingar, mellom folk som budde på husmannsplassane og gardane (eller til andre). Har sjølve notert ned med blyant i margen på sidene, det som eg har funne ut, men har diverre ikkje notat når det gjeld personane på "Spelemannsneset". Det står jo heller ikkje noko om i boka, korleis dei kom fram til det som står der, om at Johannes var son til Knut (men kanskje panteregister eller pantebok vera rett kjelde her?)

Endret av Svein O. Tislevoll
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svein for siste innlegget!

 

No skal ein alltid vera varsam med å kritisera arbeidet som kolleger har gjort i bygder der ein ikkje sjølv er kjend, men slik det høyrest ut, er det nok ein del arbeid som absolutt burde ha vore gjort på Stord, men som aldri vart gjort...  Kyrkjebøkene for Stord ser svært so «spinkle» ut, og det er det ikkje nokon som kan gjera noko med i ettertid, men det finst so mange andre kjelder som kan supplera, til dømes skifteprotokollar og ikkje minst tingbøker...

 

Førebels lyt me vel nøya oss med ein heller «spartansk» omtale av foreldri til Holger Christian Johannesson Holm, samstundes som det er lov å vona at ein eller annan kjem over opplysningar som kan ha interesse...  Namni Holger Christian, Abel og Holm er jo litt utanom det «vanlege»...

 

PS: Er det forresten mogeleg å sjå kven som budde på Spelemannsneset ETTER denne Holm-ætti?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det var nok andre metoder å arbeida etter på den tida, og vanskeligare å finna kjelder (uten Digitalarkivet osb.) Og beløp som vart brukt til boka, var vel truleg ikkje stort nok heller. Står at Johannes budde på Spelemannsneset i 1778, og det neste er at i 1798 var det komen ein ny person der: Ola Sveinsson. Han var skomakar. Så er det veldig mange år før neste opplysning frå året 1853, då hadde ein Lars Jansson frå Valestrand plasset/plassen. Han var gift med Cecelie Jensdtr. Holo. Dei hadde ei dotter, Barbro, som var gift med Gudmund Gudmundsson. Han var sagmeister og kjøpte Frugardselvi/elva i 1886 og hadde ho til 1909 då han selde ho. Han sat i verfaren sitt bygsel på Spelemannsneset. Gudmund og Barbro hadde desse borna: 1 Andrea Gurine, gift med Ole Yttredal (etterslekt fra desse to), 2 Barbro, 3.Lovise Cecilie, 4 Jan, reiste til Amerika, 5 Torbjørg, døydde ung, 6 Erling, til Amerika, 7 Magnhild, gift med Knut Ås (bnr. 62 Stord). Så står det etterpå at Lars Jansson var den siste som bygsla på Spelemannsneset. Det ser ut til at Cecelie Jensdtr. Holo, var frå husmannsplasset "Holo" på Leirvik. 

Ola Sveinsson kan vel ha hatt born, for i Stord bygdebok er mange av borna ikkje med, dersom desse ikkje vaks opp, eller var gifte. Bygdebokforfattaren Ola Høyland har skrive dette i føreordet: "Av omsyn til plassen har eg i dei fleste høve sløyfa namni på dei borni som døydde små, og ofte namni på personar som var ugifte og ikkje hadde born etter seg".  

Endret av Svein O. Tislevoll
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svein for siste innlegget frå i går!

 

Då er vel denne Ole Svendson som i 1801 er kalla husmann utan jord og skomakar under Nedre Olland mannen som bokskrivaren refererer til på Spelemannsneset, og som me ser, er ingen born nemnde...

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058372000543

 

Prinsipet om ikkje å ta med born som døyr i ung alder eller var ugifte, kjenner eg frå andre bygdebøker, særleg frå Gulen.  Og då eg i si tid tok over som bokskrivar for Hafslo, hadde forgjengaren min konsentrert seg om konfirmantlistene, heller enn dåpslistene frå kyrkjebøkene...  Sjølv er eg svært oppteken av å skriva om alle personar som har levd, ogso små born, for nettopp dette med levealder og hyppige barnedødsfall er ein del av både soge og kultur som ein ikkje har løyve til å «stikka under ein stol»...  Og argumentet med at ein skal spara plass i ei bygdebok ved ikkje å nemna dei, tykkjer eg er heller «tunt»!

 

Vel, dette tek oss ikkje nærare ei løysing på spørsmåli kring Spelemannsneset, men me får leva vidare i voni...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.